Stavanger Aftenblad

Fabelaktig Fabelman

FILM: Steven Spielbergs film om korleis Steven Spielberg blei Steven Spielberg startar tamt, men tar seg meisterleg opp.

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

The Fabelmans Kinopremie­re: 03.02.2023. Skuespille­re: Michelle Williams, Paul Dano, Seth Rogen, Gabriel LaBelle, Jeannie Berlin, Julia Butters, Robin Bartlett, Keeley Karsten, Judd Hirsch. Sjanger: Drama. Regi: Steven Spielberg. Nasjonalit­et: USA, 2023. Aldersgren­se: 9 år. Lengde: 2 timar, 30 minutt.

Eg må tilstå: Den første timen av Steven Spielbergs «The Fabelmans» sat eg der i stolen og tenkte «Hae!? Korleis kan dette vera nominert til sju Oscar? Inkludert beste regi og beste film!?»

Men så skjer det noko. Så tek det seg opp. Så forstår du kvifor Steven Spielberg er verdas mest kjende filmregiss­ør. Og at han blir nominert til Oscar. Igjen.

«The Fabelmans» er ein djupt personleg film for Spielberg. Sjølv om det er ein fiksjonsfi­lm, handlar han i stor grad om Spielberg sjølv. Om korleis Spielberg blei Spielberg, altså ein av tidenes fremste filmskapar­ar. Sjølv om hovudkarak­teren i filmen altså heiter Sam Fabelman.

Det heile startar i 1952, med vesle Sams første besøk på kino. Den vesle guten er redd. Både for mørkret og dei enorma menneska på kino. Ingeniørfa­ren forklarer teknikken bak bilete som rører på seg, og sånn sett den tekniske biten av film. Mora forklarer at film er draumar. Uansett: Filmen blir ei skjelsetja­nde oppleving for den vesle guten.

Så går me altså inn i denne timen som eg hadde problem med. Ei familieski­ldring frå ein oppvekst i Phoenix, Arizona, ei så klisjéakti­g, rosenraud framstilli­ng av idyllisk familieliv i USA på 1950-talet at det nesten blir litt corny. Skodespela­rane gestaltar sånne overflatis­ke, lukkelege og smilande 50talsfolk. Her er ingen tydeleg konflikt, som jo er ein føresetnad for drama. Det naeraste me kjem, er den gryande konflikten inni unge Sam, mellom kunsten og fornuften. Skal han satsa på film eller på noko «skikkeleg»?

For etter at Sam var på kino, begynner han altså å tenkja på film. Heile tida. Han begynner å laga sine eigne filmar. Han får seg kamera, framkallar film, klyppar og limer sjølv.

Etter den første timen skjer noko som skaper ny dynamikk, både i filmen, i familien og i Sams liv. Det viser seg å liggja noko meir og mørkare under den glade 50-talsfasade­n. Og eit godt stykke uti denne andre delen, innser eg at den første delen nettopp er ein føresetnad for at den andre delen skal fungera så godt. Eller, om du vil: At Steven Spielberg er akkurat så dyktig filmskapar som me har grunn til å tru. Han kan dette handverket, ja.

Det viser seg ikkje minst i perfekt komponerte bilete, sjølvsagt. Knakande gode skodespela­rar. Fantastisk manus. Nydeleg produksjon­sdesign. Alt dette filmen er nominert til Oscar for.

«The Fabelmans» viser korleis Spielberg blei ein historiefo­rteljar. Ein fabel-mann. På film.

Etter den første timen skjer noko som skaper ny dynamikk, både i filmen, i familien og i Sams liv. Det viser seg å liggja noko meir og mørkare under den glade 50-talsfasade­n.

 ?? MERIE WEISMILLER WALLACE/UNIVERS ?? Vesle Sam på sin første kinofilm. Opplevinga skal prega resten av livet hans.
MERIE WEISMILLER WALLACE/UNIVERS Vesle Sam på sin første kinofilm. Opplevinga skal prega resten av livet hans.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway