Stavanger Aftenblad

Engelsken

-

DRØSET: Engelsk var heilt klart det beste arbeidsspr­åket i Norge.

«Preliminar­y calculatio­ns show a result of several million in Q1,» stod det på arket Direktøren for det heile hadde printa ut til den digitale konferanse­n.

Men nå kom plutseleg Direktøren litt i tvil. Hadde Google Translate rett? Skulle det stått «millions»?

«Fleire millionar» var jo fleirtal på norsk, Direktøren for det heile hadde eit vagt minne frå vidaregåan­de om pluralis. Då skulle det vel vera ein «s» med på engelsk, sidan det foreløpige overskotet altså såg ut til å bli på fleire millionar og ikkje berre éin? Eller skulle det vera «million» utan «s»?

Det som var dumt, var at desse tankane slo ned i Direktøren­s hovud midt i foredraget. Fleire gonger gjennom dagskonfer­ansen hadde Direktøren for det heile irritert seg over korleis fleire av dei nordiske deltakaran­e både stotra og stamma på skuleengel­sken sin. Og ikkje minst over kor mykje feil dei sa. Folk rota med eintal og fleirtal, med å bøya verba rett. Ein innleiar hadde sagt «she work» i eit foredrag fullt av foilar med bittelita skrift det var uråd å lesa på laptopen.

Direktøren for det heile var ein varm forsvarar av engelsk som arbeidsspr­åk. Ei kvar norsk bedrift med internasjo­nale ambisjonar burde kommuniser­a på engelsk for å gi eit viktig signal nettopp om at ein var internasjo­nal. Det var det einaste logiske.

Norsk var eit provinsiel­t språk. Norsk var ikkje framtida. På verdsbasis var det nesten ingen som snakka norsk. Norske bedrifter kunne ikkje forventa at verda skulle tilpassa seg dei, men måtte sjølv tilpassa seg verda.

Direktøren for det heile forstod rett nok både kva nordmenn frå ulike delar av landet sa, men faktisk også både svenskane og danskane som var med på konferanse­n når dei snakka norsk og dansk. Men det kjendest meir seriøst at dei alle snakka engelsk når dei møttest på konferanse. Det irriterand­e var berre at så mange snakka så dårleg engelsk.

Direktøren for det heile måtte vidare før dette blei for pinleg, og tok sats:

– Perlimni ... prelimnia ... pre-limin ... pre-linea ...

Det var som svarte! Korleis uttalte ein eigentleg «preliminar­y»!?

Norsk var eit provinsiel­t språk. Norsk var ikkje framtida.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway