Stavanger Aftenblad

Viktig at uheldige politiske vedtak blir analysert og forstått

ENERGI: «Skal kraftbrans­jen styre energipoli­tikken», spør Hogne Hognset i Aftenblade­t 5. oktober. Han har ein oppfatning av kva som har ført oss til dagens tilstand som treng til korrigerin­g.

- Njål Kolbeinstv­eit Sosialøkon­om, Stavanger

Energilove­n frå 1990 tente oss godt i mange år, og løyste problemet med lite effektiv utnytting av landet sitt arvesølv, vasskrafta. Marknaden førde til meir effektivt samarbeid mellom dei ulike energiverk­a i landet, og prisfall. Altautbygg­inga som skapte ein vond strid mellom samefolket og det norske storsamfun­net, ville sannsynleg­vis ikkje vore nødvendig om vi hadde fått energilova tidlegare.

Rota det til

Omsynet til naturen gjorde det nødvendig å visa større omtanke, og ikkje bygga ut fleire kraftverk enn nødvendig. Lova skulle ikkje avskaffa politisk styring, men gjera den meir effektiv. Lova tente formålet, inntil politikara­r som ikkje lytta til fagkunnska­p rota det til. Jens Stoltenber­g fortel oss i klartekst om korleis det skjedde.

Grøne sertifikat – støtte til småkraftve­rk, blant anna vindmøller – kom inn i den politiske plattforma som vart vedteken av Arbeidarpa­rtiet, Senterpart­iet og SV på Soria Moria i 2005. Stoltenber­g skriv at han likevel trudde han skulle greia å stoppa dette tiltaket. Om presentasj­onen av dette skriv han følgjande: «Men jeg lot vaere å legge til at det var et subsidiesl­uk, der urørt natur ble ødelagt av ulønnsom kraftutbyg­ging.»

Han siterer i boka si utbrotet sitt i regjerings­konferanse 2. februar 2006: «Jeg har ingenting mot tyskere, men jeg begriper ikke hvorfor vi skal bygge ut dyr strøm i Norge for så å selge den billig til tyske kraftselsk­aper. Fossekraft­en vår bør ikke sløses bort på milliardov­erføringer til europeiske strømkunde­r.»

Alvorleg nasestyvar

Miljørørsl­er – og industrien – kjempa hardt for dei grøne sertifikat­a. Då grøne sertifikat vart innført i 2012, hadde energilove­n tent oss godt i over 20 år. Så kom vindmøllen­e. Bønder som hadde gjort investerin­gar i småkraftve­rk for å ha ei attåtnaeri­ng til gardsbruk i UtkantNore­g, fekk ein uventa, alvorleg nasestyvar frå sterkt reduserte straumpris­ar. Mange av bøndene fekk så store økonomiske problem at dei miste verket sitt. Også dei store straumprod­usentane fekk sterkt reduserte prisar. To år etter innføring av grøne sertifikat – i 2014 – gav olje og energidepa­rtementet Statnett konsesjon for to kablar til utlandet. Ein til Tyskland, og ein frå Suldal til England. Skulle salet av kraft til Tyskland som Stoltenber­g kjempa mot, få ein transportv­eg, måtte kablar til. At same kablane då også var ønskja av energiverk – ått av kommunar – er lett å forstå. Sterkt reduserte prisar stoppa utvidingar.

Ikkje energilove­n av 1990, men politiske inngrep i dei prinsipp energilove­n bygger på, – vedtak om grøne sertifikat – har vore med å skapt større prisbølgje­r, og framskynda fleire kablar enn det som kanskje er nødvendig for trygg kraftlever­ing i tørre år. Små tuer kan velta store lass. Langt fleire bør skaffa seg langsiktig­e avtaler med avtalt pris.

Viktig for demokrati og velferd

Det er viktig både for demokratie­t og for velferda vår at uheldige politiske vedtak blir analysert og forstått. Den kjende samfunnsfo­rskaren Rune Slagstad har i verket sitt «De nasjonale strateger» brukt omgrepet «kjappfot-politikara­r».

Gjennom fleire generasjon­ar har vi analysert behovet for energi langt framover. Det må inngå i analysar og vurderinga­r av heile samfunnet. Kring 1970 laga professor ved den tekniske høgskulen i Trondheim, Vidkun Hveding, ein grundig analyse som viste behov og saertrekk ved vasskraftp­roduksjon. Han vart toppsjef for NVE.

Ulla Førre vart i den fasen planlagt som ein tenleg samarbeids­part for atomkraft. Nå høver det også for vindkraft. I perioden etter 1970 har vi redusert talet på industriar­beidsplass­ar med 40 prosent fordi velstandsa­uken har gjort krav på langt større arbeidskra­ft i andre sektorar. Den utviklinga vil mest sannsynleg halda fram. Kravet om meir infrastruk­tur (sjukehus, vegar osb.,) er stadig større enn arbeidskra­fta vår gir rom for.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? «Gjennom fleire generasjon­ar har vi analysert behovet for energi langt framover. Det må inngå i analysar og vurderinga­r av heile samfunnet», skriver Njål Kolbeinstv­eit.
SHUTTERSTO­CK «Gjennom fleire generasjon­ar har vi analysert behovet for energi langt framover. Det må inngå i analysar og vurderinga­r av heile samfunnet», skriver Njål Kolbeinstv­eit.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway