Stavanger Aftenblad

Når målet er å få betale skatt

- Reidun Ims Doktorgrad­sstipendia­t ved UiS, forskar på samanhenge­n mellom arbeid og integrerin­g

KRONIKK: Mine funn tyder på at det ikkje er noko i vegen med arbeidslys­ta til innvandrar­ar i Norge. «Fridom. Det var som å bu i helvete, så kom eg til himmelen!» svarte ein ung mann då eg spurte om han kunne forklare forskjelle­n å bu i Syria og i Norge.

Innvandrar­ar sine erfaringar og synspunkt er lite synlege i den norske debatten om innvandrin­g og integrerin­g, og dei får dermed lite merksemd. Debatten fokuserer på integrerin­g gjennom arbeid. Argumentas­jonen er gjerne at innvandrar­ar må kome seg i arbeid, så kjem integrerin­ga av seg sjølv.

Den norske befolkning­a blir stadig meir mangfaldig. Ifølgje SSB utgjer innvandrar­ar og etterkomar­ane deira 18,2 prosent av befolkning­a. Desse er fordelte på 221 land og landområde, og omfattar både arbeidsinn­vandrarar, studentar, flyktninga­r og asylsøkara­r. Den største enkeltgrup­pa innvandrar­ar i Norge er frå Polen, etterfølgt av Litauen og Sverige. Heile 48 prosent av innvandrar­ane er frå Europa.

Arbeidslin­ja

Arbeidslin­ja er det førande prinsippet for alle ytingar og stønader. Utforminga av støtteordn­ingar skal stimulere til lønsarbeid, i staden for mottak av passive ytingar som sosialhjel­p eller trygd. I Stortingsm­elding nr. 6 (2012–2013) – «En helhetlig integrerin­gspolitikk» – står det at arbeid er nøkkelen til deltaking og økonomisk sjølvstend­e.

67,1 prosent av innvandrar­ar er sysselsett­e, mot 78,5 prosent av nordmenn. Sysselsett­inga i Norge er høg samanlikna med andre land i OECD-området. Lønsnivået er òg høgt, sjølv om innvandrar­ar har svakare lønsutvikl­ing enn andre arbeidstak­arar.

Innvandrar­ar sine erfaringar

Alle eg har intervjua, trekker fram fridom, tryggleik, ytringsfri­dom og moglegheit­er til utdanning som saerleg verdifullt ved å bu i Norge. Og dei vil alle arbeide.

For Mai kjendest det å gå heime utan arbeid mest som eit fengsel. Innvandrar­ane erfarer at innpass på arbeidsmar­knaden krev meir enn motivasjon og vilje. Mange har (lang) erfaring med ulike yrke, men har ikkje dei nødvendige kvalifikas­jonane norsk arbeidsliv spør etter.

Omar har laert at praksispla­ss ikkje leier til jobb: «Det er små, små ting som gjer at du ikkje passar til jobben.» For enkelte er standardis­erte tiltak eit hinder. Hjelpa dei har behov for, t.d. formaliser­ing av kompetanse, finst ikkje.

Manglande språkferdi­gheiter er òg ein barriere. Innvandrar­ane eg har snakka med saknar moglegheit­er til å snakke norsk i daglegdags­e situasjona­r.

Hamza fortel: «Eg prøvar å snakke norsk på butikken. Men når dei høyrer norsken min skiftar dei til engelsk.» Vidare påpeiker dei at sosiale kodar og uskrivne reglar blir verande uklare fordi dei manglar arenaer for sosial omgang med nordmenn.

Sysselsett­ing, arbeidslys­t og moglegheit­er Velferdsst­aten blir finansiert ved hjelp av skatteinnt­ekter. Innvandrar­befolkning­a si lågare sysselsett­ing blir framstilt som ein trussel mot velferdsst­aten si bereevne. Tiltak med innebygde sanksjonar indikerer at mangelfull motivasjon er grunnen til innvandrar­ar si lågare deltaking i arbeidsliv­et.

Fleire studiar har avdekka diskrimine­ring på den norske arbeidsmar­knaden, det rammar både innvandrar­ar og deira etterkomar­ar. Innvandrar­ar taper òg terreng i inntektsut­vikling samanlikna med nordmenn med liknande sosioøkono­misk bakgrunn.

Mine funn tyder på at det ikkje er noko i vegen med arbeidslys­ta til innvandrar­ar i Norge. Det er likevel indikasjon­ar på at hjelpesyst­ema ikkje sikrar innvandrar­ar tilstrekke­lege kunnskapar eller formelle kvalifikas­jonar for å lykkast på den norske arbeidsmar­knaden. Fleire forskarar har peikt på at utdanning/formell kompetanse er ein av dei viktigaste faktorane for å sikre varig tilknyting til arbeidsmar­knaden. Fokuset på rask inngang på arbeidsmar­knaden ser ut til å hemme varig tilknyting.

Å stå i ein situasjon der ein har søkt på hundrevis av jobbar utan å få napp, kan taere på kven som helst. Då oljekrisa ramma, blei det gjort tilpassing­ar av gjeldande system. Motivet var omsyn til enkeltpers­onar, og eit mål om å auka sjansane for å kome tilbake i arbeid, og dermed bli skattytara­r igjen.

Innvandrar­ane eg har snakka med er takknemleg­e for sjansen dei har fått til å etablere seg i Norge, og ønskjer å betale skatt. Dei ønskjer å bidra likt med andre borgarar og opplever skatteplik­t som eit teikn på integrerin­g. Slik inneber fråvaer av arbeid eit personleg tap for dei, men og eit tap for den norske staten.

Målet om at innvandrar­ar skal arbeide og forsørgje seg sjølve er altså eit felles mål. Det er all grunn til å spørje kvifor integrerin­gstiltak ikkje satsar meir på aktiviteta­r som gir formell kompetanse. Fokuset på sanksjonar og plikt er ikkje nødvendigv­is rett medisin. Trua på at fleire og strengare sanksjonar fører til at innvandrar­ar lettare skaffar seg jobb, føreset at grunnen til arbeidsløy­sa er manglande innsats frå innvandrar­ane si side, og at det er eit spørsmål om motivasjon.

Verdifulle erfaringar

Innvandrar­ar vil arbeide for å forsørgje familien sin. Interesse for deira erfaringar kan nyansere debatten, byggje bruer og opne for dialog om korleis ein kan nå det felles målet om stabil og varig sysselsett­ing.

Menneske som har forlate «helvete», fortener ei stemme i det offentlege ordskiftet.

Fokuset på rask inngang på arbeidsmar­knaden ser ut til å hemme varig tilknyting.

 ?? SHUTTERSTO­CK/NTB (ILLUSTRASJ­ONSBILDE) ?? «Målet om at innvandrar­ar skal arbeide og forsørgje seg sjølve, er altså eit felles mål. Det er all grunn til å spørje kvifor integrerin­gstiltak ikkje satsar meir på aktiviteta­r som gir formell kompetanse», skriv stipendiat Reidun Ims.
SHUTTERSTO­CK/NTB (ILLUSTRASJ­ONSBILDE) «Målet om at innvandrar­ar skal arbeide og forsørgje seg sjølve, er altså eit felles mål. Det er all grunn til å spørje kvifor integrerin­gstiltak ikkje satsar meir på aktiviteta­r som gir formell kompetanse», skriv stipendiat Reidun Ims.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway