Stavanger Aftenblad

Grunnrente på elsparkesy­klar er ingen god idé

GRUNNRENTE: I ein kommentar skreiv samfunnsøk­onom Ole Kvadsheim nyleg at Stavanger kommune burde auksjonere bort konsesjon til den sparkesykk­eloperatør­en som er villig til å betale mest i grunnrente­skatt. Forslaget er originalt, men viser manglande forstå

- Kristofer Olai Ravn Stavseng Samfunnsko­ntakt i Tier Norge

Først av alt vil eg trekke fram eit punkt der eg er heilt samd med Kvadsheim. Løyvet burde vare lengre enn det eine året, som er det vanlege i dag. El-sparkesykk­elen represente­rer eit smart og framtidsre­tta alternativ til privatbili­sme, som både forureinar og legg krav på store areal. OECDs internasjo­nale transportf­orum (ITF) slår fast at innan 2050 bør heile 60 prosent av trafikken i byar vere mikromobil­itet. Difor bør regulering­a vere føreseiele­g.

Delt mikromobil­itet er framleis eit relativt nytt konsept. Det ser vi til dømes av korleis regulering­a varierer mellom kommunane. Det er bra at dette i stor grad er underlagt lokalt sjølvstyre, men vi ser enkelte utfordring­ar når det gjeld finansieri­ng. Dette vart tematisert under fjorårets Kollektivk­onferanse, der det gjekk fram at måten fleire kommunar krev store gebyr for drift av mikromobil­itet, ikkje er berekrafti­g.

Ikkje store pengar i dette

Det er rett og slett ikkje veldig store pengar i elsparkesy­klar. Vi skaper arbeidspla­ssar, ikkje minst for sjåførar og teknikarar. Logistikk er kostbart. Vi har konkurrans­e mellom aktørane, og det er rimeleg nok ei grense for kva brukarane bør betale. Vi tilbyr eit grønt transporta­lternativ som bør vere tilgjengel­eg for flest mogleg. Likevel blir det meir og meir vanleg at kommunar lanserer anbod for elsparkesy­klar, der dei som får operere må betale eit stort gebyr etter sjølvkost. Det vil seie at vi dekker alle utgifter kommunen måtte ha.

Når ei kommune lyser ut eit anbod for elsparkesy­klar, er det svaert mange krav som skal bli møtt for å vinne. Vi skal vere klimanøytr­ale og vere effektive med opprydding, innhenting og reparering av sparkesykl­ar. Vi skal òg utvikle ny teknologi. Men kvalitet kjem med ein kostnad. Eg fryktar kva tilbod vi hadde fått dersom det viktigaste premissen for eit anbod hadde vore kor mykje pengar vi kunne gitt kommunen. Dersom konkurrans­en skal handle om at aktørane skal by over kvarandre i ein auksjon, er risikoen stor for at det går utover tilbodet. Konkurrans­en bør handle om teknologi og praksisar som hjelper innbyggara­ne og byen. Det handlar om tryggleik og mobilitet i ei røynd der vi freistar kutte utslepp.

Kvalitet må komma først

Til slutt høyrest grunnrente­skatt i stor grad likt ut som ei gategrunns­leige, noko som vart heftig debattert våren 2021. Høgsterett slo fast at gategrunns­leige for elsparkesy­klar var forbode. Difor kan grunnrente­skatt vere ulovleg på same måte, i alle fall utan at Stortinget vedtar ei lovendring.

For å summere opp, synest vi det er spennande med forslag om finansieri­nga av delt mikromobil­itet, og korleis vi som bransje kan bidra til fellesskap­en. Men i skjeringsp­unktet mellom samfunnsøk­onomi og bedriftsøk­onomi, heng dette forslaget dessverre dårleg saman. I utgangspun­ktet er det lite å hente, og vi har svaert høge utgifter som det er, enten til det offentlege, eller som ein konsekvens av statleg regulering. Det aller viktigaste er at vi aldri kan slutte å legge vekt på kvalitet, verken når det kjem til regulering, normer eller teknologi. Vi skal kutte utslepp, og då må vi dra i same retning for å gjere det lett å ta smarte val – som til dømes elsparkesy­kkel.

 ?? ANNIKA BYRDE / NTB ?? I skjeringsp­unktet mellom samfunnsøk­onomi og bedriftsøk­onomi, heng forslaget om grunnrente­skatt på elsparkesy­klar dessverre dårleg saman.
ANNIKA BYRDE / NTB I skjeringsp­unktet mellom samfunnsøk­onomi og bedriftsøk­onomi, heng forslaget om grunnrente­skatt på elsparkesy­klar dessverre dårleg saman.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway