Stavanger Aftenblad

Endeleg er ventetida på barnetoget over

STAVANGER: Eit hav av norske flagg, songar om fuglar og berg, potetløp, bunadar og barnetog. Alt som seks-, sju- og åtteåringa­r ikkje har fått oppleva samen med klassen under pandemiåra. I år tør me endeleg å våga oss på ein «normal» 17. mai.

- Elsa Di Valerio elsa.di.valerio@aftenblade­t.no

– Me har aldri feira ein ekte 17. mai samen, fortel Nicolas Tevn Bamerni ivrig.

3B på Storhaug skole har aldri gått i eit normalt barnetog på nasjonalda­gen. Feiring har vore i små kohortar på sosial avstand med Antibac i lomma.

Dei kjenner ikkje til noko anna.

Dei to siste åra hadde Stavanger korkje barnetog eller folketog. I fjor ordna klassen sjølv eit lite tog der dei gjekk i kohortar for å markera 17. mai i pandemi-utgåve.

I år blir det andre bollar. Og kanskje pølser.

Bunad og blåmeis

Elevane har allereie planlagt kva dei skal ha på seg. Dei fleste i klassen rekk opp handa på spørsmålet om bunad. Andre skal ha på strokne skjorter, penbukser, flotte sko, kjolar og sløyfer.

Fire elevar skal spela i korps, og må derfor stilla i stram uniform til toget. Det synest Alida Riiber Rødsand berre er kjekt, og ho har eit tredje antrekk planlagt.

– Eg skal kle meg som ein blåmeis fordi eg skal gå med teateret i folketoget, fortel Alida, og peikar på fuglegalle­riet på veggen for å visa korleis fuglen ser ut.

På skjermen i klasseromm­et ser me ein video med songtekste­n til «Norge i rødt, hvitt og blått». Elevane tel til tre, og med eitt er det 17. mai i det vesle klasseromm­et med 24 barnestemm­er i koret.

– Me har øvd masse på songar til 17. mai, me har sunge «Norge i rødt, hvitt og blått » og «Ja vi elsker». Den siste songen er viktig fordi han er Norge sin nasjonalso­ng, forklarer Marius Toro Sivertsen.

– Kva gler de dykk mest til?

– Til å gå i ekte 17. mai-tog og eta masse is og pølse, seier Olav Lappegaard Mauritzen

– Ja, å eta masse god mat og gå i tog. Og skal me på skulen etterpå og ha sekkeløp, stemmer Marius Toro Sivertsen i.

Kontaktlae­rar Margrete Almås seier at klassen har øvd seg på ein «forrektige» 17. mai sidan 1. klasse, og at elevane gler seg til dette.

Elevane rekk ivrig opp handa for å fortelje kva dei skal gjera på den store dagen. Alle skal i barnetog, nokon drar tilbake til skulen med foreldra, medan andre skal heim i selskap.

Sekkeløp og potetløp er eit klassisk element i feiringa av nasjonalda­gen, og satsen er høgare i år, fortel klassen.

– Først skal me konkurrera mot kvarandre i klassen i potetløp, og så skal dei som vinn konkurrera mot dei andre klassene, fortel Harun Reha Kilinic.

– Og så får me premiar, men me veit ikkje kva det blir, påpeikar Sanne Luhr Aadnøy.

No kan dagen berre kome.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Tredjeklas­singane på Storhaug skole har aldri feira 17. mai saman. Men no er de meir enn klare. Bakarst til venstre: Wilma Florence Vince, Oskar Haraldseid Salte, Nicolas Tevn Bamerni. Framme: Tea Johanna Thomsen, Harun Reha Kilinic. Gruppebord­et frå venstre: Alida Riiber Rødsand, Jonas M. Borkamo, Ionut Vasile, Hedda Borgen Idland, Elias Dib, Emma S. Storhaug og Olav Lappegaard Mauritzen.
FREDRIK REFVEM Tredjeklas­singane på Storhaug skole har aldri feira 17. mai saman. Men no er de meir enn klare. Bakarst til venstre: Wilma Florence Vince, Oskar Haraldseid Salte, Nicolas Tevn Bamerni. Framme: Tea Johanna Thomsen, Harun Reha Kilinic. Gruppebord­et frå venstre: Alida Riiber Rødsand, Jonas M. Borkamo, Ionut Vasile, Hedda Borgen Idland, Elias Dib, Emma S. Storhaug og Olav Lappegaard Mauritzen.
 ?? FREDRIK REFVEM ?? Hedda Borgen Idland pynta seg med hårbøyle i trikolor for å øve på 17. mai-songar. Som 3.klassing blir dette hennar første barnetog.
FREDRIK REFVEM Hedda Borgen Idland pynta seg med hårbøyle i trikolor for å øve på 17. mai-songar. Som 3.klassing blir dette hennar første barnetog.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway