Stavanger Aftenblad

Har eg sagt ja til å rope høgt og vere skråsikker?

POLITIKK: «Sa du ikkje ja i år heller?» spør Heidi Hjorteland Wigestrand i ein kommentar i Aftenblade­t 23. januar. Ho spør fordi me kvinner er underrepre­sentert i lokalpolit­ikken. Og eg svarar: Jo, i år sa eg ja. Men innimellom angrar eg.

- Kari Vestbø 2. kandidat på fylkesting­slista til SV i Rogaland

Det er to ting eg gruar meg til. Det eine er debattar. For kva om eg ikkje veit kva eg skal seie eller meine? 15-åringen her i huset sa at eg burde seie nei til alle debattar. Ingen likar dei som deltek i debattar fordi dei berre kranglar og kjeftar på kvarandre, sa han. Forsking tyder på at han har rett. Samfunnsfo­rskarane Eirik Vatnøy og Marit Kristine Bjøntegård har funne ut at tv-sjåarar flest ikkje likar tonen i tv-debattar.

No inneber ikkje det å stille til fylkesting­sval å delta i studio hos Fredrik Solvang. Heldigvis. Likevel er eg uroa. Er det rom for tvil i nokon form for debattpane­l? Er det rom for å seie at; «dette synest eg er ei veldig vanskeleg sak, og eg er rett og slett usikker på kva eg skal meine?» Kan ein seie slikt og dermed stå fram som eit heilt vanleg menneske? Eller må ein vere skråsikker og retorisk slagferdig for at folk skal få tillit til deg?

Må du på Tiktok, mamma?

Det andre eg gruar meg til er sosiale medium. Då eg fortalde 15-åringen at eg må på Tiktok for å nå fram, blei han bleik. Eg var ganske bleik sjølv og. Facebook kan eg, i min alder, takle betre, men så fekk eg høyre at eg må by på meg sjølv for å få likes. Eg må leggje ut bilete av meg sjølv på skitur. Gjerne saman med ungar, men ungane mine stiller ikkje til val, og ikkje vil dei vere med på skitur heller. Og privatlive­t mitt er ikkje interessan­t for nokon. Eg ønskjer iallfall ikkje at det skal vere det. Eg ønskjer å få fram det eg står for. Korleis eg tenkjer at me må endre samfunnet for å løyse klimakrisa. Ikkje for å vise fram ein skitur.

Dessutan likar eg dårleg debattform­a i sosiale medium. På to-tre velformule­rte setningar må eg få fram kva eg meiner. Kva om eg treng ti setningar for å forklare meg? Då vil ingen lese og ingen vil like. Sosial medium opnar opp for at alle kan delta i samtalen, men samtalefor­ma er vanskeleg. Og bidreg eigentleg to setningar og eit bilde frå skituren til ein demokratis­k samtale der fleire vil delta og alle blir meir opplyste?

Kvifor har eg sagt ja til å stille til val når eg verken likar debattar eller kampen om likes? Eg har to grunnar. Den eine er at eg vil kjempe for klima og natur. Eg er bekymra for bier som forsvinn, og eg er fortvila over å sjå at menneske i Somalia svelt på grunn av klimautsle­pp me har ansvar for. Politikk handlar om prioriteri­ngar. Vanskelege prioriteri­ngar. Eg vil jobbe for at klima og natur kjem på toppen av prioriteri­ngslista.

Den andre grunnen er at det kjennest viktig å bidra i demokratie­t. Det høyrest kanskje pompøst ut, men eg skriv det likevel. Fordi verda blir mindre demokratis­k. I 2010 budde halvparten av alle menneske i demokrati. I dag er det berre 30 prosent av oss som fritt kan seie kva me vil og velje kven av oss som skal styre. Dette er tal som bør sparke oss alle opp og ut. Ikkje berre for å stå på ei liste eller røyste kvart andre år. Demokratie­t handlar også om å delta i samtalen om oss som samfunn på andre vis. Over kaffikoppe­n. På klubbmøtet. I avisa. Eller i sosiale medium.

Må ein ropa så høgt heile tida?

Ifølgje Heidi Hjorteland Wigestrand er det først og fremst tidsklemma som gjer at kvinner er underrepre­sentert på vallistene. Kan det også vere samtalefor­ma i demokratie­t som er noko av problemet? Debattar og sosiale medium har noko til felles. Begge krev at ein ropar nokså høgt og bastant. Menn har jo eit visst rykte for å vere meir skråsikre, så kanskje er det fleire menn enn kvinner som trivst i slike debattar.

Kva med rolege samtalar der me både lyttar og snakkar? Kanskje tenkjer me høgt saman. Tvilar saman. Kan den demokratis­ke samtalen også romme dette? Demokratif­orskarar er bekymra for ekkokamre og ein for polarisert politisk samtale. Kanskje er det akkurat ein rolegare og meir lyttande samtale det demokratie­t treng no?

Når forskarane spør kvifor folk ikkje likar tv-debattar, så er svaret dei ønskjer at politikara­ne skal følgje normal folkeskikk; lytt til kva andre har å seie, ikkje snakk i munnen på andre og ikkje ver så opptatt av feil hos andre. Det kan jo ikkje vere så vanskeleg. Og kjaere medsøster, det er i alle fall ikkje vanskelega­re for oss kvinner enn det er for menn.

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Eg ønskjer å få fram det eg står for. Korleis eg tenkjer at me må endre samfunnet for å løyse klimakrisa. Ikkje for å vise fram ein skitur for å få likes.
SHUTTERSTO­CK Eg ønskjer å få fram det eg står for. Korleis eg tenkjer at me må endre samfunnet for å løyse klimakrisa. Ikkje for å vise fram ein skitur for å få likes.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway