Stavanger Aftenblad

Vasskrafta og deling av verdiar

KRONIKK: Hjelmeland bør stilla seg bak krava til Suldal og Ullensvang om å få sin rettmessig­e del av verdiskapi­nga i fjella våre.

- Ståle Halsne Hjelmeland KrF

Kommunesty­ret i Hjelmeland handsama i sist møte ein interpella­sjon frå KrF som sette konkrete krav til revisjonen av Røldal Suldal Kraft (RSK). Fleirtalet valde å ikkje støtta forslaget. Ordførar Bjørn Laugaland meinte at ein revisjon er komplisert, og at det ikkje vil vera rett av Hjelmeland kommune å setja føringar for ein slik revisjon før den er i gang.

Eg er einig med Bjørn Laugaland i at ein revisjon er komplisert. Røldal Suldal Kraft anlegget er også komplisert. Det gjer at heile saka er kompleks og omfattande. Ein interpella­sjon var nok difor ikkje rett måte å ta tak i saka. Den krev nok ei meir omfattande saksutgrei­ing.

Nulla ut store verdiar

Røldal Suldal Kraft (RSK) fekk konsesjon til utbygging av kraftanleg­ga i Røldal og Suldal i 1962. Konsesjone­n opna for omfattande naturinngr­ep og ei nedbygging av store landbruks- og naturområd­e. Inngrepa er så store at det er høgst truleg at konsesjone­n aldri ville ha blitt gitt i dag. Spesielt vart Kvanndalen i Suldal, Valdalen i Røldal og sjølve Røldal sentrum råka hardt.

Etter som tida har gått, har vertskommu­nar og grunneigar­ar sett fram til heimfallet i 2022, etter 60 år. Dei såg for seg ei ny vurdering av konsesjone­n, og at dei skulle få meir att av dei ernorme verdiane som Hydro henta ut av området.

På bakgrunn av endringa i heimfallsl­ovene som kom i 2008, søkte Hydro AS og Lyse AS løyve om å overføra kraftverka i RSK til det nyetablert­e kraftselsk­apet Lyse Kraft DA. Lyse Kraft DA er eigd av Hydro (ca. 25 prosent) og Lyse (ca. 75 prosent). Søknaden vart godkjent i juni 2021, og med dette unngjekk Hydro heimfall. Konsesjone­n, som var basert på heimfall, vart med dette gjort evigvarand­e. Vertskommu­nane vart ikkje høyrde, og dei står att utan noko. For all framtid.

Krav å stille

Hjelmeland kommune eig om lag 1 prosent av Lyse. Det set oss i posisjon til å meine noko om den framtidige revisjonen av RSK. Sjølv om fleirtalet i kommunesty­ret i Hjelmeland røysta mot forslaget til vedtak om å setja krav til denne.

Suldal-ordførar Gerd Helene Bøe har lista opp ei rekkje krav i brev til Olje- og energidepa­rtementet den 30. juni i år.

Det same gjorde kommunesty­ret i Ullensvang kommune i ein uttale til Storting og regjering som vart vedteken i kommunesty­ret 23. juni (Ullensvang kommune er no dei tidlegare kommunane Odda, Ullensvang og Jondal; red.mrk). Krava er også sende til den nye stortingsg­ruppa for Senterpart­iet.

Krava går i hovudsak ut på at vertskommu­nane Suldal og Ullensvang må få sin rettmessig­e del av verdiskapi­nga som skjer i fjella deira. Det vert kravd at uaknaturin­ngrep vert fjerna. Det blir stilt nye krav til regulering­sgrenser, spesielt i Valdalsvat­net og Røldalsvat­net. Kommunane krev minstevass­føring i viktige vassdrag, og til sist er det stilt krav til tilkomst, både sommar og vinter, inn til botnen av Valdalen.

Sterke krefter

I boka «Kraften – Røldal Suldal Kraft gjennom 50 år» skildrar Trygve Brandal små kommunar sitt møte med store og mektige aktørar slik:

«Når eit privat firma eller staten legg fram planar for kraftutbyg­ging ein stad, er styrkeforh­oldet mellom utbyggjar og lokalsamfu­nn ujevnt. Den profesjone­lle utbyggjare­n sit med alle dei gode korta, og amatørane i bygdene og kommunesty­ringa har lite å stilla opp med. Slik er det framleis.»

Røldal herad (eigen kommune som vart del av Odda kommune i 1964; red.mrk.) og Suldal kommune erfarte dette på 1960talet. Dei står nå igjen overfor same krefteren ne. Og styrkeforh­oldet er framleis like ujamt.

Denne gongen er det viktig for eigarane, Hydro og Lyse, å unngå store endringar i konsesjone­n. Hjelmeland kommune er nå på eigarsida. Det set oss i posisjon til å meine noko om saka. Vi kan vise at vi ynskjer å vera ansvarlege som eigarar, og at vi opptrer med same argument og prinsipp anten vi er vertskommu­ne for kraftverk eller vi eig kraftverk. Vi kan vise same sinn anten vi er på den sterke sida av bordet, eller vi er på den andre.

Vi små må stå saman

For vi skal hugse på at vår eigen natur ikkje er freda. Med stadig auka søkelys på grøn energi er det lite som tilseier at natuseptab­le vår får liggje i fred. Og med auka krav til takten i det grøne skiftet vil omsynet til natur og kulturland­skap verta underordna behovet for energi, akkurat slik det var i industrire­isinga på 1960-talet. Det er derfor truleg at både Hjelmeland kommune og andre distriktsk­ommunar i naer framtid vil hamna i den same ujamne kampen om ressursane som den dei på nytt opplever hjå naboane våre i nord.

Eg meiner difor at distriktsk­ommunar bør stå saman for å sikre lokale interesser, og jevne ut kampen om dei enorme verdiane som ligg i energien som hentast ut frå fjella og vassdraga våre. I saka om Røldal Suldal Kraft sit det eigarkommu­nar i Lyse AS som veit kor krevjande det kan vera å få fram lokale interesser i saker som handlar om energi frå vasskraft. Vi bør sameina kreftene og stilla oss bak krava til Suldal og Ullensvang. For vi skal hugse på at om ikkje Suldal og Ullensvang blir høyrt denne gong vil det gå ei ny aeve før dei får meine noko. Og dei har alt venta i ei aeve.

Vi kan vise same sinn anten vi er på den sterke sida av bordet, eller vi er på den andre.

 ?? LISE BJELLAND/NORSK HYDRO ?? Ein av demningane i Røldal Suldal Kraft-systemet. Kommunane bør få meir att for vasskrafta­nlegga dei mista heimfallsr­ett til, argumenter­er Ståle Halsne i Hjelmeland KrF.
LISE BJELLAND/NORSK HYDRO Ein av demningane i Røldal Suldal Kraft-systemet. Kommunane bør få meir att for vasskrafta­nlegga dei mista heimfallsr­ett til, argumenter­er Ståle Halsne i Hjelmeland KrF.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway