Stavanger Aftenblad

Over 100.000 skal ha signert protest mot Equinor-prosjekt

LONDON: Equinor vil bygga ut olje- og gassfeltet Rosebank på britisk sokkel. Klimaaktiv­istar mobilisere­r for å stoppa prosjektet.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

130 kilometer utanfor Shetland ønsker Equinor å utvikla eit nytt olje- og gassfelt. Prosjektet har namnet Rosebank.

Greenpeace UK oppfordrar folk til å be statsminis­ter Rishi Sunak om å stoppa Rosebank. I skrivande stund har 105.000 signert aksjonen, ifølgje nettsida deira.

Greenpeace er ein av organisasj­onane som støttar kampanjen #StopRoseba­nk, der blant anna Extinction Rebellion, Friends of the Earth og Fridays for Future også er med.

– Inkludert i netto null

Tysdag kunne ein sjå Stop Rosebank-banner gater i Oslo. Då demonstrer­te klimaaktiv­istar i samband med Equinor sin haustkonfe­ranse.

Equinor hevdar Rosebank kan bidra til å styrka energitryg­gleiken i Storbritan­nia og støtta landet sitt mål om å nå netto null klimagassu­tslepp.

I fjor la det internasjo­nale energibyrå­et (IEA) fram ein rapport som viser korleis den globale energisekt­oren kan nå netto null innan 2050. I dette scenarioet trengst det ingen fleire nye olje- og gassfelt enn dei som allereie hadde fått løyve i 2021.

– Korleis kan det å vinna ut meir fossil energi bidra til at Storbritan­nia når netto null?

– Rosebank blei funne i 2004 og er inkluderte både i det britiske netto null-scenarioet og i vår eigen netto null-ambisjon. Ingen scenario seier at det ikkje er behov for olje og gass i 2050. Men på Rosebank kan det bli produsert med mindre karbonavtr­ykk enn dersom dei måtte ha importert. Prosjektet er designa for lågast mogleg utslepp, seier Ola Morten Aanestad, pressetals­person i Equinor.

Greenpeace hevdar at klimaavtry­kket til Rosebank vil vera katastrofa­lt, og at det ikkje vil bidra til energitryg­gleik.

– Nei, det blir ikkje eit katastrofa­lt klimaavtry­kk. Me har ein absolutt ambisjon om å minimera fotavtrykk­et på produksjon­en. Miljøorgan­isasjonane reknar også med utsleppa ved forbruk av olja, og det gjeld jo alle felt. Forbruket blir ikkje lågare av at felt i Vesten ikkje blir realiserte, hevdar Aanestad.

Investerer i fornybart

Når det gjeld energitryg­gleiken, viser Aanestad til at Storbritan­nia i dag bruker meir olje enn dei sjølve produserer.

– Britisk sokkel har hatt ein ganske stor nedgang. Rosebank vil bidra til å motverka fallet, seier han.

Dei som støttar Stop Rosebank-kampanjen meiner at investerin­gane heller burde gå til fornybar energi.

– Me investerer veldig tungt i fornybar energi i Storbritan­nia. Spesielt på havvind er me verkeleg store. For tida er investerin­gane våre i fornybart heilt klart større enn dei fossile investerin­gane i landet, seier Aanestad.

Saman med partnarane planandre legg Equinor å ta ei investerin­gsavgjerd om Rosebank neste år.

– Middels stort

«Det største feltet fortener den største kampen» (journ.omsetting), skriv Greenpeace UK, og kallar Rosebank for det største uutvikla feltet i Nordsjøen.

– Det finst større uutvikla felt i vår del av Nordsjøen, men Rosebank er nok blant dei største på britisk sokkel, seier Aanestad.

I Equinor sine auge er Rosebank eit middels stort felt.

– Med 300 millionar fat er det berre ein brøkdel av Johan Sverdrup, og mykje mindre enn felt me har utbyggings­planar om, seier Aanestad.

Rosebank-kampanjen er ei vidareføri­ng av kampanjen Stop Cambo, eit felt på britisk sokkel som Equinor ikkje er involvert i. Desse aksjonista­ne ønsker no å kjempa mot alle nye oljefelt i Storbritan­nia.

– Me har full respekt for at det er ulike syn på energipoli­tikk. Og så er det opp til demokratis­k valte organ å bestemma, seier Aanestad.

Under det internasjo­nale klimatoppm­øtet møtte Equinor også kritikk. Her lanserte miljøogans­iasjonar frå Norge, Storbritan­nia, Canada, Brasil og Argentina ein felles allianse med namnet «Equinor Out of Oil and Gas Alliance», melde E24.

Nei, det blir ikkje eit katastrofa­lt klimaavtry­kk. Me har ein absolutt ambisjon om å minimera fotavtrykk­et på produksjon­en.

Ola Morten Aanestad, Equinor

 ?? SOPA IMAGES / SIPAUSA ?? Bildet er tatt på Waterloo Bridge i London under ein demonstras­jon på Global Day of Action for Climate Justice i november.
SOPA IMAGES / SIPAUSA Bildet er tatt på Waterloo Bridge i London under ein demonstras­jon på Global Day of Action for Climate Justice i november.
 ?? ?? Ola Morten Aanestad, pressetals­person i Equinor.
Ola Morten Aanestad, pressetals­person i Equinor.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway