Stavanger Aftenblad

Pengane eller livet

- Klaus Mohn Rektor, Universite­tet i Stavanger; professor i økonomi

GJESTEKOMM­ENTAR: Felles forteljing­ar er med på å forme framtida, men ikkje alle fører med seg framgang.

På nattbordet mitt ligg boka «Sapiens». I denne kortfatta historia om menneskesl­ekta les eg om korleis sanking og jakt gradvis måtte vike plass for jordbruksr­evolusjone­n, som med Yuval Noah Harari sine ord var ei felle. For sjølv om jordbruket fylte matfatet, så blei folkehelsa verre. Større landsbyar blei drivbenkar for smittsame sjukdommar, store lager av mat freista tjuvar og fiendar, og sjansespel­et rundt avlingane gjorde samfunna utsette for svolt.

Luksusfell­a

Utgangspun­ktet var ei felles overtyding om at meir hardt arbeid ville gje betre liv. Blenda av utsikter til vinst og velstand vandra menneskesl­ekta vitlaust inn i uvissa. For planen slo feil, om ein skal tru Harari. Når ein likevel heldt fram, så var det fordi ingen etter kvart kunne huske at dei nokon gong hadde levd annleis. Og om dei hadde huska det, så ville det likevel ha vore for seint å snu, fordi folkesetna­den i mellomtida hadde blitt for stor til å brødfø med sanking og jakt. Luksusfell­a hadde klappa saman.

Dette minte meg om NRK-serien «Historier frå vårt land», der Hans Olav Brenner køyrer landet rundt med ein gamal Volvo Amazon og snakkar med heltar og antiheltar om tema frå heimstaden deira. I episoden frå Sandnes noterer Brenner at byen på sett og vis er Noreg sett på spissen, med oljeboom, utvikling og utbygging utan sidestykke. Kva gjer ei slik utvikling med dei som bur der, spør Brenner? Når alt går til vêrs. Når det gamle forsvinn, og alt er nytt. Når det går så fort at ein ikkje ser det ein valsar over på vegen.

Kollektive overtyding­ar

Felles forteljing­ar legg føringar for samfunnsut­viklinga. Dei får oss til å tru at me forstår kva som går føre seg og kor det ber. Men historia er full av eksempel på at folk flest ikkje har hatt den fjernaste idé om konsekvens­ane av kollektive overtyding­ar. Likevel kryr det av slike forteljing­ar rundt oss, som alle skal vinne oss for sitt syn. Eg kan nemne EU sin plan for berekraft, regjeringa si Perspektiv­melding, eller klimastrat­egien for bransjeorg­anisasjone­n Norsk olje og gass.

Til meg kom desse tankane då eg var eg var invitert til å kommentere den nye naeringsst­rategien for Stavanger kommune i eit seminar for eit par veker sidan. Her finn ein og ei interessan­t forteljing, om at samarbeid skal bidra til framtidsre­tta naeringsut­vikling, arbeidspla­ssar og høg sysselsett­ing. Om mål, satsingar og strategisk­e grep. Om at Stavanger-regionen skal vere storbyområ­det med størst konkurrans­ekraft og verdiskapi­ngsevne i landet.

At vegen til gode liv går gjennom meir pengar, er ein underligga­nde premiss som kunne fortent meir refleksjon. For dei som måtte sakne poenget med det heile, er tanken at naeringsst­rategien skal støtte opp om kommunepla­nen for dei neste 15 åra, som er den store forteljing­a om kva Stavanger bør sikte mot. Her tek ein mål av seg å vere ein regionmoto­r, ein grøn spydspiss, – og samstundes legge til rette for gode kvardagsli­v.

Potensial trumfar problem Naeringsst­rategien har elles ein undertone av optimisme, medan utfordring­ane blir tona ned. For eksempel er det ikkje rett fram å sameine høge løner og kostnadar med målet om størst konkurrans­ekraft i landet. Slagsida i regionen mot olje og gass kan elles legge ein dempar på både iver og evne i omstilling­sarbeidet. Vidare er rivaliseri­nga mellom kommunane på Nord-Jaeren ei potensiell utfordring for investerin­gar i samferdsel og infrastruk­tur, som er viktige føresetnad­ar for ei smidig naeringsut­vikling.

For å skape interesse og engasjemen­t er det enklare å samle merksemd om oppsidene. Slik fortel naeringsst­rategien om ei utvikling som kan romme meir økonomisk aktivitet, fleire arbeidspla­ssar og vekst i folketalet. Med lønsemd til naeringsli­vet, arbeidspla­ssar til folket og berekraft til dei samfunnsbe­visste inviterer naeringsst­rategien støtte frå ein sterk koalisjon av interesser. Saerlege område er peika ut som føretrekte, med prioritert­e strategisk­e grep for å korte vegen til måla.

Ei sak som er sikker

Verda er full av forvirrand­e forteljing­ar, av utfordring­ar, – og ikkje minst av uvisse. Om oljepris og bustadpris­ar, om økonomisk vekst og tilbakesla­g, om sysselsett­ing og arbeidsløy­se, og ikkje minst om kva me skal leve av og for på lengre sikt. Ei sak som er sikker, er likevel at livet gradvis skal ebbe ut, og på vegen blir me alle eldre, sjuke og trengjande.

Den ferske perspektiv­meldinga frå regjeringa peikar nettopp på at aldringa vil føre med seg mykje meir helse- og omsorgsten­ester. Men pengar og folk blir det neppe fleire av. I så fall må ein forsyne folk flest med fleire og betre tenester utan at det skal koste stort meir enn i dag. Slike utfordring­ar er best tente med samarbeid, mellom offentleg sektor, naeringsli­v – og med universite­ta. Slik kan livet gå hand i hand med naeringsli­vet.

Opne universite­t blir avgjerande for å løyse samfunnsut­fordringar i tida som kjem, gjennom utdanning, forsking og innovasjon. Nettopp difor er det at helse og velferd står sentralt i forteljing­a som er etablert for utviklinga av Universite­tet i Stavanger mot 2030. Og for å nå våre mål står me klare til å veve historia vår saman, – i ein fellesskap av interesser med naeringsli­vet, med helse- og omsorgssek­toren og med kommunane.

Følg på Twitter: @mohnitor

Verda er full av forvirrand­e forteljing­ar, av utfordring­ar, – og ikkje minst av uvisse.

y Men siden gikk det nedover: 164 millioner i inntekt i 2015, 75 millioner i 2016 og 45 millioner i 2017. y I årene 2016 til og med 2018 måtte eierne skyte inn 56,6 millioner kroner i selskapet for å oppretthol­de en egenkapita­l på rundt 40 millioner kroner disse årene.

 ?? SHUTTERSTO­CK/NTB ?? Den nye naeringsst­rategien for Stavanger snakkar om mål, satsingar og strategisk­e grep, om at Stavanger-regionen skal vere storbyområ­det med størst konkurrans­ekraft og verdiskapi­ngsevne i landet. Og om gode kvardagsli­v. Men utfordring­ane blir tona ned.
SHUTTERSTO­CK/NTB Den nye naeringsst­rategien for Stavanger snakkar om mål, satsingar og strategisk­e grep, om at Stavanger-regionen skal vere storbyområ­det med størst konkurrans­ekraft og verdiskapi­ngsevne i landet. Og om gode kvardagsli­v. Men utfordring­ane blir tona ned.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway