Stavanger Aftenblad

Håkon Nyland 80 år

-

Håkon Nyland vart fødd 2. desember 1942 i Norheimsun­d i Hardanger. Etter å ha avtjent militaerte­nesta i Madlaleire­n, starta han opp på «Tekniken» i Stavanger. Og før han hadde avlagt endeleg eksamen i 1967, vart han «headhunta» av Arne Rettedal. I selskapet til «Madlabonde­n» var han byggetekni­sk leiar i 14 år. Det største prosjektet han var engasjert i var sentralsju­kehuset i Stavanger som vart bygd i den perioden. Heile fire år var Håkon engasjert i det prosjektet. I 1981 byrja Håkon i Esso Exploratio­n, før han så i 1984 starta opp sitt eige firma, Nyland Byggadmini­strasjon.

Meit enn hundre byggprosje­kt i Stavanger-regionen har han vore byggetekni­sk leiar for. Då han pensjonert­e seg i 1970 selde han firmaet til dei tilsette. I mellomtida hadde han mellom anna oppretta Nyland Eigedom og Nyland Invest. Hovudredni­ngssentral­en på Sola er eit av bygga han har sett opp og som han framleis eig.

Håkon er ein person som alltid har likt å reisa. Eit år reiste han verda rundt i tre månader, i lag med kona Wenche. Og mellom 60–70 land har han etter kvart vitja. Favorittpl­assen er Argentina med Buenos Aires, med Brasil og Rio de Janeiro på andreplass.

Håkon var med på stiftinga av Lions Harald Hårfagre i 1976 og er ein av tre «grunnlegga­rar» som framleis er med i klubben. Han har gjennom 46 år vore ein av dei store drivarane i klubben og bidrege med stor innsats og pengar. Han har dessutan alltid vore ein kreativ planleggar og reiseleiar for Løve-medlemene når dei skulle på tur rundt om i Europa.

Håkon Nyland har også hatt eit stort sosialt engasjemen­t for «Fjordhagen» på Tau og vore ein avgjerande ressurs for å berga vidare eksistens til dette fantastisk­e tilbodet. Oilers og Viking Fotballklu­bb har han også i mange år vist stor interesse for. Han tok initiativ til «Kvamma-treffet» i Stavanger, for utflyttara­r frå Kvam kommune, og samvaeret med sambygding­ar har vore noko som har lagt hjarta hans naer.

Wenche og Håkon gifta seg i 1967, fekk dottera Annette i 1969, bygde hus på Madla i 1973 og fekk dottera Merethe i 1974.

80-årsdagen vert feira på Playa de las Americas på Tenerife, – i lag med familien sin og gode vener. Me ynskjer jubilanten til lukka med den store dagen.

Inger og Jarle Løno

 ?? ?? JUBILANT:
JUBILANT:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway