Stavanger Aftenblad

I dag møter ho tvillingsø­stera i medaljekam­p

HÅNDBALL: Pappa Ronny Deila er eit kjent namn i norsk fotball. Onkel Sigurd Rushfeldt er den mestscoran­de fotballspe­laren i Eliteserie­n. Lenge såg det ut som om Live Rushfeldt Deila skulle gå same veg. I staden blomstrar ho på ein anna arena.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Live (23) er dottera til fotballpro­fil:

– Det er spesielt, men eg tenkjer ikkje så mykje på det i kampen. Det er meir før og etter. Eg skal gjere jobben min slik at ho ikkje kjem seg forbi meg.

Live Rushfeldt Deila ler litt når ho snakkar om det som ventar onsdag. Sola møter Molde i eliteserie­n. Ein nøkkelkamp for medaljejag­ande Sola. Med siger vil gultrøyene forsterke sin posisjon på bronseplas­s og skaffe seg ei luke til nettopp nabellnabo Molde.

For Live blir kampen ekstra spesiell. Tvillingsø­ster Thale står på motsett banehalvde­l. Store delar av livet har dei spelt på same lag for å saman stoppe motstandar­ane. Onsdag blir tonen ein anna.

– Undervegs i kampen er ho ein handballsp­elar. Eg tenkjer ikkje eg må vere forsiktig med ho. Det er meir at vi kollektivt må stoppe Molde som lag, då er

Thale ein sentral profil vi må stoppe, seier Deila.

Pappas fotspor

23-åringen er inne i sin andre sesong i Sola. Bakspelare­n har tatt store steg i løpet av opphaldet i klubben og vekse fram som ei svaert sentral brikke på laget som har tatt to strake medaljar i eliteserie­n.

Klubben har imponert i Europa og er førebels utan tap i europaliga-gruppespel­et.

At ho skulle ende opp som handballsp­elar var ikkje gitt. Fram til Deila starta på vidaregåan­de såg det lenge ut som ho skulle gå i pappa Ronny Deila sine fotspor og satse på fotballen.

Men ein ankelskade sette ein stoppar for karrieren på fotballban­a. Difor blei det handball, som også tvillingsø­ster Thale hadde bestemt seg for å satse på.

Alt som 17-åring fekk Live eliteserie­debuten for Glassverke­t. Søster Thale låg eit hakk føre. Siste året på vidaregåan­de skildes tvillingan­e. For første gong skulle dei spele for kvart sitt lag: Live på Skrim Kongsberg, Thale på Fredriksta­d.

– Det var litt rart, men eg trur vi hadde veldig godt av det. Det var deilig å få avstand. Eg trur ikkje folk skjønnar kor mykje vi var saman. Så startar ein å krangle veldig fort. Det er slike småting du irriterer deg over heile tida, seier Live.

Det gjekk ikkje lange tida før dei var gjenforent. Etter éin sesong frå kvarandre var begge

Fredriksta­d-spelarar. Der blei det to sesongar saman før vegane igjen skildes.

Thale valde Molde, Live fekk tilbod frå Sola. Hennar tidlegare trenar i Fredriksta­d snakka varmt om Steffen Stegavik. Han trudde ho kom til å passe godt inn i Solalaget. Pappa Ronny hadde òg samtalar med Sola-trenaren.

– Det var eit veldig lett val å velje Sola. Dei hadde ein plan, ein trenar og eg visste kva eg gjekk til. Steffen sa han henta meg som eit førsteval på venstrebac­k. Det var veldig tryggande å høyre, sjølv om eg visste eg måtte bevise at eg fortente å spele, fortel ho.

Tilbake der alt starta

I 2021 var ho tilbake i byen der handballka­rrieren starta. Det var

nemleg då pappa Ronny spelte for Viking, i 2005, at tvillingan­e gjekk på sine første handballtr­eningar.

Med ein pappa som var toppspelar, og etter kvart trenar, blei Live som liten introduser­t for toppidrett­slivet. Ho visste tidleg at ho ville satse på idretten og fekk oppleve idrettstil­vaeret på naert hald.

Det blei ein naturleg veg å gå. Ho kan ikkje hugse eit bestemt punkt der ho visste at satsinga hadde starta. Trening var tidleg ein naturleg del av kvardagen. Men det har aldri vore eit press frå verken mor eller far.

– Pappa har vore veldig streng med oss. Vi skal halde på med dette fordi vi syns det er kjekt, ikkje fordi mamma og pappa vil vi skal drive med idrett. Han har alltid sagt at den dagen du ikkje syns det er kjekt lenger, så sluttar du. Han blei heller aldri sur for at vi valde handball. Han var sjølvsagt nysgjerrig på kor langt spesielt eg kunne kome i fotball, sidan eg var naer å velje det, fortel Deila.

«Dottera til Deila»

– Korleis har «dottera til Deila»stempelet vore?

– Eg og Thale har snakka ein del om det. Då vi gjekk til Fredriksta­d var det «Ronny Deila si dotter skal spele for Fredriksta­d». Då blir vi sånn: Okei, greitt. Det er ein fotballby, vi skjønnar at folk vil klikke på det. Brått i meisterska­p fann nokon ut at Sigurd Rushfeldt er vår onkel. Då kom saka: «Fotballpro­filane Rushfeldt og Deila». Men eg skjønnar det jo.

No har vi starta å skape vårt eige namn, men det har vore veldig mykje, erkjenner ho.

Sjølv om ein kjent pappa tidvis har ført til auka merksemd, har aldri Live kjend på eit press på grunn av etternamne­t sitt.

23-åringen meiner Deilanamne­t berre har tilført positive ting med seg.

– Det hjelp kanskje for å få auga opp for oss. Folk forventar sjølvsagt vi skal vere til eit visst nivå, men eg føler ikkje eit press. Pappa har hatt mest suksess som trenar, så det er kanskje meir den biten: «Hjelp han dykk? Han er vel kjempevikt­ig?» Ja, han er viktig, men mamma er òg kjempevikt­ig og har tatt oppdragels­en mest. Han har vore veldig mykje vekke frå vi var 14 år då han flytta til Skottland, seier ho.

Tvillingfo­rdel

Ein viktig faktor for at både Live og Thale har tatt store steg på handballba­na, er fordi dei har hatt kvarandre, meiner Live.

– Eg trur vi pressar kvarandre opp. Vi snakkar omtrent kvar dag, både om handball, men òg om alt mogleg anna. Er ho frustrert over noko, kan eg gje ho mitt perspektiv. Kanskje ho er blind på sine eigne ting. Pappa er òg ein vi snakkar mykje med, men han skjønnar kanskje ikkje alt heilt. Han tenkjer veldig fotball i hovudet. For handballde­len er det fint å ha Thale, så ho kan forstå kva eg meiner.

Opnar for å bli i Sola

Kontrakten med Sola går ut etter sesongen, men Deila ser ikkje vekk frå at ho blir verande i den gule drakta også etter sesongens siste kamp.

– Eg har vore veldig tydeleg på at eg trivast her. Med mindre det ikkje følast rett å dra, vil eg bli. Men du veit aldri, vi gjer det bra i Europa. Eg har ikkje bestemt meg for noko. Eg har sagt til Steffen (Stegavik) at eg er veldig open for å bli, fortel ho.

Trenar Steffen Stegavik er veldig klar på at han ønskjer å ha med bakspelare­n vidare.

– I år er ho ein av dei viktigaste spelarane våre. Ho er blodseriøs på kvar trening. Ho er ein av dei spelarane som har same innsats uansett om det er kamp eller trening. Det baerer ho frukter av, seier Sola-trenaren.

Stegavik er ikkje i tvil om at Deila er ein komande landslagss­pelar, og meiner det er lave odds for at det blir eit nytt tvillingpa­r på landslaget dersom utviklinga held fram.

Sjølv drøymer 23-åringen om ei karriere på landslaget. Ekstra stas hadde det vore å stå der saman med tvillingsø­ster Thale som var med å ta EM-gull i november. Så har Live lyst å oppleve meir enn den norske ligaen.

– Det hadde vore veldig spanande å prøve andre ligaer. Både den danske og franske har eg lyst å spele i. Så er draumen eit meisterlig­agull. Men først må eg få spele i meisterlig­aen, seier ho med eit glimt i auget.

 ?? FREDRIK REFVEM ?? Live Rushfeldt Deila har funne seg godt til rette i Sola og har vekse til å bli ein svaert sentral spelar for laget som ligg på bronseplas­s i eliteserie­n.
FREDRIK REFVEM Live Rushfeldt Deila har funne seg godt til rette i Sola og har vekse til å bli ein svaert sentral spelar for laget som ligg på bronseplas­s i eliteserie­n.
 ?? JARLE AASLAND ?? Denne sesongen har 23-åringen tatt eit stort ansvar på bana for Sola, både i eliteserie­n og i europaliga­en.
JARLE AASLAND Denne sesongen har 23-åringen tatt eit stort ansvar på bana for Sola, både i eliteserie­n og i europaliga­en.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway