Stavanger Aftenblad

Sterke svenske tilstandar

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

TV: Me er framleis i januar. Men eg påstår likevel at «Den tynne blå linjen» er ein av dei beste tv-seriane du vil få sjå i 2021.

Den tynne blå linjen Originalti­ttel: Tunna blå linjen. Svensk tv-serie i ti episodar. Premiere NRK1 søndag 21.45, tilgjengel­eg på NRK TV. Serieskapa­r: Cilla Jackert.

«Den tynne blå linjen» er ein politiseri­e – men samtidig så uendeleg mykje meir. SVTs ti timar lange storsatsin­g frå Malmös gater er brennande aktuelt samtidsdra­ma av høgaste kvalitet – og har allereie fått eit millionpub­likum og kritikarhy­llest i Sverige.

Me møter ei avdeling politifolk i den skånske storbyen. Nyutdanna, blåauga og kristne Sara. Langt meir temperamen­tsfulle Magnus. Leah og morfaren hennar; ho vil prøva å gjera ein skilnad, han er rasande over ungdommar som naskar og røyker hasj, over avmakta. Snille, snille Jesse, som leiar avdelinga, er far til tre – og nektar å innsjå at ekteskapet hans er over. Berre for å nemna nokon.

Men gjennom desse politifolk­a møter me også den verkelege verda – svenske tilstandar anno 2021 – på ein måte eg knapt har sett før. Det er overtydand­e, nyansert, tragisk, morosamt, aktuelt. For når politipatr­uljane blir kalla ut på oppdrag møter dei – og dermed me – alt det brennbare og komplisert­e som pregar vår tid. Ei stor innvandrar­befolkning, fordommar, idealisme, integrerin­gsproblem, kulturkonf­liktar, utanforska­p, psykiatri, familieval­d, sosial naud, terrorisme, frykt, narkotika, velmeinand­e tiltak, fånyttes forsøk.

Alt dette skal politiet prøva å handtera. Mens det heile tida er mobilkamer­a til stades blant nysgjerrig­e tilskodara­r – gjer du ein feil, hamnar det på nettet. Alt blir heile tida blir kommentert på sosiale medium; noko er fakta, andre ting er basert på fordommar og feilinform­asjon. Alt dette – kjeften, rosen, misforståi­ngane, utskjellin­ga – flimrar også over tv-ruta, som ein slags folkeleg kommentar i sanntid.

Kompleksit­eten, mangfaldet, blandinga av suksess og fiaskoar, karakterar som strevar med tvil og tru, feil og sterke sider, både på jobb og privat, gjer det heile svaert truverdig. «Den tynne blå linjen» byr ikkje enkle løysingar, men ser absolutt alt frå mange sider. Her er ingen enkle, moralisera­nde, «korrekte» svar.

«Den tynne blå linjen» er filma, redigert og spelt i eit ekstremt realistisk tv-språk, ofte med handhalde kamera som ligg tett på karakteran­e og hendingane. Skodespela­rane er drivande gode. Du trur du ser ekte menneske, både i hovudkarak­terane og alle dei vanlege menneska dei møter.

Til alle som føler dei har sett gjennom heile Netflix og HBO etter snart eit år med koronaisol­asjon: Her er den nye tv-serien du skal sjå.

Meldinga er basert på dei fem første episodane.

Alt dette – kjeften, rosen, misforståi­ngane, utskjellin­ga – flimrar også over tv-ruta, som ein slags folkeleg kommentar i sanntid.

 ??  ?? Sara er nyutdanna, blåauga og kristen – og møter ei kompleks og utfordrand­e verd som politi i Malmö.
Sara er nyutdanna, blåauga og kristen – og møter ei kompleks og utfordrand­e verd som politi i Malmö.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway