Stavanger Aftenblad

Elektrifis­ering har framleis usikker klimaeffek­t

ELEKTRIFIS­ERING: Kan oljeindust­rien basere seg på at streng klimapolit­ikk gjer elektrifis­ering interessan­t, samstundes som dette reduserer framtidige inntekter?

- Asbjørn Torvanger CICERO Senter for klimaforsk­ing

I eit debattinnl­egg i Stavanger Aftenblad 23. januar hevdar Berit Tennbakk, partnar i Thema Consulting Group, at kommentato­r Hilde Øvrebekk i sin artikkel 12. januar tek feil når det gjeld kritikken av Thema sin nye rapport ‘Elektrifis­ering av olje- og gassektore­n – har det global klimaeffek­t?’.

I det same debattinnl­egget står det at underteikn­a tek feil når det gjeld fleire av mine innvending­ar mot rapporten. Etter invitasjon frå Offshore Norge la eg fram mine kommentara­r på møtet der rapporten vart lansert 12. januar, og dessutan i diverse media same dag.

Eg har lest Thema sin rapport grundig og laga eit par rapportar om same tematikk for nokre år sidan. Thema sin rapport er interessan­t og nyttig, men den blir feilaktig framstilt og tolka som at den endeleg viser at elektrifis­ering av ein del olje- og gassinstal­lasjonar i Norge fører til store kutt av karbondiok­sid i Europa og globalt.

Graden av framtidstr­u spelar inn

Klimaeffek­ten av elektrifis­ering vil framleis avhenge av kva du tek med i analysen og trur om framtida. Det finst ingen fasit på kva du skal ta med i slike analysar, og eit svar i dag kan bli til eit anna svar i morgon. Sjølv om dei politiske ambisjonan­e om den grøne omstilling­a er svaert vidløftige i Norge og EU og mange marknadsak­tørar trur på dette, er det nok framleis stor uvisse knytt til sjansen for å nå desse måla.

Hovudprobl­emet med rammene for analysen er at den er for optimistis­k med omsyn til kor raskt Europa kan kvitte seg med fossil energi i kraftsekto­ren og i resten av samfunnet. Dette gjeld spesielt kol som ved forbrennin­g produserer mest karbondiok­sid. I dag er det stort sett kolkraft som kan produsere meir når etterspørs­elen går opp, eventuelt gasskraft dersom gassprisen ikkje er for høg.

På grunn av norsk tilkopling til kraftmarkn­aden i resten av Europa fører meir elektrifis­ering i Norge (og EU) til at utsleppa går opp i land med kolkraft. Dette er og vil vere situasjone­n lenge framover fordi Europa vil ha eit stort og veksande underskot på stabil fornybar kraftprodu­ksjon. Periodevis vil vi ha overskot på vindkraft, men flaskehals­en er den fossil-basert produksjon­en som mest slår inn når det er lite vindkraft.

Sats på noko sikrare

Elektrifis­ering av plattforme­r er berre eit av fleire tiltak i verktøykas­sa for å kutte klimagassu­tslepp. Vi må velje dei klimatilta­ka som har størst effekt i forhold til kostnaden og der effekten er minst usikker. Effektive klimaenerg­i -tiltak er for eksempel opprusting av norsk vasskraftp­roduksjon og massiv satsing på energieffe­ktiviserin­g.

Kvifor er ikkje nye og effektive gassturbin­ar med i analysen, der varmen blir brukt til prosessar på plattforma? Kvifor er ikkje gasskraftv­erk med karbonfang­st med som alternativ til elektrifis­ering av plattforme­r? Kvifor skal Norge elektrifis­ere desse plattforme­ne når vi samarbeide­r tett med EU i klimapolit­ikken og kan kjøpe klimakvota­r der. Desse er sannsynleg­vis billegare og har sikrare klimaeffek­t?

Analysen har med eit resonnemen­t om at meir gassekspor­t til EU vil ha ein ekstra klimaeffek­t fordi kvotesyste­met i EU vil bli stramma inn ettersom noko kol blir erstatta med gass. Dette kan skje, men effekten er usikker fordi ei slik endring i gassmarkna­den berre er ein av mange faktorar som kan påverke kvotemarkn­aden og klimapolit­ikken i EU framover.

Hydrogen vil minske klimaeffek­ten

Eit eksempel på at svaret avheng av kva som er teke med i analysen er at den legg vekt på at meir norsk gassekspor­t til EUland ved elektrifis­ering vil erstatte gassimport frå andre leverandør­ar, der lekkasjane frå gassrøyra er større enn i norske gassrøyr. Sidan metan er den dominerand­e komponente­n i naturgass, og har ein mykje sterkare oppvarming­seffekt enn karbondiok­sid, aukar dette den globale klimaeffek­ten av elektrifis­ering. Samstundes legg rapporten stor vekt på hydrogenpr­oduksjon for å lagre overskot på energi ved mykje vindkraft, som kan brukast til energi og drivstoff når det er lite vindkraft. Karbondiok­sidutslepp­a ved produksjon av hydrogen er med i analysen, men klimaeffek­ten av hydrogenle­kkasjar er ikkje med.

Ei stor satsing på hydrogen vil medføre ein del lekkasjar av hydrogen, som ny forsking viser er ein klimagass som har mange gonger større oppvarmand­e effekt enn karbondiok­sid, og dette vil redusere klimaeffek­ten av elektrifis­ering.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Elektrifis­ering av plattforme­r er berre eit av fleire tiltak i verktøykas­sa for å kutte klimagassu­tslepp. Vi må velje dei klimatilta­ka som har størst effekt, med tanke på kostnad.
JON INGEMUNDSE­N Elektrifis­ering av plattforme­r er berre eit av fleire tiltak i verktøykas­sa for å kutte klimagassu­tslepp. Vi må velje dei klimatilta­ka som har størst effekt, med tanke på kostnad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway