Stavanger Aftenblad

Difor vendte Haugseng heim

HANDBALL: Det blei eit kort opphald i Elverum for Andreas Horst Haugseng som no er tilbake i Naerbø etter det han beskriv som ein lang og tung prosess.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

– Det har ikkje vore som eg hadde tenkt, då hadde eg ikkje reist heim. Eg har måtte vore litt egoistisk og tenkt på eigen utvikling. Måten ting var, og såg ut til å bli, gjorde at eg tok valet. Det vil vere best for min del å reise heim, seier Andreas Horst Haugseng.

I går kveld kom nyheita om at fjorårets Naerbø-kaptein er tilbake i blått etter eit kort opphald i Elverum.

– Vi startar tidleg med julegåvene i år og her er ein av dei beste vi kan tenke å gje dykk, skreiv Naerbø i ei pressemeld­ing.

Lang og tung prosess

Etter ein strålande fjorårsses­ong for moderklubb­en, valde Haugseng å reise til det som har vore Norges beste lag dei siste åra. Men ting blei ikkje som 24-åringen hadde sett føre seg.

Lite speletid som stort sett inkluderte forsvarssp­el for Elverum gjorde at Haugseng tok valet om å returnere til Naerbø.

– Det følast godt, altså. Det er svaert blanda. No når alt er blitt gjort er eg veldig fornøgd med det. Det har vore ein dialog over tid. Eg har ikkje vakna ein dag og brått tenkt eg ville tilbake. Det har vore ein lang og tung prosess, erkjenner han.

Har sett alle kampane

Naerbø-karen spelte ei svaert viktig rolle for klubben i fjor då dei leverte sin beste sesong nokosinne med siger i europacupe­n og femteplass i eliteserie­n.

Haugseng er alt på plass i Finland saman med resten av Naerbø, og er speleklar til europacupk­ampen mot BK-46 laurdag.

– Eg har gleda meg til å møte gutane. Eg har sett alle Naerbø sine kampar og føler eg kan trekka. Så det blir spanande. Det finske laget har eg ikkje sett noko på enno, men eg håpar å vere godt førebudd laurdag, seier han.

No ser 24-åringen lyst på tida i Naerbø og gler seg til å bli ein del av laget igjen.

– Det blir spanande. Det er ikkje slik at eg skal kome her og kome her. Eg skal finne meg til rette, snakke med spelarane og trenarane og finne den beste løysinga for laget. Det er meir eg som treng Naerbø enn dei som treng meg, seier han.

Haugseng var ikkje med for Naerbø onsdag kveld då laget tapte mot Drammen etter ein svaert svak periode i første omgang. Naerbø ligg på kvalifiser­ingsplass i eliteserie­n, to poeng bak Kristiansa­nd på trygg plass.

 ?? CARINA JOHANSEN ?? Andreas Horst Haugseng ser fram til å igjen ta på seg den blå Naerbødrak­ta i Nye Loen, føre det han meiner er eliteserie­ns beste publikum.
CARINA JOHANSEN Andreas Horst Haugseng ser fram til å igjen ta på seg den blå Naerbødrak­ta i Nye Loen, føre det han meiner er eliteserie­ns beste publikum.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway