Stavanger Aftenblad

Sola må klare seg utan toppscorar­en i nøkkelkamp

HÅNDBALL: I dag kan Sola sikre kvartfinal­e i europaliga­en for andre år på rad. Då må dei slå eit ungarsk topplag utan Kristina Sirum Novak på bana.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

Ni kampar, ni sigrar. Slik ser Solas rekke ut i gruppespel­kampane i Europa. I fjor gjekk laget gjennom gruppespel­et med seks strake sigrar. Denne sesongen er laget godt på veg til å klare det same, men dei tøffaste oppgjera ventar.

Grytidleg i går sette laget kursen mot Ungarn og Debrecen for det som kan vise seg å bli ein nøkkelkamp i europaliga­en. Med siger vil nemleg Sola vere sikra kvartfinal­e for andre år på rad.

I Ungarn må gultrøyene klare seg utan toppscorar Kristina Sirum Novak som er ute med sjukdom. Trenar Steffen Stegavik fortel at dei ikkje tar nokre sjansar med reiseruta som ventar. Resten av spelarane er med til borteoppgj­eret.

– Vi går for å vinne uansett, same kva lag vi møter. Men det vil overraske meg endå meir enn før om vi tar sigeren her. Det blir eit litt anna spel for oss utan Kristina. Det viktigaste er å sette forsvaret. Det kjem til å bli ein fartsfylt kamp med mykje løping, seier trenaren.

Heksegryte

Sola viste svaert gode takter for to veker sidan då dei slo nettopp Debrecen på heimebane. Då starta laget utan Novak på bana, men høgrebacke­n kom inn i løpet av kampen.

Trenaren og laget er godt førebudde mot Debrecen og har mellom anna studert heimeoppgj­eret mellom laga. Stegavik meiner ungararane er hakket betre på heime- enn bortebane.

I Ungarn ventar ei «heksegryte» med elleville supportera­r på tribunen. Kring 30 mann frå Ungarn hadde tatt turen til Storhallen i heimeoppgj­eret og klarte å ta opp supporterk­ampen mot kring 1000 Sola-fans.

– Konstant høg lyd

– Vi har førebels ikkje tatt grep med tanke på lyden som ventar. Vi skal ha eit møte når vi er framme i Ungarn, slik at spelarane veit kva dei kan forvente. Eg håpar vi er betre førebudde enn mot Baia Mare. Då fekk vi ein reality check. Det blir konstant høg lyd, seier Stegavik.

I fjorårets kvartfinal­e i europaliga­en rauk Sola ut mot Baia Mare. Bortekampe­n gjekk ikkje som planlagt, og spelarane høyrde ikkje noko av det trenar Steffen Stegavik formidla grunna ekstrem støy i hallen.

Noko av det same ventar Sola på laurdag.

– Det blir veldig spanande. Eg har høyrt mykje ulikt. Det er berre å bli førebudd på å ikkje kunne snakke og bruke teikn. Det var det vi gjorde borte i Baia Mare, der vi heller ikkje kunne snakke, seier Live Rushfeldt Deila.

Onsdag viste Sola at dei kan spele godt sjølv utan toppscorar Novak. Mot Molde på bortebane tok gultrøyene ein krutsterk sjumålssig­er mot medaljeriv­alen.

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Kristina Sirum Novak er heime med sjukdom når Sola møter Debrecen i europaliga­en.
JON INGEMUNDSE­N Kristina Sirum Novak er heime med sjukdom når Sola møter Debrecen i europaliga­en.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway