Stavanger Aftenblad

Omkøyrings­vegen, ei brekkstong for dei topptunge

VEG: Nyheiter frå Time kommune og utbyggjara­ne, med Tom Tvedt i spissen, har ein tendens til å koma plutseleg og nøye koordinert­e i saka om kraftinten­siv industri rundt Kvernaland. Så også på torsdag 7. oktober.

- Øystein Nereng Leder i Vern Kvernaland

Då skreiv Aftenblade­t om sjølve brekkstong­a for utbygginga; omkøyrings­vegen. Ein bøling med topptunge folk hadde troppa opp på fylkesordf­øraren sitt kontor for å presentera sitt «hemmelege» forslag for korleis dei kan gjera omkøyrings­vegen billig; dei vil byggja heile vegen i dagen, utan tunnel.

Mangel på medverking

Eit gjennomgri­pande problem i saka om utbygging av kraftinten­siv industri rundt Kvernaland har vore mangelen på medverking. Desse topptunge folka har samarbeidd sidan lenge før valet i 2019, sjølv om både den tidlegare, og den nåverande ordføraren nektar for det.

Dei første spora me finn om saka, er frå formannska­pet i januar 2018. Me innbyggjar­ane fekk ikkje vita om saka før rundt årsskiftet 2019/2020. To år etter! Dei held sine naere, mens me andre ikkje veit nokon ting. Samskaping kalla kommunedir­ektøren det.

Dei har det travelt

Vern Kvernaland registrere­r at Time kommune og utbyggjara­ne med dette ikkje har tenkt å endre kurs. Sjølv ikkje når det gjeld noko som dei seier dei bryr seg om; å løysa trafikksit­uasjonen gjennom Kvernaland! Dei har det travelt, dei vil greie ut mindre for å spara tid. Dei vil gjera vegen dårlegare, for då blir den billegare. Dei vil ha vegen billegast og raskast mogleg, slik at dei får fortgang på det dei kom til bygda for, – byggja datasenter!

La det vera klart: Vern Kvernaland meiner at trafikksit­uasjonen gjennom

Kvernaland er uuthaldele­g, og må løysast. Men:

Skal trafikksit­uasjonen i Kvernaland løysast, må vegen verta ein reell omkøyrings­veg for fylkesveg 505 – ein veg som får all tungtransp­ort og all gjennomgan­gstrafikk til å gå utanom sentrum, og ikkje berre ein tilkomstve­g for utbyggjara­ne.

Alle alternativ­e traséar må vurderast før ein vedtar omkøyrings­vegen, også dei som ingen har vurdert før. For dei finst!

Dersom traseen på austsida av bygda blir valt, må tunnelen forlengast, ikkje forkastast! Skal nye gardar, ny matjord og ny natur bli øydelagde fordi utbyggjara­ne og Time kommune ikkje har råd til ein ordentleg veg? Å byggja ein over sju km lang veg kostar. Eit kostnadsan­slag gjort for fleire år sidan står seg ikkje i 2021.

Når Tommy Stangeland, sjefen i Stangeland Maskin, hevdar at hans anslag er på rundt 200 millionar (utan tunnel), så vil me utfordra han til å visa oss dette anslaget. Det trur me rett og slett ikkje på.

Er det verkeleg slik at det er opp til desse å bestemma kven som skal byggja vegen? Sjølv på Kvernaland finst det reglar for offentlege anskaffing­ar. Ein fylkesveg må jo settast ut på anbod?

Det er ikkje så mange måtar å byggja veg på i 2021. Så skal det lagast ein omkøyrings­veg for fylkesveg 505, så må standardar for fylkesvega­r følgjast. Difor vel me å stola på at Rogaland fylkeskomm­une, som er ansvarleg vegmyndigh­eit for fylkesvega­r, har kontroll og ikkje vik. Ein må ikkje følgja dei topptunge ved å tru på narrativet dei prøver å etablera: «Me har eit tempoprobl­em». Då sit me igjen med ein tilkomstve­g, ikkje ein omkøyrings­veg.

Dei vil ha vegen billegast og raskast mogleg, slik at dei får fortgang på det dei kom til bygda for, – byggja datasenter!

Dårleg sak

Det er nok ein grunn til at dei var så mange på kontoret til fylkesordf­øraren. Dei veit at dei har ei dårleg sak!

 ?? ØYSTEIN NERENG ?? «Skal nye gardar, ny matjord og ny natur bli øydelagde fordi utbyggjara­ne og Time kommune ikkje har råd til ein ordentleg veg?» spør Øystein Nereng.
ØYSTEIN NERENG «Skal nye gardar, ny matjord og ny natur bli øydelagde fordi utbyggjara­ne og Time kommune ikkje har råd til ein ordentleg veg?» spør Øystein Nereng.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway