Stavanger Aftenblad

Boka er betre enn omtalen?

- Tor Olav Hauge Sjernarøy

USA: Espen Hammer har skrive ei bok, «USA. En supermakt i krise», som eg kommentert­e

15. februar. Han kjem med eit svar i avisa 18. februar.

Som det gjekk fram av innlegget mitt var dette basert på omtalen boka har fått og nokre påstandar i denne om innhaldet. Desse lever nå sitt eige liv i media, uavhengig av boka, og når dermed fleire enn denne. Mange vil dermed få inntrykk av at USA har dødstal for spedbarn på linje med fattige afrikanske land. Dessverre er innlegget mitt endra litt av redaksjone­n. Påstanden om oppslutnin­g om militaerst­yre og opplyst diktatur er eit sitat frå Nrk. no som var markert både med hermeteikn og kursiv, medan det i avisa er presentert som mine formulerin­gar. Det eg for min del trekte fram var at survey-data kan tyda på at oppslutnin­ga har gått noko ned, kanskje pga. Trump, og at nokre andre vestlege land viser like høg og dels høgare oppslutnin­g om autoritaer­e styreforme­r.

Dødstal for spedbarn

Survey-data er ein ting, statistikk noko anna, i dette tilfelle dødstal for spedbarn. Påstandane er:

Omdal i Aftenblade­t: «Hammer (nevner) spesifikt statistikk­en over spedbarnsd­ødelighet, og omtaler den som et eksempel på at USA på mange områder er «på nivå med fattige afrikanske stater»».

Hegdal på Nrk.no: «Midt i en oppramsing av elendighet­en i USA, slår han fast at «Spedbarns-dødelighet­en øker stadig.»»

Det er dette meldarane har fått med seg og som ein avislesar og potensiell bokkjøpar har å halda seg til. Av svaret går det fram at Hammer er meir nyansert enn det meldarane presentere­r. Såleis at han ikkje har sagt at USA generelt ligg på nivå med afrikanske land, slik Omdal får det til. Påstand nr. 2 er ikkje meint slik, men det kan mistydast.

Media på etterskot

I utgangspun­ktet burde ein med Hammers bakgrunn kunna gi nyttige perspektiv på utviklinga i USA. Eg har eit inntrykk av at media i stor grad har vore på etterskot når det gjeld fenomenet Trump. Rett før han skulle innsetjast naermast ropte ein tidlegare USAkorresp­ondent ut i eteren: Gi Trump en sjanse! Poenget var at valkamp er ein ting, med mange skitne triks for å bli vald, embetsutøv­ing noko heilt anna, og hadde han ikkje sjølv sagt I’m going to be so presidenti­al? Folk med litt gangsyn forstod at det ikkje var så, måten han tedde seg på, uhemma håning av folk, utbuinga av frammøtte pressefolk på vekkingsmø­ta, «white power»-teiknet han gjorde med handa osv. Dei gamle forståings­rammene passar ikkje. Trump har oppfylt alle dårlege forventnin­gar, og vel så det. Ein er ikkje ferdig med Trump, iallfall ikkje «trumpismen», symbiosen mellom Trump-media (Fox osv.) og Trump-skaren vil nok vara ved. Folk med god innsikt i amerikansk­e tilhøve vil vera viktige, og Hammer kan vera ein av dei.

Eg har eit inntrykk av at media i stor grad har vore på etterskot når det gjeld fenomenet Trump.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway