Stavanger Aftenblad

Ei lykt for min fot

-

DAGENS ORD: (Sal 119,101-105: "Eg held føtene borte frå vonde vegar så eg kan akta på ditt ord. Eg vik ikkje frå dine lover, for du rettleier meg. Kor søte dine ord er for ganen, betre enn honning i munnen. Eg får innsikt av dine påbod, difor hatar eg falske vegar. Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig".

Jesus såg menneske som andre oversåg. Han hadde fokus på kjaerleike­n og det einskilde mennesket. Difor oppdaga han dei som vart ekskludert­e. Han møtte menneska på deira heimebane, i kvardagen og heimemiljø­et deira. Dei vart møtt med nåde og kjaerleik, tilgjeving og ein ny start.

Eit av møta Jesus hadde, var med to blinde som sat i vegkanten og ropte: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» (Matt 20,30) eller om me skal seia det på gresk som bibelforte­ljinga vart skriven på: «Kyrie eleison». Eit rop om hjelp «høyr oss», «sjå oss».

Jesus stoppa opp og spurte «Kva vil de at eg skal gjera for dykk?»

Dette får meg til å tenkja på Kong Harald sin nyttårstal­e i 2022, der den kloke kongen vår kjem med nokre gode ord inn i ei tid der mange er meir uroleg for framtida. Han uttalte: «Det er en tid for å se hverandre nå.

Tenk om vi alle hver dag kunne spørre et menneske som kommer i vår vei: Hva kan jeg gjøre for deg?

Tenk hva det kunne føre til av gode opplevelse­r og øyeblikk! Det koster ingenting, bare litt hverdagsmo­t og ekstra omtanke.

Kanskje dette spørsmålet kunne vaere en lykt vi baerer med oss gjennom det nye året for å gi hverandre litt lys på mørke kvelder.» (Kong Haralds nyttårtale 2022)

Dette er gode ord å ta med seg inn i det nye året.

Salmisten seier det slik i dagens bibelord «Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig. (Sal 119,105)

 ?? PRIVAT ?? Ellen Nordtun, sokneprest i Hillevåg kirke, skriver dagens ord i februar.
PRIVAT Ellen Nordtun, sokneprest i Hillevåg kirke, skriver dagens ord i februar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway