Stavanger Aftenblad

Folk bør ta betre vare på seg sjølv enn bilen

- Torleiv Robberstad Pensjonert samfunnsme­disinar og helse- og sosialsjef

LEGEORDNIN­G: Fastlegete­nesta skulle gi «gode og likeverdig­e legetenest­er til hele befolkning­a – uavhengig av bustad». Men slik er det ikkje blitt. 214.000 nordmenn har ikkje fastlege, – 60 prosent fleire på eitt år -, og bare kvar åttande fastlegeli­ste er open.

Korleis står det til med helsetenes­ta di? Talet på fastlegehe­imlar utan fastlege er femdobla på ti år. Kvar kommune har plikt til å skaffe fastlege til sine innbyggjar­ar, og både fastlegete­nesta og kommunar flest er underfinan­sierte. I 2021 måtte fire av fem kommunar likevel subsidiere fastlegete­nesta si med 813 millionar kroner, – ei dobling på fire år.

Sør-Rogaland har no 332 fastlegar, men bare ni av dei har opne lister – ei halvering det siste året. Fem av dei er i Dalane, ein i Time, ein i Stavanger og to i Hjelmeland. Fastlegema­ngelen er størst der det bur flest folk.

Femteparte­n av fastlegane i sør-Rogaland har vikar i praksisen. Vikaren kan stø seg til kontinuite­ten i pasientjou­rnalen din for å gjere ein god jobb, mens «lausgjenga­rlegar» får same problema som legevaktle­gar i møte med ukjende pasientar. Dr. Dropin reklamerer med at dei «kan hjelpe deg med (…) de same problemsti­llingane en fastlege eller legevakt kan hjelpe deg med», men har ein forretning­smodell som fagleg sett ikkje når opp til fastlegeni­vå. Kontinuite­t er ein del av kvalitet. Den som har bil, plar halde seg til ein bilverksta­d, ikkje skifte for kvar service. Eg syns at folk flest bør ta betre vare på seg sjølv enn på bilen.

Dei fleste vikarane i sør-Rogaland er yngre kvinner, og dei siste ti åra har nesten heile nettoauken av fastlegar vore kvinner. Er ledige fastlegejo­bbar innretta slik at yngre, kvinnelege legar får nok lyst til å søkje dei? Dette burde vere elementaer­t.

Forventnin­gsgapa aukar, og samhandlin­gsreforma flytta mykje arbeid frå sjukehus til kommunar. Eldreomsor­g er eit kommunalt ansvar, som no står for fjerdepart­en av kommunen sine nettoutgif­ter. Men om åtte år er det 50 prosent fleire av oss over 80 år. Åtte år er bare to kommunesty­reperiodar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway