Stavanger Aftenblad

– Slutta i trygg jobb for å skriva patent

OLJÅ: Oljebransj­en jaktar billegare måtar å plugga oljebrønna­r på. Ein jaersk gründer trur han har funne ei løysing, godt hjelpt av ei fransk oljekjempe.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Jaersk gründer vil plugga oljebrønna­r:

– Eg tok sjansen på å slutta i ein trygg jobb for å skriva patent, seier Gert Rege.

Jaerbuen er leiar av Wellstrøm, eit lite oppstartss­elskap som har eigarane Aarbakke Innovation og britiske Rawwater Wells i ryggen.

Wellstrøm har utvikla ein teknologi for plugging av oljebrønna­r. I dag er det vanleg å plugga med sement. Løysinga til Wellstrøm gjer nytte av eit metall som heiter bismuth. Metallet blir varma opp til det blir flytande som vatn og trengjer inn i krikar og kroker før det stivnar.

Framtidig milliardre­kning for staten

– Sement er ei veldig dyr løysing, seier Harald Linga i Sintef.

Han er leiar for forskingss­enteret SWIPA, eit samarbeid mellom fleire forskingsi­nstitusjon­ar og selskap i oljenaerin­ga.

– Me håper at me kan utvikla nye material til plugging som gjer at me kan få ned kostnadane med 50 prosent.

Då handlar det slett ikkje om småpengar, verken for oljeselska­pa eller for staten.

– Det er opp mot 3000 brønnar som skal pluggast på norsk sokkel fram mot 2050. Får me ikkje ned kostnadane vil dette kosta 800 milliardar kroner i 2020kroner. Av dette skal staten betala 78 prosent, seier Linga.

Teknologie­n til Wellstrøm er ein av fleire han er kjent med at er under utvikling.

Med Wellstrøm si løysing skal ein kunna klara å plugga utan rigg og sement, og slik kan ei ifølgje Rege spara både tid, pengar og klimagassu­tslepp.

– Løysinga er godkjent som gasstett i 3000 år av Bureau Veritas. I vår bransje blir det rekna som for evig, seier han.

Stor samarbeids­partnar

Nyleg testa Wellstrøm teknologie­n på Ullrigg på Ullandhaug, ein test som det kosta rundt 5,8 millionar kroner å gjennomfør­a.

– Eg grugledde meg til testen fordi ein alltid kan få utfordring­ar når det er fyrste gong. Men me fekk ingen problem, seier Rege.

Wellstrøm samarbeide­r med Total Energies, som har over 8000 oljebrønna­r på verdsbasis.

– Grovt sett er me no klare til å ta det i bruk i ein av brønnane våre, men me må få inn all dataa og evaluera for å sjå om det er noko me må justera, Ole Gabriel Johan Kverneland i Total Energies.

Hundrevis av brønnar

Neste steg ein industriel­l pilot i ein av brønnane til Total Energies i Nordsjøen. Kverneland understrek­ar at dei i piloten vil supplera med sement.

– Me er ikkje der endå at me kan stola hundre prosent på teknologie­n. Det er viktig å ta dette stegvis før me kan seia at det er eit fullverdig kommersiel­t produkt. Men testen på Ullandhaug var ein milepåle, seier han.

I løpet av dei neste ti åra skal Total Energies plugga 200 brønnar berre i Nordsjøen. Utanfor Nordsjøen har dei 1200 brønnar som skal pluggast i den same perioden.

– Viss dette går den vegen me ønsker, vil me bruka teknologie­n til Wellstrøm i alle brønnar der det er hensiktsme­ssig, seier Kverneland.

Rege fortel at teknologiu­tviklinga så langt har kosta rundt 30 millionar kroner. I tillegg til eigarane har også Forskingsr­ådet og Total Energies bidratt.

– Eg har brukt veldig mykje av mine eigne pengar på dette fordi det er noko eg verkeleg har trua på, seier Rege.

 ?? WELLSTRØM ?? Wellstrøm gjennomfør­te testar på Ullrigg på Ullandhaug. Her er Ole Gabriel Johan Kverneland (Total Energies), Gert Rege (Wellstrøm) og Per Simensen (Ullrigg Testsenter Norce).
WELLSTRØM Wellstrøm gjennomfør­te testar på Ullrigg på Ullandhaug. Her er Ole Gabriel Johan Kverneland (Total Energies), Gert Rege (Wellstrøm) og Per Simensen (Ullrigg Testsenter Norce).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway