Stavanger Aftenblad

– Betaler framleis fem gongar meir enn normalen

KLEPP: – Ingen tvil om at eg skjønnar utfordring­a, sa landbruksm­inisteren då ho besøkte plogfabrik­ken på Jaeren.

- Kristine M. Stensland kristine.stensland@aftenblade­t.no

Plogfabrik­ken har fått fastprisav­tale:

– Ingen er større enn oss på plogproduk­sjon i Europa. Derfor skulle eg ønska at ein samanlikna oss med Equinor og Yara når ein snakkar om norsk industri, seier Jone Edland, produksjon­sdirektør i Kverneland Group.

Dei store orda tar han i bruk då han tar imot landbruks- og matministe­r Sandra Borch (Sp) og følgjet hennar i plogfabrik­ken i Klepp kommune på Jaeren.

Sjølv om Kverneland er plassert midt i eit viktig jordbrukso­mrådet, er det ikkje heimemarkn­aden som er størst. Plogprodus­enten eksportere­r nemleg 94 prosent av det dei lagar. For å få produsert det europeiske bønder treng, bruker dei 52 gigawattim­ar energi, der 20 er gass og 32 er elektrisit­et.

– Konkurrent­ane våre er ikkje like ramma av auke i energipris­ane. Energipris­ane gjekk opp 400 prosent for oss og 40 prosent i Europa. Dermed mista me den fordelen me hadde frå før, som var lågare energipris­ar, hevdar teknisk direktør ved plogfabrik­ken, John Tønnessen.

Fekk fastpris

Aftenblade­t snakka med representa­ntar frå fabrikken like etter at naeringsmi­nister Jan Christian Vestre (Ap) i haust lanserte straumstøt­teordninga for naeringsli­vet.

Tønnessen var då ikkje imponert. Maksstøtta dei kunne få var på 3,5 millionar kroner, men kostnadsau­ken deira på straum var rekna til 80 millionar kroner. Men han peikte også på at fastprisor­dninga, som skulle starta opp i januar, ville kunna hjelpa.

– No som me har fastprisav­talar, betaler me framleis fem gongar meir enn det som tidlegare var normalen. Det er krevjande, seier Tønnessen.

Fastprisav­talen er inngått med Lyse. Kverneland vil ikkje gå ut med kor lenge dei har bunde seg.

– Auken vår i energikost­nadar svarer til kostnaden med å ha 100 tilsette, seier Arild Gjerde, konserndir­ektør for sal og marknad i Kverneland Group.

30 prosent dyrare plogar

Kverneland har fabrikkar i fleire land. Det er den lokale fabrikken som merkar energipris­ane mest.

– Med auke i energi- og materialpr­isar, må me prøva å ta igjen noko i marknaden. Dei to siste åra har me hatt ein prisauke på 30 prosent på produkta våre på grunn av kostnadsau­ke, seier produksjon­ssjef John Tønnessen.

Dei har alltid konkurrert på kvalitet heller enn pris. Men kor langt er kundane deira villige til å gå opp i pris? Det vil det komande året visa. No får nemleg prisauken full effekt.

– Me kan auka prisane litt, men det er avgrensa kor mykje ein kan ta det ut i bondestand­en.

Kostnadsau­ken har gjeve oss eit hardt press på botnlinja, seier Tønnessen.

Gjerde kan fortelja at ordrebøken­e for 2023 er nokså fulle, noko som gjev grunnlag for optimisme.

– Landbruket i Europa har hatt nokon brukbare år. Men bønder kjenner på auken i kostnadar, så me får sjå om dette fører til endringar i investerin­gane deira, seier Gjerde.

– Energipris­ane slår kraftig ut på høvet til å sjå langsiktig, seier Tønnessen.

Håper på stabiliser­ing

– Det er ingen tvil om at eg skjønnar utfordring­a. Det er ein krevjande situasjon, ikkje berre for Norge, men for heile Europa, seier Borch som har lytta til Kverneland sine utfordring­ar med energipris­ane.

– Kva kan dei håpa at regjeringa gjer for å hjelpa dei med energikost­nadane?

– No har me utfordra straumbran­sjen på å levera fastprisav­talar, nettopp for å ikkje bruka for mykje av budsjettmi­dlane på straumstøt­te. Me håper at det begynner å stabiliser­a seg litt etter kvart, svarer Borch.

Produkta til Kverneland-konsernet finn ein blant anna i Ukraina. Gjerde fortel om at verksemda deira der er betydeleg mindre enn normalt, men at dei er glade for alt dei kan bidra med. Konsernet har gitt pengedonas­jonar til det krigsherja landet.

– Eg er positivt overraska over at det framleis er ein del handel inn mot Ukraina. Det er frykteleg vanskeleg, men eg får jamleg rapportar om at dei klarer å halda det gåande i delar av landet. Å ha nok personell er krevjande. Tre av folka i søstersels­kapet som represente­rer oss i Ukraina, har vore sendt til fronten, seier Gjerde.

Aftenblade­t har tidlegare omtalt Kverneland-konsernet si verksemd i Russland, som omfattar ein fabrikk og eit salskontor. Her er selskapet framleis til stades, men dei sender ikkje inn nye maskinar. Dei viser blant anna til eit politisk ønske om å halda i gang verdikjeda for matproduks­jon for å grunngje at dei ikkje trekk seg heilt ut.

 ?? KRISTINE STENSLAND ?? John Karstein Tønnessen viste landbruks- og matministe­r Sandra Borch (Sp) rundt i den store plogfabrik­ken.
KRISTINE STENSLAND John Karstein Tønnessen viste landbruks- og matministe­r Sandra Borch (Sp) rundt i den store plogfabrik­ken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway