Stavanger Aftenblad

Skokremen

-

DRØSET: Dei skulle snart gå. Han skulle berre ta på skokrem først.

Dei skulle ha gått for fem minutt sidan. Han hadde eigentleg tenkt å gå i den blå t-skjorta og tøysko. Men då ho stilte i sølvskimra­nde topp og begynte å prøva sko, innsåg han at han måtte heva ambisjonan­e.

Dei skulle på restaurant. Dei hadde gleda seg lenge til å kunna gå på restaurant igjen – og denne veka hadde dei endåtil ting å feira.

Han tok på seg ei av dei kvite skjortene han tenkte han burde gått med oftare. Og så kom han på dei tøffe svarte skoa han ikkje hadde brukt på aldri den tid. Han fann dei langt inne i eit skap.

Men då dei var vel påsnørte – saerleg behagelege hadde dei aldri vore, og dei hadde begynt å losna frå sålen – la han merke til at dei var oppskrapte på tuppen.

– Drit i. Ingen ser det, sa ho, som for ei gongs skuld var klar.

Han ombestemte seg då dei kom ut i dagslyset på trappa. Bråsnudde.

– Har me ikkje sånn svart skokrem? sa han.

– Me skulle gått for fem minutt sidan. Ingen ser på skoa dine, sa ho.

Boksen med skopussesa­ker låg øvst i skapet og var komplisert å få ut. I sitt indre hadde han sett for seg ein dings med ei pute på tuppen der ein lett la på litt krem og pussa i same operasjon. Men det hadde dei ikkje.

Han fann ei tube med svart skokrem, vrei av korken, sette foten mot trappa inne i gangen og førte tuten mot spissen. Sjølv utan klemming, rann svart farge ut over skoen. Og teppebiten i trappa som skulle hindra dei i å skli. Og den kvite trappa.

Han prøvde å få tak i ein klut og tørka opp utan at ho såg han. Forsøket førte til at han klinte svart skokrem ut over teppebiten, trappa, kluten og handa. Ho såg han.

– Kom deg ut, sa ho. Han begynte å virra rundt i gangen. Det kom svarte flekkar på golvbelegg­et også. – Ut! kommandert­e ho.

Han treiv den øydelagde kluten, hinka ut, prøvde å pussa tuppane på skoa.

Då dei endeleg hadde gått, la han merke til at fingrane hans såg ut som dei hadde blitt dyppa i blekk. Den kvite skjorta var ikkje lenger berre kvit.

– Når me kjem heim, skal du få skrubba golvet, sa ho.

Men skoa var blanke og svarte.

Han prøvde å få tak i ein klut og tørka opp utan at ho såg han.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway