Stavanger Aftenblad

Falling Down

-

DRØSET: Alt han ville, var å panta nokre flasker og handla middag.

Var det verkeleg ingen ledige parkerings­plassar? Det var kaotiske tilstandar på parkerings­plassen. Forsøket hans på å sirkla rundt på dei ulike delane blei komplisert av bilar som plutseleg stod stille i underlege posisjonar, av overraskan­de ryggemanøv­rar.

Endeleg var han førstemann til ein plass som blei ledig. Han prøvde å stoppa og gjera seg klar på ein måte som signaliser­te til dei andre desperate sjåførane at han skulle inn her, men på ein måte som ikkje var til bry eller irritasjon. Det gjekk ikkje så bra.

Det regna. Kona hadde sendt med han ein enorm pose tomflaske og boksar med beskjed om å panta. Han løfta posen ut av bagasjerom­met, kryssa innsjøen på parkerings­plassen, kom inn i butikken.

Her var ikkje fleire handlevogn­er igjen. Det vil seia: Her var tre ledige vogner med babysete. Han hadde ikkje baby lenger.

Han gjekk ut på plassen igjen, panteposen stadig tyngre i handa. I ein krok av asfalten stod ei dryppande våt, ledig vogn. Han slengte flaskepose­n oppi og gjekk inn, klissvåt.

Han hadde eigentleg slutta å handla på Obs! laurdagar i totida, men i dag hadde tidsskjema­et gått i dass.

Først trudde han ikkje at pantekøen faktisk var pantekøen. Han hadde aldri sett ein så lang kø før. Men då han så dei stappfulle vognene folk hadde med seg, innsåg han at det var sant. Han hadde aldri før sett så mange tomflasker før. Var det dette folk dreiv på med i koronaen? Samla flasker?

Etter eit kvarter gav han opp køen. Blodtrykke­t hans var i taket, blodsukker­et i kjellaren, han hadde begynt å senda aggressive tekstmeldi­ngar heim med bilete av køen og dei flaskebugn­ande handlevogn­ene.

Tomflaskep­osen gjorde at han ikkje fekk plass til dei enorme posane dopapir og kjøkkenrul­l som var på tilbod. Folk var desperate etter dopapir og kjøkkenrul­l.

Då han kom til smågodtet, måtte han omorganise­ra heile vogna og ta på seg den varme vinterjakk­a han rasande hadde stappa oppi. Forsøket på å løfta sju boksar leverposte­i utan at nokon av dei ramla ut over golvet, mislukkast.

På veg heim, stoppa trafikken ein stad i Hillevåg. Han hadde aldri sett ein så lang kø. Tida gjekk. Det regna.

Han tenkte på Michael Douglas i «Falling Down».

Han hadde eigentleg slutta å handla på Obs! laurdagar i totida, men i dag hadde tidsskjema­et gått i dass.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway