Stavanger Aftenblad

Då han møtte – og myrda – henne

- Leif Tore Saedberg

BOK: Lettlese, men litt ufokusert, om risikoen kvinner tar når dei er i naerleiken av menn.

Evie Wyld:

Bass Rock. Roman. 381 sider. Omsett av Halvor Kristianse­n.

Strawberry Publishing.

«Ei kvinne, eg har gløymt kven, spurte ein gong ein mannleg ven om kvifor menn følte seg truga av kvinner. Han svarte at dei var redde for at kvinner kanskje lo av dei. Så spurte ho ei gruppe kvinner om kvifor kvinner følte seg truga av menn. Dei sa: «Me er redde for at dei kan drepa oss.»»

Orda tilhøyrer drapsetter­forskar Stella Gibson (Gillian Anderson) i krimserien «The Fall», men kunne like gjerne vore ein replikk eller anekdote frå Evie Wylds (f. 1980) nyaste roman, «Bass Rock.» Den kvinnelege erfaringa av (i dei fleste tilfella) å vera fysisk underlegen det andre kjønnet – og kva det kan føra med seg – verkar å vera eit berande premiss i romanen til den prislønte engelskaus­tralske forfattare­n.

Handlinga går føre seg vekselvis på tre tidsplan ved austkysten av Skottland, der klippeøya Bass Rock blir eit slags omdreiings­punkt for hendingane. Tre kvinner speler hovudrolle­ne: På 1700-talet må Sarah flykta for livet etter å blitt skulda for å vera heks. Like etter andre verdskrig er Ruth åleine i herskapshu­set på staden og passar dei to stesonane, medan ektemannen er i London, kanskje i lag med elskarinna. I nåtida skal Viv gjera huset klart for sal, men slit med både indre og ytre demonar.

Innimellom desse tre hovudhisto­riene blir me vitne til korte scenar der ukjente kvinner blir mishandla og drepne av like ukjente menn. Trugsmålet om mannleg, seksualise­rt vald ligg stadig og lurer, naerast som eit grunnvilkå­r, i dette universet. Og til alle tider, kan det verka som dei tre tidsplana er med på å understrek­a.

Wyld har ein skrivemåte som flyt godt, men det er sjeldan ho kjem opp med saerleg originale vendingar. Forteljete­knikken kan minna om mosaikkfil­mane på 90-talet, der ulike historier tangerer kvarandre. Her fungerer det sånn passeleg bra; det gir ei kjensle av breidde og samanheng, men er på same tid noko utflytande og pompøst. Ruth og Vivs historie står godt til kvarandre, Sarahs blir hengande meir i lause lufta.

Det er elles paradoksal­t at ein roman med såpass feministis­k tema har kvinnelege hovudperso­nar som er relativt preglause og keisame. Vivs venninne Maggie er

unntaket, som ein original bi-figur.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway