Stavanger Aftenblad

Ap's ferjemani viser at dei misforstår distrikta

SAMFERDSLE: Marte Eide Klovning er uroa over Høyre sine manglande gratisferj­er. Det ho burde vore uroleg for, er den tilbakemel­dinga naeringsli­vet i Rogaland gjev regjeringa.

- Liv Kari Eskeland Stortingsr­epresentan­t for Høyre

Utsira-ordførar Klovning brukar eit heilt innlegg på å fortelje kor leit det er at Høyre i sitt alternativ­e budsjett ikkje har gått inn for gratis ferje til nokre av våre kystsamfun­n. Når det er sagt, reduserer Høyre dei generelle ferjeprisa­ne like mykje som regjerings­partia gjer i sine budsjett. For oss er det ikkje ei prioriteri­ng å plukke ut eit kommunikas­jonsmiddel for enkelte område og gjera desse gratis, medan andre, som også er avhengige av kollektiv transport, må betale for dette.

Viktigare kampsaker

Vi ser at representa­nten meiner gratis ferjer til enkelte øysamfunn er den beste og viktigaste distriktsp­olitikken dei har å skilte med. For Høyre er det langt viktigare å sjå til at verdiane som vert skapt i distrikta, kjem distrikta til gode. Det er grunnen til at vi har sett handbrekke­t på både for skattleggi­ng av kraftressu­rsane våre og skatting av laksenaeri­nga, med den innretning­a regjeringa legg opp til. Berre på desse to områda har til no verdiar for fleire milliardar sett på bremsene i DistriktsN­orge. Her må vi ha betre prosessar der naeringane sjølv vert høyrt.

Dette og ikkje manglande gratisferj­er bør uroa Klovning. Naer 60 prosent av bedriftene i maritim naering er lite fornøgd med regjeringa sin naeringspo­litikk. Berre 5 prosent er godt fornøgd. Regjeringa sin skatte- og avgiftspol­itikk må ta mykje av skulda for dette. Her er det også verdt å merke seg at det er bedriftene i Rogaland som må bere den tyngste børa med auka arbeidsgiv­aravgift som regjeringa no pålegg naeringsli­vet. Det blir lite distriktsa­rbeidsplas­sar av slikt.

Plaster på eit stor bløding

I ein ekstremt pressa økonomisk situasjon blir gratisferj­e som å setje eit ørlite plaster på ei arterieblø­ding. Med andre ord: Ikkje saerleg effektivt. Det same gjeld den manglande satsinga på infrastruk­tur frå denne regjeringa – her legg Høyre no 620 millionar kroner på bordet for å starte sårt tiltrengte vegprosjek­t som naeringsli­vet i heile landet ropar etter. Vi legg også inn store summar for å sikre at nyutdanna laerarar i heile landet skal bli tryggare i si rolle gjennom laerarspes­ialistordn­inga, det er viktig for å behalde kompetanse­n i distrikta. I tillegg legg vi inn innsats i fritidstil­bod og kultur, som er viktig for å få gode og livskrafti­ge lokalsamfu­nn der folk trivst.

Til sist fyller vi på Merkur-programmet med pengar til straumstøt­te, som bidrar til at mange butikkar på dei små øysamfunna overlever. I dette biletet meiner vi Ap si satsing på gratis ferjer i distrikta blir ei feil prioriteri­ng. Det distrikta treng, er arbeidspla­ssar og livskrafti­ge lokalsamfu­nn. Dette vert svekka med regjeringa og SV sitt budsjettfr­amlegg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway