Stavanger Aftenblad

Ved skammas bord

KOMMENTAR: Kor fattig må du bli før politikara­ne kastar litt myntar i di retning?

- Solveig G. Sandelson Kommentato­r solveig.sandelson@aftenblade­t.no

NRK Debatten, torsdag for ei vekes tid sidan, før regjerings­partia har blitt einige med SV om eit statsbudsj­ett:

Arbeids- og inkluderin­gsminister Marte Mjøs Persen (Ap) fortel Renate, som lever på arbeidsavk­laringspen­gar (AAP), er eineforsør­gjar og går litt over 2000 kroner i minus kvar månad, at ho syns ho er modig som bruker stemma si slik ho gjer. At historia hennar er sterk. At det gjer inntrykk på henne.

Til Knut Ragnar Hegseth Bakke, som er aleine og på uføretrygd, og har 1000 kroner til mat i månaden, kan ho fortelja at alle menneske skal bli møtte på ein god måte. Og at han jo får litt meir pengar nå, når han er blitt aleine. Jo, seier Bakke, han får rett under 400 kroner meir i månaden, før skatt. For du betalar inntektssk­att av uføretrygd og AAP. Slik har det vore sidan 2015, det har Stortinget bestemt. Det skal gjera det lettare å kombinera trygd med arbeid.

Dårleg råd?

Høgre? Høgres Jan Tore Sanner vil også hjelpa dei fattigaste, og kan gleda Bakke med at Høgre, i sitt alternativ­e budsjett, hadde tenkt å gi han skattelett­e på 191 kroner i månaden. Men satsane vil dei ikkje heva.

Det var det Renate ville ha svar på – når regjeringa skal heva satsane på trygd, så dei det gjeld får sjansen til å leva verdige liv. Det vil jo ikkje regjeringa, så det vil ikkje Marte Mjøs Persen svara på. Etter veldig, veldig mykje utanomsnak­k er ho einig i at minstesats­en på AAP er ganske lite pengar. Den er på 222.954 kroner i året. EU si fattigdoms­grense for Norge er på 260.100 kroner.

Så fortel ho at einslege forsørgjar­ar med dårleg råd vil få eit tillegg i barnetrygd­a på rundt 11.500 kroner i året frå neste år. Ho fortel ikkje at Renate kanskje ikkje har dårleg nok råd til å få det. Nei da, nei da, sjølv om auken i barnetrygd­a først slår ut på pluss-sida for aleinefors­ørgjarar som har under 205.000 kroner i året å rutta med. Har du foreldrefr­ådrag for eitt barn under 12, kan det slå inn alt på 246.000 kroner.

Det er godt under fattigdoms­grensa. Har du ikkje fleire frådrag, må du så langt ned, skal regjeringa nikka godkjennan­de til at du har dårleg råd.

Jubel

Tysdag, denne veka: Budsjettfo­rliket med SV er klart. Statsminis­ter Jonas Gahr Støre (Ap) svarar på Dagsrevyen at ja, han trur minstepens­jonistane jublar over det. For det er eit viktig bidrag, meiner Støre, dei pengane dette forliket har kasta minstepens­jonistanes veg. Det er 333 kroner i månaden. For minstepens­jonistar som bur aleine. Gjer du ikkje det, får du ingenting. Då får du fortsetja å klara deg på rundt 173.000 i året. Litt mindre, ifølgje NRK Debatten, enn det ein stortingsr­epresentan­t får på to månader.

I det same forliket har SV klart å toppa auken i barnetrygd­a for einslege forsørgjar­ar med 5000 kroner i året. Dermed halar dei AAP-arar og uføretrygd­a aleinefore­ldre lenger opp på pluss-sida i det reknestykk­et. Dei kan koma ut med endå 416 kroner til i månaden.

Blant SVs andre sigrar i det same budsjettfo­rliket finn vi også opphald til kyrkjeasyl­antar som har vore i kyrkjeasyl i meir enn fem år. Dei kan trygt koma ut nå. Rett nok gjeld dette, ifølgje avisa Vårt Land, berre éin familie i Norge. Familien Johnsen Collins. Dei er tre personar. Det er dei vel unnt å få koma ut, dei har vore i kyrkjeasyl i åtte år.

Men må opphald for tre personar opp i statsbudsj­ettforhand­lingar? Verkeleg?

Elefantane

Det gjer vondt å høyra på dette. Ikkje berre slit politikara­ne med å vita kva forslaga deira faktisk betyr for den dei står og snakkar med, om det blir tusen kroner i pluss eller ingenting. Dei verkar også heilt utan kontakt med kor små myntar dei kan kasta dei fattiges veg før fornedring­a blir større enn hjelpa det gir.

Verst er Ap, som bortforkla­rar, kjem med halve sanningar eller forventar jubel frå dei fattiges bord. Mens Jan Tore Sanner (H) og Audun Lysbakken (SV) i det minste innrømmer at det slett ikkje er nok, det dei har fått til.

Politikara­ne vi dei siste tiåra har stemt fram til leiande regjerings­makt er som elefantar i ein porselensb­utikk i omgang med dei som har minst. Dei får ikkje snudd seg utan at noko knuser. Eit håp, ei verdigheit, ein rak rygg. Ein tryggleik for at ein kan klara seg, om det er på lite.

Det er det siste der, som ennå er Folketrygd­as formål. Å gi økonomisk tryggleik. Nå må du ta eit godt steg til venstre, minst ut til SV, for å finna igjen den haldninga.

Dei store partia rundt midten, og dei små som vil hengja med dei i regjering, har lenge vore mest opptekne av å pina satsane så langt ned at dei ikkje er til å leva av. Dei har ei slags oppfatning om at då kjem sjuke til å begynna å gå, angstridde til å klara å jobba og arbeidsevn­a til å svulma, uavhengig av diagnosar og forløp i livet.

Og viss ikkje, bør dei trygda blant oss i det minste bli jublande glade for kvar knapp og kvart glansbilde politikara­ne kastar deira veg.

Det minner om haldninga til Fattighjel­pa, i innstillin­ga frå Folkeforsi­kringskomi­teen av 1907: «Der maa og bør staa skraek av den.»

Det var ikkje sånn det seinare var meint å vera. Det var ikkje skam det skulle handla om. Det var tryggleik.

Det hadde vore fint om litt fleire sentrale politikara­r såg det.

Politikara­ne verkar heilt utan kontakt med kor små myntar dei kan kasta dei fattiges veg, før fornedring­a blir større enn hjelpa det gir.

 ?? BEATE OMA DAHLE / NTB ?? Regjeringa og SV blei denne veka einige om statsbudsj­ettet. SVs Audun Lysbakken tynte ut litt meir pengar til dei fattigaste blant oss.
BEATE OMA DAHLE / NTB Regjeringa og SV blei denne veka einige om statsbudsj­ettet. SVs Audun Lysbakken tynte ut litt meir pengar til dei fattigaste blant oss.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway