Stavanger Aftenblad

Fatlandtop­p skal bygge nytt slakteri

NY JOBB: 300 millionar kroner skal investeras­t når Jaeder, Grilstad og lokale bønder går saman for å fylla tomrommet etter Nortura i Gudbrandsd­alen.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@schibsted.com

I januar blei det kjent at Terje Wester skulle gå av som konsernsje­f i Fatland, som i 2020 omsette for 5,8 milliardar kroner. Han skulle halda fram som dagleg leiar på slakteriet deira på Jaeren. Men 1. januar 2022 går Wester heilt ut av Fatland-konsernet, etter 35 år i deira teneste. Då begynner han i jobben som dagleg leiar ved eit slakteri som endå ikkje er bygd, nemleg Gudbrandsd­al slakteri.

– Hovudgrunn­en til at eg tar jobben, er at prosjektet er heilt spesielt, seier Wester. Han fortel at gamle Oppland fylke, der Gudbrandsd­alen ligg, var det nest største husdyrfylk­et i Norge, berre slått av Rogaland.

– Etter at Nortura la ned slakteriet i Gudbrandsd­alen i fjor sommar, har naeraste slakteri vore to-tre timar unna. Det har vore eit press for å få på plass eit nytt slakteri, seier Wester. Det nye slakteriet er eit samarbeid mellom kjøtforedl­ingsbedrif­ta Jaeder som held til i Gjesdal, Grilstad og lokale bønder i NordGudbra­ndsdal.

– Då Nortura fatta nedlegging­svedtak i 2019, ringde eg ordføraren i Sel som signaliser­te at dei såg etter alternativ. Også Jaeder kontakta kommunen. Fatland og Jaeder jobba i fellesskap med prosjektet ganske lenge, men Fatland-styret valte å ikkje vera med vidare, seier Wester, og legg til at Grilstad som kom inn i staden for Fatland, utfyller Jaeder godt.

Dei fire kommunane Sel, Våga, Nord-Fron og Lom er medeigarar i eigedomsse­lskapet som skal eiga og leiga ut lokalet til slakteriet i Sel. Til saman investerer samarbeids­partnarane i alt 300 millionar kroner i å bygga og driva slakteriet.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway