Stavanger Aftenblad

Ambisiøs Munch-film

FILM: Sånn har du ikkje sett Edvard Munch på film før. Og det fungerer!

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

Munch

Kinopremie­re: 27.01.2023. Med: Anne Krigsvoll, Mattis Hermann Nyquist, Ola G. Furuseth, Alfred Ekker Strande, Jesper Christense­n, Anders Baasmo, Dennis Storhøi, Nader Khademi, Arthur Berning, Ida Elise Broch, Lise Carlehed, Gine Cornelia Pedersen, Hildegunn Riise. Sjanger: Drama / Biografi / Norsk. Regi: Henrik M. Dahlsbakke­n. Manus: Henrik M. Dahlsbakke­n, Mattis Herman Nyquist, Fredrik Høyer, Gine Cornelia Pedersen og Eivind Saether. Nasjonalit­et: Norge, 2023. Aldersgren­se: 12 år. Lengde: 1 time, 44 minutt.

Kan ein kvinneleg skodespela­r spela Norges mest berømte biletkunst­nar gjennom tidene? Kan den unge Edvard Munch plasserast i Berlin i vår eiga tid, der han kjempar – og mislukkast – som kunstnar?

Ja. I Henrik Martin Dahlsbakke­n nye, ambisiøse film «Munch» kan han det.

«Munch» er ikkje ein klassisk, kronologis­k biografisk film der ein fortel historia frå starten til slutten. Det er heller ikkje ein nesten like klassisk film der ein hoppar fram og tilbake i tid. «Munch» hoppar fram og tilbake i tid og vekslar mellom fire avgjerande periodar i målarens liv.

Men det er altså fire ulike forteljing­ar frå fire ulike punkt i målarens liv, forfatta av fire ulike manusforfa­ttarar, i fire ulike filmspråk og med fire ulike skodespela­rar i rolla som Edvard Munch. Alfred Ekker Strande spelar den 21 år gamle unge mannen som forelskar seg i ei gift kvinne ein sommar i Åsgårdstra­nd. Mattis Herman Nyquist spelar 30 år gamle Munch i kunstnarmi­ljøet i Berlin – men lagt til i dag. (Arthur Berning dukkar opp i rolla som Sigbjørn Obstfelder). Ola G. Furseth spelar 45 år gamle Munch på nervesanat­orium i København, mens Anne Krigsvold altså spelar den 80 år gamle kunstnaren heime på Ekely i Oslo.

Til saman teiknar desse fire forteljing­ane eit portrett av kunstnaren Edvard Munch. Av eit kunstnarsi­nn. Her kunne eg brukt mange klisjeord om kunstnarsi­nnet som sensitivt, uroleg, einsamt, ambisiøst og komplisert. Men alt dette viser Dahlsbakke­n – på ein ikkje klisjéakti­g måte. Her er rett og slett ein del interessan­te diskusjona­r rundt både kunst og liv, med godt manus og godt skodespel. Det er også visuelt flott og kreativt gjort, der Munchs eigen kunst tidvis dukkar meir eller mindre diskret opp.

Munch var ein ambisiøs biletkunst­nar. Dahlsbakke­n er ein ambisiøs filmkunstn­ar. Saman har dei laga ein ambisiøs kunstnarfi­lm vel verdt å sjå.

 ?? ?? Mattis Herman Nyquist spelar 30 år gamle Munch i kunstnarby­en Berlin.
Mattis Herman Nyquist spelar 30 år gamle Munch i kunstnarby­en Berlin.
 ?? ?? Alfred Ekker Strande spelar den 21 år gamle unge mannen som forelskar seg i ei gift kvinne.
Alfred Ekker Strande spelar den 21 år gamle unge mannen som forelskar seg i ei gift kvinne.
 ?? ?? Ola G. Furseth spelar 45 år gamle Munch på nervesanat­orium i København.
Ola G. Furseth spelar 45 år gamle Munch på nervesanat­orium i København.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway