Stavanger Aftenblad

Eit Kapittel om håp

FESTIVAL: Håp blir tema for neste års Kapittel-festival i Stavanger.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

– Det er mørke tider. Så då tenkte de at …?

– … me måtte løfta blikket litt. Leita etter korleis me kan aktualiser­a tida me står i utan at det blir heilt mørkt. Dermed blei det «Håp».

Det er lenge til september og neste års Kapittel-festival. Men første måndag i advent gjorde altså festivalsj­ef Siri Odfjell Risdal det klart at tema for Stavangers tradisjons­rike festival for litteratur og ytringsfri­dom blir «Håp»:

– Forslaget om «Håp» kom inn tidleg. Eg har tenkt på om det kunne bli for svevande eller klisjéakti­g. Men eg har kome til at det er eit kraftfullt omgrep, med masse energi og mykje me kan bygga rundt det.

Ho har merka på reaksjonan­e at «Håp» er eit godt ord:

– Det er tydeleg at me har behov for å halda fast i håpet for tida.

Håp gir motstand

Håp er til dømes ein føresetnad for motstand:

– Det ukrainske folkets motstand mot den russiske invasjonen baserer seg på håp. Det same gjer gateprotes­tane i Iran. Og klimakampe­n.

Odfjell Risdal ser mykje spennande å ta tak i litteraert også:

– Litteratur­en er full både av håpefulle og håplause karakterar. Og så krev håpet evna til å førestilla oss noko anna enn det som er verkeleg rundt oss. Det er i seg sjølv spennande.

– Kor førande er temaet for festivalen for programpos­tane du skal få på plass framover?

– Temaet er berre eit omdreiings­punkt. Men det tvingar oss til å tenkja litt utanfor allfarveg. Det er ein måte å aktualiser­a programmet og festivalen, forhalda oss til det som skjer rundt oss. Det er eit fint startpunkt, men inga tvangstrøy­e. Det gjeld å finna eit ord som kan ta oss i litt ulike retningar.

Håpets filosofi

Det er litt tidleg å melda gjester. Men éin er allereie på plass: Det viser seg at filosof og forfattar Lars Fr. H. Svendsen allereie jobbar med ei bok om håpets filosofi, nettopp med utgangspun­kt i situasjone­n i Ukraina.

– Svendsen har sagt ja til å koma. Og så jobbar me med fleire andre namn.

Etter fleire år med korona, smittevern­tiltak og styr, set Odfjell Risdal stor pris på å kunna konsentrer­a seg om innhaldet i festivalen. Haustens festival var den første sidan ho blei sjef som blei gjennomfør­t utan restriksjo­nar.

– Det var kjekt å sjå godt trykk på billettsal­et og at me kunne gjera kjekke ting som ikkje gjekk an under koronaen. Me har lyst til å laga større produksjon­ar og kjekke ting også til neste år. Som til dømes fotballkam­p. Det var moro. Og så er det jo mykje håp i idrett.

 ?? MARIE VON KROGH ?? Kapittelsj­ef Siri Odfjell Risdal er klar med tema for Stavangers tradisjons­rike festival for litteratur og ytringsfri­dom.
MARIE VON KROGH Kapittelsj­ef Siri Odfjell Risdal er klar med tema for Stavangers tradisjons­rike festival for litteratur og ytringsfri­dom.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway