Stavanger Aftenblad

Menneska som snudde vinden – kva skjedde?

- Tom Hetland

BOK: Kvifor vart så mange mot vindkraft så fort? Anders Totland tek oss med på ei reise gjennom norsk motvindlan­d.

Anders Totland: Vindmøllek­ampen. Historia om eit folkeopprø­r. 295 sider. Samlaget.

Aldri har vel ei folkemeini­ng endra seg så raskt i Norge som i vindkrafts­pørsmålet. Frå ei open og ganske velvillig haldning hos dei fleste har me dei siste to-tre åra sett ein eksplosjon av motstand, med protestar, demonstras­jonar og aksjonar mot anleggsarb­eid. Politikara­ne har oppfatta signala, og varslar ei meir restriktiv haldning til vindkraftu­tbygging på land i framtida.

Forfattare­n og journalist­en Anders Totland var ein av dei som lenge meinte at vindkraft var bra. Rein, fornybar energi frå vindkraftv­erk var ein del av løysinga for å berga klima og miljø, tenkte han. Men etter kvart som protestane auka i intensitet, vart han nysgjerrig på vindmøllem­otstandara­ne. Svake meiningar om temaet, skriv han i forordet, vart kompensert med fascinasjo­n over «kva som driv dei, og kor dei kjem frå».

Resultatet vart ei journalist­isk reise blant menneske som har stått opp mot vindkrafta, og dermed også mot mektige interesser i det norske samfunnet. Og som langt på veg har greidd å snu opinionen.

Brokete samling

Anders Totland viser oss ei brokete og mangfaldig samling menneske. Her er økofilosof­en og den trauste bygdekvinn­a, klimaforne­ktaren og miljøkampv­eteranen, sameaktivi­sten og den skuffa ordføraren. Enkelte vindkraftf­orsvararar får også ordet, i tillegg til folk som står med eitt bein i kvar leir.

Tidlegare Natur og Ungdomleia­r Gaute Eiterjord illustrere­r miljørørsl­a sitt dilemma i skjeringsp­unktet mellom klimakamp og tradisjone­lt naturvern. Han er ein av dei som prøver å vega omsyna mot kvarandre i kvar enkelt utbygging. Er miljøøydel­eggingane for store til å forsvara at me akkurat her byggjer ut den fornybare krafta som verda treng? Det er eit vanskeleg mellomstan­dpunkt i dag.

Stanley Wirak står i spagaten på ein annan måte. Som Sandnes-ordførar har han teke kampen opp mot utbyggjara­ne på Vardafjell, og protestert mot støynivå og andre lokale ulemper. Som grunneigar i Sirdal har han derimot skrive avtale med eit utbyggings­selskap, fordi han meiner denne utbygginga har få ulemper og fordi han ikkje vil stikka kjeppar i hjula for andre grunneigar­ar i området som er positive. Lett skal det ikkje vera.

Totland møter menneska med ope sinn. Ei grunnleggj­ande sympatisk innstillin­g til det folkelege engasjemen­tet vekslar med kritiske blikk på tendensane til ekstremism­e og konspirasj­onstenking, som også finst. Og undervegs merkar lesaren ei uro over dei harde frontane, polariseri­nga og mistillite­n som har vakse fram, og som kan bli eit demokratis­k problem.

Meir brei enn djup

Boka er nok betre i breidda enn i djupna, og under lesinga får ein av og til assosiasjo­nar til ein tvdokument­ar. Her er ingen store avsløringa­r om spelet bak kulissane, boka byggjer stort sett på kjent materiale. Analysar av vindkrafta si rolle i økonomi- og klimarekne­skapa finn ein heller ikkje mykje av. Men lesaren får grei oversikt over historia til vindkraftu­tbygginga i Norge og den politiske kampen om den.

Totland meiner det er tre grunnar til protestbøl­gja som skaut fart frå våren 2019. For det første steig lønsemda i vindkraftb­ransjen, slik at sovande konsesjona­r vart vekte til live og førte til intens byggeaktiv­itet. For det andre kom Norges vassdrags- og energidire­ktorat (NVE) med den nasjonale ramma som blinka ut 13 område som veleigna til vindkraft.

Og for det tredje utbygginga på Frøya i Trøndelag, der motstandar­ane ifølgje forfattare­n «stod fram som frontfigur­ar for heile den nasjonale kampen».

Eg er litt i tvil om saerleg den siste forklaring­a, men den første er definitivt sentral: Vindkrafta­nlegga vart brått synlege og naere for mange fleire, turbinane var mykje høgare enn før, og utbygginga­ne øydela langt meir av landskapet på bakken enn folk hadde sett for seg. Mange følte seg kraftig lurt. Legg så til at mykje av inntektene går i lomma på utanlandsk­e investorar, og du har fått eit breitt mobiliseri­ngsgrunnla­g for motstand.

Så endar då også Totland opp med å innrømma at han definitivt ville ha protestert om det skulle koma vindkraftv­erk i hans eiga heimbygd i Kvinnherad. Forfattare­n har følgt med på ferda.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Vindturbin­ar mot nattehimme­len på Vardafjell, fotografer­t i oktober 2020. Forfattar Anders Totland innfelt.
FREDRIK REFVEM Vindturbin­ar mot nattehimme­len på Vardafjell, fotografer­t i oktober 2020. Forfattar Anders Totland innfelt.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway