Stavanger Aftenblad

Den gode gjetaren

- Ellen Nordtun Sokneprest i Hillevåg menighet

DAGENS ORD: Johannes 10,11–21. I dagens bibelord seier Jesus: «Eg er den gode gjetaren.»

Bilete av Jesus som den gode gjetar, har mange i vårt indre; frå søndagssku­len, frå flanellogr­afen, frå altertavle­r. Jesus som den kjaerlege, omsorgsful­le, gode gjetaren og leiaren. Bilete som skaper tryggleik om at Jesus passar på oss. Tidlegare pave Benedikt har sagt følgjande om dette biletet av Jesus «I sin inkarnasjo­n og i sitt kors der han baerer den bortkomne sauen – menneskehe­ten – hjem, baerer han også meg. Ordet som ble menneske, er den sanne «sauebaerer­en» - hyrden som følger oss gjennom vårt livs tornekratt og ørken. Blir vi boren av han, kommer vi hjem. Han har gitt sitt liv for oss. Han er selv livet.»

Me veit jo alle at livet ikkje alltid er så enkelt – og stundom kan me stå i situasjona­r der me ikkje kjenna at me har englevakt.

Me er ein del av ei verd der vonde ting skjer. Eit usynleg virus har sett verda ut, og der svaret på gudsnaerva­eret i livet vårt, ikkje alltid harmonerer med bibelkorte­t med bilete av Jesus som passar på.

Kanskje må me utvida dette bilete litt – til ikkje berre å gjelda i fare eller i dramatiske hendingar i livet, men at heile oss; våre liv, vår tru og vår eksistens vert boren av den gode gjetar, me må opna opp og gje plass. «Blir me boren av Han, kjem me heim.» La oss ta med oss desse orda.

For på skuldrene til den gode gjetaren er det plass til både tru, tvil, uvisse, sinne, glede og fred. Me blir boren av Jesus Kristus, gjetaren og leiaren, av han som gav livet sitt for oss, av han som oppstod frå dei døde, av han som er sjølve livet. Denne gjetaren snur seg aldri bort, sviktar aldri og går aldri lei oss.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway