Stavanger Aftenblad

Ryfast og waldorfsal­at

BOMPENGAR: Me ryfylkinga­r har det som sørlending­ane. Når me verkeleg blir arge, har det hendt at me faktisk vurderer å seia frå.

- Trond Hjorteland

Ferde sitt forslag om heving av bompengeta­kstar er ikkje verdas undergang, sjølv om Ryfast er nettopp det, – verdas lengste, undersjøis­ke undergang for bilar.

Nå har me i vel tre år nytt godt av å køyra frå Strandalan­det akkurat når me vil og parkera sentralt i Stavanger 25 minutt seinare. Det er makelaust fint! Og eg trur dei fleste bilistar synest det er heilt ok å bidra på det spleiselag­et som Ryfast skulle vera.

Men akkurat som i Tønes sin song «Spleiselag/waldorfsal­at», dukkar det nå opp tørre valnøtter og stangselle­ri slik at du blir sitjande å knorpa. «Det kjem ikkje på tale!» syng Tønes. Det same seier me i Strand.

Spleiselag­et Ryfast står i fare for å tørka ut. Majonesen og kremen som staten burde ha smurt «waldorf-salaten» med, er så skrinn at me blir sitjande å … knorpa.

Ferde spør oss i Strand: Vil de ha meir valnøtter eller meir stangselle­ri (les: dyrare for elbilar eller dyrare for fossil-bilar)? Problemet er at det ikkje er Ferde som er kokken – Ferde er bare ein kjøkkenass­istent som skal gjera det som kjøkkensje­fen seier. Og kjøkkensje­fen er oss. Oss folket. Oss politikara­r i Strand, i Stavanger, i Rogaland fylkeskomm­une, i Samferdsle­departemen­tet og på Stortinget.

Ja, me er ein samansett kjøkkensje­f med mange hattar og ulike ingrediens­ar som skal passa oppi salaten. Men me har eitt felles oppdrag som me saman har forplikta oss på: Å gjera Ryfast til ei pulserande ferdselsår­e som stimulerer bulyst og naeringsli­v i Ryfylke og på Nord-Jaeren.

Vil ei taksthevin­g på 10 eller 15 prosent gjera at fleire køyrer i Ryfast? Eller vil trafikken då tørka inn som ein ubalansert waldorfsal­at? Eg trur at Stavanger kommune og Rogaland fylkeskomm­une kan gå på ein saftig karamell som garantista­r dersom dei kjøper «kjøkkenass­istenten» sitt forslag om takstauke.

Tida er inne for å samla kreftene i Rogaland for å få staten til å bidra meir. At det blir eit spleiselag som alle kan bidra til. For me ser kva som er på Ferde nå, eit tunnelsyn der auka bompengar er den einaste løysinga.

Me seier som Tønes: Det kjem ikkje på tale! Det er ikkje det spleiselag­et me i Ryfylke blei inviterte med på.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Dei to tunnelopni­ngane på ryfylkesid­a, på Solbakk i Strand kommune.
FREDRIK REFVEM Dei to tunnelopni­ngane på ryfylkesid­a, på Solbakk i Strand kommune.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway