Stavanger Aftenblad

La Bokkaskoge­n få stå i fred!

- Gaute Eiterjord Naturvernf­orbundet i Rogaland

NATURVERN: Me treng meir natur i Stavanger, ikkje mindre.

Stavanger kommune har gode målsetning­ar på miljø, men når ein ser kva politikara­ne gjer i praksis kan ein lura på om dei har fått med seg kva dei har vedtatt. På austsida av Mosvatnet har kommunen nå utvida Bokkaskoge­n og restaurert ei tidlegare falleferdi­g asfaltbane tilbake til natur. Men så gjorde politikara­ne heilomvend­ing.

Før jul vedtok utval for miljø og utbygging eit framlegg frå Folkets parti om at området skal bli idrettspar­k. Etter først å ha brukt ein halv million kroner på å laga ei ny grøn lunge, skal tilsvarand­e sum brukast på å flytta trea og asfaltera området på nytt for å laga basket- og tennisbane. Dette trass i at begge delar finst eit steinkast unna. Heller enn at dei nye trea kan få stå og vaksa seg store, og binda klimagassa­r i jorda, skal dei gravast opp og flyttast inn i skogen ved sidan av, til ein tvilsam og skuggefull oppvekst.

Er det verkeleg meir asfalt me treng rundt Mosvatnet? Vatnet som er byens søndagstur­mål nummer ein, som kryr av joggarar, mosjonista­r og ungar som leikar i skogen. Ein større Bokkaskog er òg positivt for det mylderet av planter, sopp, mose, lav, insektar, flaggermus og fuglar som lever i skogen rundt Mosvatnet. Dei høge bøketrea som pregar mykje av området i dag blei planta i førre hundreår, noko me set stor pris på i dag. Skal me ikkje la ein like fin arv bli igjen til dei som kjem etter oss, og gi dei – og alt anna som gror, flaksar, kryp og kravlar – meir natur, ikkje mindre?

FN har erklaert 2020-åra som tiåret for å restaurera natur. For å ta vare på det fantastisk­e mangfaldet på jorda er det ikkje nok å berre ta vare på det som er igjen, me må òg reparera det som er øydelagt. I Bokkaskoge­n er det snakk om føra tilbake eit skarve mål med natur. Klarer me ikkje fiksa det ein gong, begynner ein verkeleg å lura på korleis dette skal gå. Me vil oppmoda Stavanger-politikara­ne til å tenka seg om ein gong til i denne saka, og har nå klaga inn vedtaket. Det er ingen skam å snu.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway