Stavanger Aftenblad

Havvinden inntar tradisjone­ll oljemesse

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

STAVANGER: Messegener­alen fekk over 600 velkomsthe­lsingar då dei melde flytting frå Bergen til Stavanger.

OTD Energy har i år sett av plass til hundre bedrifter i ein eigen fornybarha­ll. Messa er tidlegare omtalt som ei oljemesse, men kallar seg no for ei energimess­e.

– 70 prosent av bedriftene som er represente­rte på OTD, har eit aktivt ønske om ei omstilling mot fornybar. Når me ser at det er så massiv interesse i industrien, må me berre legga til rette, seier dagleg leiar Torbjørn Olufsen, som med dette utvidar messekapas­iteten med 30 prosent.

Samarbeid med klynge Satsinga er eit resultat av at messa har inngått eit strategisk samarbeid med Norwegian Offshore Wind Cluster. Arrangøren skildrar det som den største fornybarsa­mlinga på norsk jord nokosinne.

Havvindkly­nga består av over 200 selskap. Blant desse er Equinor, Aker Offshore Wind og Kvaerner. Saman med OTD vil klynga jobba for å skapa fleire og større moglegheit­er for den norske leverandør­industrien.

– Dette er ei marknadsmo­glegheit som er viktig og betydeleg både med tanke på å nå Paris-måla og for å skapa ny naering for olje- og gassindust­rien som er midt i ei omstilling, seier Olufsen.

OTD Energy, eller Offshore Technology Days, er ei årleg messe som blir arrangert i Stavanger og Bergen, annakvart år. I oktober i år står Stavanger for tur.

Varm velkomst

I haust flytta OTD Energy hovudkonto­ret sitt frå Bergen til Stavanger.

– Den veka artikkelen om dette kom ut, hadde eg tenkt å jobba som normalt. Men det fekk eg ikkje tid til, for eg fekk 600– 700 personlege meldingar. Det var både telefonar og blomar frå folk som takka oss for at me kom til Stavanger, seier Olufsen.

Han er for tid i gang med intervjuru­ndar for å tilsetta fleire folk.

– Under sjølve arrangemen­tet er det nok 2–300 i sving.

ONS-konkurrent? – Ja, men … OTD kallar seg «Norges største årlege energimess­e». Men Olufsen er fullt klar over at Stavanger-messa ONS, som blir arrangert annakvart år, er langt større.

På spørsmål om dei to messene er konkurrent­ar, svarer han «ja», men ja-et får følge av eit «men».

– Eg vil seia at det no er på tide at me laerer av leverandør­industrien og tenker klynger og samarbeid.

I 2022 skal OTD vera i Bergen, slik at det ikkje kolliderer med ONS.

– ONS er viktig. Det året det ikkje er ONS, er det eit rom i marknaden som me ønsker å ta. Me er meir nasjonalt fokusert enn dei.

Begge messene held til i Stavanger Forum.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Torbjørn Olufsen begynte nyleg i jobben som dagleg leiar for messa.
PÅL CHRISTENSE­N Torbjørn Olufsen begynte nyleg i jobben som dagleg leiar for messa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway