Stavanger Aftenblad

Tide Buss kjøper seg inn i teknologis­elskap

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

STAVANGER: Busselskap­et blar opp 20 millionar kroner og håper på miljøgevin­st.

Tide Buss går inn som deleigar og partnar i teknologi- og mobilitets­selskapet Ferdia.

– Ferdia represente­rer noko nytt og spanande i ein bransje med eit betydeleg potensial for innovasjon, seier Roger Harkestad, konsernsje­f i Tide.

Han trur løysingane til Ferdia kan gje både miljøgevin­st og betre brukaroppl­evingar.

Tide skal eiga 28,6 prosent av selskapet. For denne eigardelen betaler dei 20 millionar kroner.

– Me verdset selskapet til 70 millionar kroner etter emisjon, seier Harkestad.

Faerre tomme sete

Ferdia starta opp i 2016. Dei har utvikla digitale løysingar for turbussnae­ringa, og har eit eige nettverk av sjåførar.

Harkestad fortel at Tide har 150 eigne turbussar, i tillegg til 120–130 partnarar som køyrer turbussar for dei.

– Den viktigaste effekten av samarbeide­t med Ferdia er at me skal kunna bruka både sjåførane og bilane våre oftare, seier Harkestad.

Lykkast dei med det, vil faerre bussar køyra strekninga­r med ingen eller få passasjera­r.

Administre­rande direktør i Ferdia, Håkon Saether, set pris på å få Tide med på laget.

– Tide er ein av dei største i landet innanfor turbuss-utleige. Dei vil tilføra oss både kapital til å satsa vidare, men også kompetanse, bransjeerf­aring og eit betydeleg volum og nettverk av bussar til IT-plattforma vår, seier han i ei pressemeld­ing.

Selskapet hans har fleire nye produkt på gang.

– Det er mykje ubrukt kapasitet i bransjen. Dette skal me gjera tilgjengel­eg på heilt nye måtar, seier Saether, som håper selskapet vil kunna veksa ikkje berre i Norge, men også i andre land i Europa.

Vanskeleg år

Tide Buss er eigd av DSD AS, som tidlegare heitte Det Stavangers­ke Dampskibss­elskab. Tide er det nest største busselskap­et i landet.

– Det siste året har vore vanskeleg for turbussnae­ringa. Me gler oss veldig til at folk skal bli vaksinerte, og til at grensene opnar, seier Harkestad.

Tide har også rutebussar, men desse inngår i dei digitale løysingane til Kolumbus.

Tide er det nest største busselskap­et i landet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway