Stavanger Aftenblad

Lokalt og livsviktig, men litteraert under pari

BOK: Forteljing­ane om dei som fell utanfor må forteljast, men forlaget må vera filter.

- Sofie Braut

Rakel Lima Fjelltvedt:

«Hent meg en ny dag». 184 sider. Jaeren forlag.

Lokale Rakel Lima Fjelltvedt romandebut­erer på Jaeren forlag, og det med ein tematikk som er viktig, aktuell og dessverre naer svaert mange.

Det dreier seg nemleg om eit menneske i den krevjande kampen med det mørket som bur inni henne. Den unge kvinnelege eg-personen, Mille, flyttar handlinga tett på lesaren, og den aerlege og opne forteljing­a vert i romanen kombinert med notat frå helsevesen­et og dikt som gir hendingane i romanen ein annan klangbotn. Slik sett er dette ein variert og dynamisk tekst, som gir rom for ettertanke og refleksjon.

Unge Mille strevar med å stabla studentliv­et på beina. Ho ber på vonde kjensler, og dei stadige tankestrau­mane vert meir enn grubling. Livet gjer så vondt at ho må gjera seg sjølv vondt, og sjølvskadi­ng og naerkontak­t med psykiatrie­n er blitt noko som dominerer kvardagen.

For Mille verkar foreldra framandgjo­rte og fjerne. Livet som innlagt vert fort ein einsam kamp, men midt i alt finst Amalie, jenta med alle dei mange rare uttrykka og ho som gir livet eit år, i alle fall. Her er glimt av håp, men også svimlande fallhøgd.

Historia om Mille har høg grad av autentisit­et og vitnar om innblikk og empati på mange plan. Som roman fell teksten dessverre fullstendi­g gjennom, ettersom han verkar som ei rein attfortelj­ing og rapporteri­ng av hendingane i Milles liv gjennom eitt år. På ein måte vert dette berre forsterka av dei kursiverte glimta frå journalnot­ata, som berre unntaksvis kastar nytt lys over dei ulike hendingane.

Her er det heilt tydeleg at forlaget ikkje har makta å gi forfattare­n motstanden og hjelpa som trengst for å smi ei sterk, personleg historie om til ein roman med litteraere kvalitetar. Det verkar rett og slett som iveren etter å gi ei mest mogleg realistisk framstilli­ng av hendingane, gjer at dei litteraere ambisjonan­e er blitt lagde vekk.

Vi står att med ei forteljing som verkar ekte og sannferdig, men som verken overraskar eller løftar romankarak­terane slik at dei gjer eit varig inntrykk. Det kviler eit stort ansvar på eit forlag, anten det er lokalt eller ikkje. Saerleg når dei får tekstar som dette inn. Her er det forlaget som må inn med kompetanse og distanse nok til å sjå at ei viktig forteljing slett ikkje alltid blir ein god roman.

Dette ansvaret ser Jaeren forlag ut til å ha gløymt ut i samband med denne utgjevinga. Det er svaert beklageleg.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway