Stavanger Aftenblad

Pøbels lange armar

KOMMENTAR: Klart Erling Braut Haaland kan symboliser­a håp, trass og kraft. Men alt det kan også drukna når mannen på veggen blir for stor.

- Solveig G. Sandelson solveig.sandelson@aftenblade­t.no

Når toget ditt stoppar på Bryne, om du skal av eller vidare, til og med om det ikkje stoppar i det heile tatt, vil du bli fanga av Erling Braut Haalands lange armar. Med vengespenn berre ei ørn kan måla seg med, med knytt neve i metall, sprenger overkroppe­n hans seg frå asfalten og oppover den gamle meierivegg­en. Neven når langt over taket, armane frå vegg til vegg. Det er laga av Pøbel. I fleire omgangar, på nettene. Det er støtta av Bryne Naeringsfo­rening.

Pøbel seier sjølv han er opptatt av å laga kunst om tida vi lever i. Då måtte vel eit bilde av Erling Braut Haaland bli gigantisk? Han er sannsynleg­vis den mest kjende nordmannen i verda akkurat nå, han tener fleire svaert gode årslønner på ei vanleg veke, ufattelege pengekreft­er står bak, ufattelege mengder fans også.

Jaerbuen

Han er jo jaerbu. Braut Haaland, altså. Som nokså liten fortalde han laeraren sin, som nå er ordførar i Time, at han skulle bli fotballpro­ff. Som faren. Så skule var ikkje så viktig for han.

Han blei det han ville. Det finst ei sånn ånd på Jaeren, om at du kan gå dine eigne vegar, du kan klara finna fram sjølv. Du kan arbeida med ditt, gjera som far din, skaffa deg eit godt liv, uansett korleis du klarte deg på skulen. Samtidig er det nesten hundre år sidan Bryne fekk gymnas. Rogaland offentlege landsgymna­s, heitte det då. Det skulle sikra at landsens ungdom også kunne få tilgang til bokleg kunnskap og utdanning, sjølv om du ikkje var fødd inn i ein familie som stod slikt naert. Men kor hardt du arbeidde, stod uansett høgast. Høgare enn kva du arbeidde med.

Håp, trass, kraft og arbeid. Det er klart Erling Braut Haaland kan symboliser­a slikt.

Giganten

For meg ser likevel det enorme bildet merkeleg framandt ut på meierivegg­en på Bryne. Bles jaerbuar verkeleg heltane sine opp til dette? Til noko så gigantisk? Eg trudde det ennå var ein stad der det er viktig å vera likemenn. Vita og visa at den eine er avhengig av dei andre. Men det er kanskje rein nostalgi. Kanskje er det berre di eiga kraft som nå er verd å applaudera, sjølv på Jaeren.

Den enorme dimensjone­n, den knytte neven som når over taket på det gamle meieriet, minner meg om ganske mektige tradisjona­r frå andre stader og tider: Svaere, ruvande menn på sokkel. Litt sånn småflaut i våre vanlege byar, reine maktdemons­trasjonar i andre. Også Saddam Hussein heva neven, også Lenin ruvar over det meste. Og mildare – også Diego Maradona brukte handa til eigen fordel, under kvartfinal­en i VM i 1986. Han kalla det «Guds hand».

Dei som laga sånne svaere menn på sokkel, gjorde det i maktas teneste. «Her folkens, her er den største. Han skal ikkje rokkast ved.» Kva blir det når ein lagar svaere menn på svaere vegger? Ein protest på alt det? Eller ein ny maktdemons­trasjon?

For Pøbel har jo også blitt mektigare. Gatekunst kan ta seg retten til å vera det sterkaste innslaget av kunst i våre liv, anten vi vil det eller ikkje. Den kan ta plass på vegger og stader som alle ser, som er alle sine, som er ein del av kvardagen vår. Som du ikkje kan velja vekk. Gatekunst kan også bli autoritaer og nedlatande.

Pøbel er ennå anonym, han jobbar på nettene, det svaere Haaland-bildet har blitt til litt etter litt. Det triggar oss som jobbar i media. Viss vi kan få vita litt, røpa litt, få tilgang, få vera dei som er med, som veit, som publiserer først. Jo fleire augeblinka­r, jo fleire nyheitssak­er. Han varslar avduking, han drar i hjartestre­ngene våre, Aftenblade­t rykker ut og sender direkte når Haalands ansikt og knyttneve blir avduka til kongeleg trompetfan­fare.

Steinkaste­t

Alt det er berre eit steinkast unna Pøbels eigen «The lovers» – koronaverk­et vårt. Plassert på ein heilt annan vegg, i jernbaneun­dergangen. Synleg, men berre når du er naert på. Dei elskande er ikkje kjende profilar, plassering­a ikkje prangande. Bildet er fylt av trass og håp, for kven som helst, for alle.

Noko Pøbel sjølv seier ligg i bildet av Erling Braut Haaland – guten som hadde ein draum, sette seg eit mål, og gjorde draumen verkeleg.

Det er få ting vi treng meir akkurat nå enn håp. Det er til alle tider få ting barn og unge treng meir enn håp. Bortsett frå ein trygg plass å høyra til. Og kjaerleik.

Jo, det er berre eit steinkast mellom «The lovers» og Erling Braut Haalandveg­gen. Men det prangande og påtrengand­e i Braut Haaland-bildet plasserer det likevel milevis frå den mørke jernbaneun­dergangen og korona-kjaerastan­e. Over til å bestemma for alle kven som er størst, kven som ikkje skal rokkast ved. Kven som skal visast fram for alle, alltid.

Kunsten har drive med slikt til alle tider. Når kunsten blir vellykka, vil makta gjerne sola seg litt i glansen. Pøbel og Naeringsfo­reninga har bestemt kva Bryne skal visa fram. Og i kva målestokk. Det er ein på alle vis ruvande Haaland.

Det er håp og kraft plassert i eit ungt menneskes suksess, smurt så svaert utover at ein kan bli liten av det. Og mista andre ting av syne.

Pøbel vil laga kunst om vår eiga tid. Det var kanskje akkurat det han gjorde nå.

Gatekunst kan også bli autoritaer og nedlatande.

 ?? FINN E. VÅGA ?? Bles verkeleg jaerbuar heltane sine opp til dette?
FINN E. VÅGA Bles verkeleg jaerbuar heltane sine opp til dette?
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway