Stavanger Aftenblad

– Før kunne eg grine i pausane

HANDBALL: Sola herjar i Europa og Kristina Sirum Novak (22) opplever tidenes opptur. Slik har det ikkje alltid vore.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Sola-kometen om si ekstreme forvandlin­g:

Kristina Sirum Novak har hatt grunn til å smile etter sterke prestasjon­ar på handballba­na dei seinaste sesongane. I november tok 22-åringen sin første gullmedalj­e med landslaget då handballje­ntene gjekk til topps under EM.

Vegen til landslagsp­lass, medaljar med Sola og Europaspel har ikkje berre vore enkel.

I 2018 tok den talentfull­e bakspelare­n frå Håbafjell steget frå Ålgård til Sola. Novak visste ho hadde potensial.

Då ho kom til Ålgård nokre år tidlegare, skjønte ho at ho ønskte å bli god. Ho ville kome ein plass med idretten ho er så glad i.

Men den mentale styrken har ho måtte bygge gradvis.

Endra tankesette­t

Før onsdagens oppgjer mot Fredriksta­d i Åsenhallen, er 22-åringen no inne i sin femte sesong for Sola. Klubben har gått frå å vere eit lag i nedrykksst­riden til å bli ein av dei heitaste medaljekan­didatane.

Dei siste to sesongane har Sola tatt bronse i eliteserie­n. Klubben er inne i sin andre sesong med suksess i europaliga­en.

– Å stå her med Sola i dag og vere ein del av noko så stort, i ein klubb som i grunn er så liten i forhold til nokre av dei andre toppklubba­ne i Norge, det er veldig stort å få vere med på.

Men vegen dit har vore som ei berg-og-dal-bane for Håbafjellj­enta. Både personleg og med laget.

– Eg var med på at alt var tilfeldig til at det begynte å bli seriøst og at vi skulle satse. Steffen Stegavik kom inn og endra klubben og tankesette­t til heile laget i grunn, seier Novak.

Ho fortel at det blei eit heilt nytt Sola-lag, sjølv om dei fleste spelarane hadde vore i klubben lenge. For Novak personleg har reisa med Sola vore veldig emosjonell.

Jobba med seg sjølv

– Det er tøft å ha så mykje usikkerhei­ter kring kvar du spelar neste sesong, kva laget blir neste sesong. Det var usikkerhei­t i prestasjon­ane til laget, seier ho.

I 2019/2020-sesongen hamna Sola på kvalifiser­ingsplass i eliteserie­n. På grunn av koronapand­emien sitt inntog i landet, blei kvalifiser­ingskampan­e avlyst. Sola fekk fornya tillit i den øvste divisjonen.

Sesongen etter overtok Steffen Stegavik trenaransv­aret og laget tok bronse i serien.

At trenaren starta då fekk stor betydning for landslagss­pelaren. Ho gjev Stegavik mykje av aera for at ho er kome der ho er i dag på handballba­na.

– Eg kom til Sola og kunne grine i pausane eller etter kamp fordi eg ikkje hadde prestert og var så usikker. No ser eg ikkje det på den måten. Mentalt er eg eit heilt anna menneske enn eg var før eg fekk Steffen som trenar, erkjenner ho.

Mental trening

– Korleis har du jobba for å klare å snu tankesette­t?

– Eg har jobba mykje med meg sjølv. Det har vore mykje mental trening og korleis eg skal tenke. Eg har lese ein del bøker, brukt appar og pc, seier ho.

Ein nøkkel var å skjønne at ho ikkje hadde eit problem, men at tankesette­t var noko ho måtte ta tak i.

Novak vil ikkje beskrive seg sjølv som ustabil, men det var viktig å ikkje bli så prega av idretten. For idretten betyr mykje. I mange samanhenga­r betyr den alt.

Samstundes kunne ho ikkje bli så prega at idretten øydelea kvardagen og dei neste treningane på

grunn av nervøsitet eller at ho følte seg dårleg.

– Livet er så stort at ein kamp til og frå ikkje har så mykje å seie. Klubben og laget er større enn berre meg. Det er mange slike ting du må laere deg å tenke, seier ho.

Før kunne 22-åringen ta med seg dårlege erfaringar frå handballba­na inn i neste kamp. Slik er det ikkje no lenger. Når dommaren bles av kampen, er den ferdig. Så sett gjerne bakspelare­n seg og ser på video for å analysere prestasjon­en i ettertid.

Men éin ting er forandra. No tenkjer ho ikkje lenger at det var dårleg at ho bomma. Ho vil heller laere seg kvifor feila skjer.

– Eg tenkjer heller korleis eg kan bruke denne kampen på å bli betre. Uansett kor god kamp eg gjer, vil eg gjere det endå litt betre. Eg kan spele gode kampar og tenke på den eine bommen eg hadde eller den eine gongen eg blei gått av i forsvar. Det skal eg bli flinkare på òg, av og til var det ein heilt grei dag.

Ufarleggje­re

Steffen Stegavik har vore opptatt av å ufarleggje­re. Når du bommar, skal du ikkje tenke så mykje på det, men gå på neste ball. Han trur den tankegange­n kjem frå tida han sjølv var aktiv handballsp­elar.

Han er også opptatt av å skape tryggleik. Det byggjer prestasjon, meiner han. Samstundes kan trenaren opne kjeften høgt, som han seier, men då føler han det er berretiga.

– Alle mislukkast i løpet av ein sesong. Alle spelar dårlege kampar. Kva kan vi gjere med det? Ingenting der og då. Det er berre å kome på ein ny kamp. Så lenge spelarane står på bana for meg, har eg trua på dei. Då skal dei gjere det dei er sett for å gjere. Kristina har skotet. Då skal ho halde fram å skyte. Meiner eg ho ikkje lukkast lenger, sett eg ho på benken, seier han.

Trenaren legg ikkje skjul på at han har jobba mykje med Novak. Mykje fordi ambisjonan­e til bakspelare­n er store.

– Det er lett å gje litt ekstra tilbakemel­dingar til ein spelar som viser så mykje og vil så mykje.

– Blir ikkje heilt som no

Etter dei gode prestasjon­ane det siste året har Novak fått meir merksemd. Når laget spelar TVkampar, er det ho som blir intervjua. Fleire vil snakke med 22åringen. Trenaren meiner det auka trykket må leggast vekk i kampar.

Nøkkelen ligg i å halde fram med tinga du har lukkast med tidlegare.

– Sjølv om du er på landslaget, er det ikkje slik at du har blitt mykje betre enn veka før du reiste på samling. Det er om å gjere å halde på dei enkle tinga og ikkje tru du skal gjere noko ekstra. Det er den fella som er vanskeleg å gå i. Du må litt tilbake til det du gjorde som fekk deg på landslaget. Det er godt nok etterpå òg, seier Stegavik.

Novak sjølv er klar på at Stegavik har betydd mykje for hennar utvikling. 22-åringen legg ikkje skjul på at ambisjonan­e er store, og at ho før eller seinare vil ta steget ut i den store handballve­rda.

– Ein dag skal eg ikkje ha Steffen som står bak meg. Det kan vere eg skal ha ein trenar som skrik meg i hel eller hiv meg ut av laget viss eg ikkje presterer. Då veit eg kor viktig denne perioden har vore. Eg trur den dagen eg vel å reise frå Sola, har eg sjølv og Steffen førebudd meg på at det ikkje blir heilt som no, seier Novak.

 ?? BEATE OMA DAHLE / NTB ?? Kristina Novak fekk sine første meisterska­psminutt og mål då ho debuterte i EM for det norske landslaget i november.
BEATE OMA DAHLE / NTB Kristina Novak fekk sine første meisterska­psminutt og mål då ho debuterte i EM for det norske landslaget i november.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway