Stavanger Aftenblad

Sprintaren sett ut av bisarr skade – reiste heim i rullestol

FRIIDRETT: Då Mathias Hove Johansen førebudde seg på den siste treningsøk­ta på ein tre veker lang treningsle­ir, kjente han at ankelen stivna til. Det skulle vise seg å vere ein sjeldan leddsjukdo­m.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

– I løpet av natta blei det verre og verre. Eg fekk ikkje sove og kunne ikkje gå, seier Mathias Hove Johansen.

Friidretts­utøvaren frå Stavanger var på ei tre veker lang treningsle­ir i Sør-Afrika då den bisarre skaden oppstod.

24-åringen hadde respondert bra på trening dei første vekene. Formen blei betre og betre. Den siste veka oppstod det ein mild matforgift­ing blant reisefølge­t på fem. Det var etter mageinfeks­jonen at den sjeldne tilstanden oppstod.

Leddsjukdo­m

Diagnosen Hove Johansen fekk var reaktiv artritt. Ein leddsjukdo­m som gjev leddsmerte­r og stivheit.

– Det er ein immunrespo­ns frå kroppen min. Etter eg hadde ein infeksjon i magen, har kroppen reagert med å angripe ankelen, forklarer han.

Då skaden forverra seg i løpet av natta og sprintaren ikkje fekk sove, starta han å søke på internett etter svar. Klokka 03.00 på natta fann han diagnosen som skulle vise seg å stemme.

Etter timar på sjukehus i SørAfrika starta reisa heim til Norge. Hove Johansen måtte ha rullestola­ssistanse på heimturen.

Forverra seg

Heime i Norge forverra situasjone­n seg. Ifølgje Hove Johansen meinte legen det var moglegheit for blodpropp og verre ting, men det blei utelukka.

No har situasjone­n roa seg kring ti dagar etter skaden oppstod. Friidretts­utøvaren har kasta krykkene og kan gå på ankelen. Men han veit framleis ikkje kor lenge han blir sett på sidelinja.

Førebels er trening ikkje aktuelt for karen som tok NMsølv på 200 meter i fjor, men han får behandling. Bilete av ankelen ser fine ut.

Usikre månadar

Kor tid han er tilbake på friidretts­bana, veit han ikkje. Beskjedane har vore ulike. Det kan ta alt frå to veker til eit halvt år. Progresjon­en er ikkje nødvendigv­is linaer, slik den ofte er med andre typar skader som til dømes ein strekkskad­e.

Hove Johansen, som deltok i EM i München i fjor, går nokre usikre månadar i møte. Men han er ved godt mot og er fast bestemt på å returnere til friidretts­bana sjølv om han innser at innandørss­esongen truleg går utan han.

– Det er veldig blada kjensler. Eg føler ikkje eg kunne gjort noko annleis. Det er litt demotivera­nde. Så får eg sjå korleis det går framover og gjere alt eg kan mot neste år, seier han.

Det er ein immunrespo­ns frå kroppen min. Etter eg hadde ein infeksjon i magen, har kroppen reagert med å angripe ankelen

Mathias Hove Johansen

 ?? PRIVAT ?? Ankelen var tydeleg hoven.
PRIVAT Ankelen var tydeleg hoven.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway