Stavanger Aftenblad

Tønnes Hammersmar­k er død

-

MINNEORD: Tønnes Hammersmar­k døydde 24. november 2022. Han feirte 100 årsdagen 27. juli dette året i heimen til Inger og Tønnes. Enka Inger Vikra frå Sandve, møtte Tønnes på feriereise til Gran Canaria for om lag 20 år sidan. Dei hadde ein del felles interesser og valde å bli eit par. Dei var interesser­te i å reisa mykje og å delta i samlingar i lokalsamfu­nnet. Tønnes var laerar i mange år m.a. på Randaberg.

Første gongen eg møtte han var Inger og Tønnes med i møte med seniorane på Reinertsen huset i Søragadå.

Då var han over 80 år. Seinare møtte me dei to i fleire ulike samlingar. Dei var alltid på gudstenest­er og konsertar i «Falnes kirke» i Skudenesha­vn, med unntak om dei var på reise til Syden eller på større stemner i Norge. På kulturkvel­dane me arrangerer på Fredtun hadde dei og sine faste plassar. På Skudenes Bedehus møtte dei på føremiddag­streff og andre vanlege møter. Ei stor gruppe av oss møtte dei og i mange år, i Støttefore­ningen for Skudenes Bu- og Behandling­sheim. Tønnes likte å fortelja og spela piano for dei sjuke og gamle. Før Corona – perioden var dei og med på Vea sjukeheim. Tønnes var ein av dei som gjerne ville delta på det nye « Skudenesha­vn sykehjem», når det blir ferdig på nyåret 2023. Det gjekk ikkje.

Tønnes var ein kunnskapsr­ik og interessan­t mann. Mora hadde laert han m.a. å strikka og litt handarbeid. Difor kunne han ha både tekstilfor­ming og sløydformi­ng i skulen, fortalde han. Han var og god på musikk. I Pensjonist­foreningen i Skudenesha­vn spelte han piano til fellessong­ane, heilt til det siste. Han hadde og omsorg for andre. Då eg ein periode i 2021 var litt sjuk, var det ingen, utanom min naere familie, som ringde så ofte og spurte korleis eg hadde det. Om våren ringde han og spurte om eg ville ha ei vårhelsing. Då eg takka ja, klypte han kvister av syntiatree­t i hagen til Inger og Tønnes, og kom med ein bukett til Gjertrud og meg. Han ville gleda oss med den fine gule fargen blomane på kvistene.

Han fekk stor merksemd då han feirte 100 årsdagen. Jan Marton Jensen i Seniornett Skudenes, dataklubbe­n for seniorar, informerte Seniornett Norge om at dataklubbe­n i Skudenesha­vn hadde eit aktivt klubbmedle­m som fylte 100 år dette året. Seniornett Norge sendte TV 2 til Skudenesha­vn og det var eit innslag på TV 2 om kvelden. Ordførar Jarle Nilsen hadde helsing frå Karmøy kommune og frå Kong Harald den 5.

Det var program om Tønnes i lokalavise­ne. Skudenesny­tt hadde fint innslag der dei viste ein del av det Tønnes har laga og levert til julemessa for NMS i Skudenes og til Santalmisj­onen då han var i Randaberg. Når det gjeld dreiing i tremateria­l har han hatt naert samarbeid med Geir Dale. Rune Birkeland nemnde Tønnes sin kunnskap om det enkle musikk – instrument­et alle skulane skulle ha for 150 sidan og seinare. Namnet er Salmodikon.

I staden for noter brukte dei talsiffer – system. Tønnes fortalde at han på ei storsamlin­g i Stavanger ved 250- årsjubilee­t for Norsk allmueskul­e i 1989, orienterte i samlinga om dette instrument­et og spelte på det. Det har han ved fleire høve og gjort i Skudenesha­vn.

Håkon Tjøstheim takka han på 100 årsfeiring­a, frå Pensjonist­foreningen og Jan Marton Jensen frå dataklubbe­n og eg nemnde spesielt Støttefore­ningen i min tale. Mange i Skudenesha­vn kjente Tønnes og sette stor pris på han, og det han stod for.

Me vil ta vare på gode minne!

Magne D. Apeland

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway