Stavanger Aftenblad

– No må eg finne ut kvar eg skal bu

HANDBALL: Andreas Horst Haugseng gjorde comeback i Naerbødrak­ta og bidrog sterkt til at laget fekk eit godt resultat i europacupk­ampen i Finland. No flyttar 24-åringen heim, men først må han få heim flyttelass­et og finne ein stad å bu.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Løfta laget i comebacket:

Etter nokre hektiske dagar kunne Andreas Horst Haugseng puste ut etter comebacket for Naerbø.

– Det var gildt. Så er det godt å bli ferdig med første kamp. Det har vore mykje greier og mykje tankar den siste tida. Ting har gått veldig fort, eg har enno ikkje tenkt på korleis eg skal få flyttelass­et heim. Så må eg finne ut kvar eg skal bu. Men eg gler meg til å spele handball igjen, seier ein tydeleg letta Andreas Horst Haugseng til Aftenblade­t etter oppgjeret i Finland.

Etter ein strålande sesong for Naerbø i fjor, signerte 24-åringen for det som har vore Norges beste lag dei siste åra, Elverum. Men oppaldet i klubben blei ikkje som han hadde tenkt, og etter eit snaut halvår i klubben, vende han for eit par dagar sidan tilbake til moderklubb­en.

Då heiv han seg rundt og sette seg på flyet til Finland og europacup saman med sine lagkamerat­ar, og rakk éi økt saman med laget før kampen sette i gong laurdag ettermidda­g.

– Viktigast å bidra for laget

Blåtrøyene fekk ein tøff start på kampen og låg seks mål bak etter første omgang med Haugseng på benken.

– Eg har vore vand med å starte der i det siste, seier Haugseng og ler.

– Eg prøver å hjelpe dei så godt eg kan frå sida. Om eg speler eller ikkje bryr eg meg lite om når eg er på ein plass som dette. Det viktigaste er å bidra for laget. Men det var deilig å komme innpå, erkjenner han.

For i den andre omgangen var comebacket eit faktum for Haugseng, og Naerbø løfta seg fleire hakk. Til slutt enda kampen 28–26 i heimelaget­s favør, og Naerbø må vinne med minst to mål i Nye Loen laurdag for å avansere til neste runde.

Mulig i Nye Loen

Det meiner 24-åringen ikkje er ei umogleg oppgåve. Playmakere­n gler seg spesielt til å komme heim til det han meiner er eliteserie­ns beste publikum i Nye Loen.

– Det er absolutt mulig. Vi skaut keeper veldig god i dag. Vi må prøve å løfte oss og ta sigeren heime. Så hjelp det på å få meir enn ei handballøk­t før kamp. No gler eg meg til å komme heim og trene, seier han.

Far og Naerbø-trenar Rune Haugseng meiner det blir viktig å få to gode omgangar på Naerbø. Då kan ikkje laget slurve som dei gjorde i den første omgangen i Finland.

– Det blir ein svaert, svaert tøff kamp. Det kjem til å bli frykteleg spanande, og det er ingenting som tilseier at dette går den eine eller andre vegen, seier Rune Haugseng.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway