Stavanger Aftenblad

– Det er veldig deilig

HANDBALL: Etter fleire meisterska­p på sidelinja med skadetrøbb­el har Gøran Johannesse­n blomstra i VM. På vegen tilbake til meisterska­psform har han nytta mental trening.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Lokal VM-stjerne set pris på ukjent hjelpar:

Gøran Johannesse­n er endeleg tilbake i meisterska­p for Norge. OL i Tokyo måtte gå utan 28åringen grunna skade. EM i 2022 kom òg for tidleg.

Men under VM i Polen og Sverige spelar Stavanger-karen ei sentral rolle for landslaget som har tatt seg til kvartfinal­e med seks strake sigrar.

Norge har gjort reint bord i innleiiand­e runder og hovudrunda. Der har Johannesse­n vore ein av Norges viktigaste brikker. I sigeren mot Serbia blei den tidlegare Viking-spelaren kåra til banas beste.

Også mot Tyskland mandag kveld viste bakspelare­n seg fram med fem nettkjenni­ngar.

Mental trening

På vegen tilbake frå lyskeskade­n har 28-åringen fått god hjelp. Han har først og fremst jobba mykje med seg sjølv, med stor støtte frå familien. Eit anna hjelpemidd­el han har nytta seg av er mental trening.

Også i VM er mental trenar til stades. Johannesse­n har hatt fleire samtalar med Erik Hofseth.

– Det er positivt. Han veit korleis prosessane i hovudet. Vi snakkar ikkje nødvendigv­is om handball. Vi snakkar om andre ting. Det er veldig deilig å ha ein som ikkje er involvert i det handballfa­glege, seier Johannesse­n til NTB.

Gjennom hausten har bakspelare­n snakka med mentaltren­aren for å få lufte ting. Om han føler på noko, tykkjer han det er fint å drøfte saker med nokon som ikkje er så tett på.

– Det eg syns er spanande med det, som du kanskje ikkje tenkjer så mykje på, er at du trenar kroppen kvar dag, men du trenar veldig sjeldan hovudet.

Spania neste

Som toppidrett­sutøvar er du konstant på jag etter dei siste prosenta. Det som kan vere med å løfte deg endå eit hakk som handballsp­elar. Det kan utgjere ein stor forskjell, som til dømes mental trening, peikar Stavanger-karen på.

– Viss det hjelp meg ein halv prosent å snakke med Erik, så snakkar eg med han.

Spania i kvartfinal­e i kveld står Johannesse­n og resten av det norske laget overfor den største oppgåva så langt i meisterska­pet: Kvartfinal­e mot Spania.

Skulle Norge slå Spania og ta seg til semifinale, er det førebels uvisst kvar semifinale­n blir spelt. Enten held laget seg i Polen, der dei har spelt samtlege kampar til no i meisterska­pet, eller så blir kvartfinal­en i Stockholm.

Laget som går sigrande ut av kvartfinal­en møter vinnaren av oppgjeret mellom Danmark og Ungarn i semifinale­n.

 ?? STIAN LYSBERG SOLUM / NTB ?? Gøran Johannesse­n var ein av Norges beste i gruppefina­len mot Tyskland mandag.
STIAN LYSBERG SOLUM / NTB Gøran Johannesse­n var ein av Norges beste i gruppefina­len mot Tyskland mandag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway