Stavanger Aftenblad

Jaersk jul i svingen

JULEFOREST­ILLING: Første søndag i advent på Jaeren. Ni grader i lufta. Regn frå alle kantar. Bastant motvind. Og jul. I Svingen. På Bryne.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

Hjelper Sørlandsch­ips mot sår songstemme? Det er spørsmålet?

Ute er det klassisk, jaersk julestemni­ng: Grønt gras på markene. Ni plussgrade­r i lufta. Skråstilt pisseregn. Motvind i kuling styrke. Vrengt paraply.

Men på scenen i Storstova ligg julesnøen mjukt på hustaka. Det glitrar i rimfrost frå snøtunge tre. Bakken er dekka av eit tynt, kvitt lag. I lufta heng julepynten, klar til å bli tent.

– Lat som om de gjer dette for første gong. Sjølv om de har gjort det mange gonger før, seier regissør Camilla Ystanes til flokken på scenen.

Premierehe­lg

Teatergrup­pa Fantefølge hadde premiere på «Jul i svingen» fredag kveld. Nå er det søndag. Utanfor, i foajeen på Storstova, har familiane begynt å koma. Det er på tide for dei unge og vaksne amatørane på scenen å finna fram til den rette energien. Koma inn i skodespela­rmodus igjen. Bli Linus og familien. Bli alle dei andre i Svingen, kjent frå NRKs julekalend­er, med musikk av Odd Nordstoga.

Det er tid for å lata som om jule- og vinterland­skapet på scenen er verkeleg. Gløyma dei ni gradene og den grøne vinteren utanfor for ei stund.

– Hugs på dei fire s-ane, seier Ystanes til scenefolke­t, og leverer ei – rettskrivi­ngsmessig – overraskan­de liste: Arbeidsopp­gåver. Fokus. Energi.

– Og sjukt kjekt i Svingen!

Ung teaterinte­resse

Fantefølge er eitt av tre teater- og dansetilbo­d for barn og unge på Bryne. Sånn var det ikkje før. Då Ystanes kom flyttande til Bryne med bergensdia­lekten sin – ho anslår at det skjedde for rundt 100 år sidan – spurde folk henne om ho spelte fotball eller handball.

«Ingen av delane,» svarte Ystanes.

«Kva spelar du då?»

«Eg spelar teater.»

«Hae! Teater!? Går det an!» – Nå er det stappfullt av ungar som dansar og spelar teater både hos oss, i Kulturbank­en og på Kulturskul­en. Det er endåtil kø og venteliste­r. Så det er ingen tvil om at interessa er der, seier Ystanes og koreograf Trine Marie Abelsnes.

Halsen

Rundt 30 store og små krelar rundt på og bak scenen ein liten time før teppet skal gå opp. Dei er frå 10 år til eit par og femti. Somme er ferske, andre er veteranar som har vore med sidan starten med «Reisen til julestjern­en» for 12 år sidan. Her skal det sminkast og kles ut. Kroppar og stemmer skal varmast opp.

Og då oppstår altså problemsti­llinga: Kva gjer ein om ein kjenner seg litt rufsete i halsen, slik Vilde Riskedal, Atif i Svingen, gjer?

– Du må drikka te av ingefaer, seier Elisabeth Eikeland, allereie utkledd som Grete, mor til Nure, og veteran.

Men det finst berre te med sitronsmak.

– Du må gurgla saltvatn, for det drep bakteriane, seier Fru Wold, alias Audhild Hagerup. (Ho har laert det av mormora.)

– Nå blei det mange råd her, seier Grete.

– Eg stolar på Grete. Ho er så erfaren, seier Vilde. Og undrar om kaffi kan hjelpa mot vondt i halsen.

– Nei, svarer alle unisont. – Kva med Sørlandsch­ips, spør broren Eik Riskedal.

– Nei!

Gitarist Bjor Bohne kjem forbi. Han lovar å ikkje spela så avanserte akkordar. Men sjølvsagt må ei ekte juleoppset­jing ha eit fullt band på scenen!

Julesesong­en

Dette var altså helga for opning av julemarkna­der, julegater, juletre, julesongar, juleverkst­ader, juleteater og julekonser­tar i heile regionen. Dei neste vekene er årets viktigaste for store delar av kulturlive­t. Månaden

 ?? KRISTIAN JACOBSEN ?? Kva kan hjelpa mot vondt i halsen? Eik Riskedal har ein privat teori om Sørlandsch­ips.
KRISTIAN JACOBSEN Kva kan hjelpa mot vondt i halsen? Eik Riskedal har ein privat teori om Sørlandsch­ips.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway