Stavanger Aftenblad

Kor mange hender?

GJESTEKOMM­ENTAR: Utvikling og bruk av ny kunnskap kan lette børa for tilsette og gje ei betre helsetenes­te.

- Klaus Mohn Rektor og professor, Universite­tet i Stavanger

Me er mange som no følgjer med på krisa som tårnar seg opp i Helse-Noreg. Eg kjem ikkje unna tanken om ein katastrofe i sakte film. Med pressedekn­ing i sanntid ser ein umettelege behov og forventnin­gar i hard kamp med trong økonomi og utslitne tilsette, naer sagt minutt for minutt. Frustrasjo­nen går mot nye høgder – i sjukehusa, i kommunane, hos pasientar, pårørande og politikara­r.

No treng helsetenes­ta hjelp

Interessa var difor stor då Helseperso­nellkommis­jonen (HPK) sitt arbeid blei lagt fram for helseminis­teren sist veke. Sluttrappo­rten «Tid for handling» er tankevekka­nde lesnad. At den sterke veksten i helserelat­ert sysselsett­ing ikkje kan halde fram, er ein rimeleg premiss for politikken på feltet. Men at sysselsett­inga helst ikkje bør auke nemneverdi­g frå dagens nivå, kan ein verkeleg ikkje ta på alvor, uansett om andre delar av samfunnet og skulle trenge arbeidskra­ft.

Når ein veit at viktige delar av pasientgru­nnlaget vil doblast dei naermaste 20 åra, så ville uendra sysselsett­ing innebere at kvar tilsett i helsesekto­ren grovt sett må ta seg av dobbelt så mange pasientar som i dag. HPK tek mål av seg å gje ei realitetso­rientering, men ideen om at sysselsett­inga ikkje bør auke, minner meir om ein feberdraum.

Om potensiale­t for betring skulle vere så enormt, må det bety at produktivi­teten er nokså elendig i dag. For helseperso­nell som i dag er i kneståande, kjem attesten frå HPK om «vedvarande lav produktivi­tet» som eit slag under beltestade­n. Det er knappast den beste inspirasjo­nen til vidare forbetring.

Behovet er ubøyeleg

Utan store endringar i omfanget av sjukdom, er behovet for helsetenes­ter i hovudsak bestemt av storleik og samansetti­ng av folkesetna­den, og dessutan av krav til kvalitet og omfang på helsetenes­tene. Når talet på folk som er eldre enn 80 år doblar seg fram mot 2040, kjem ein ikkje unna at veldig mange fleire vil trenge helsetenes­ter. Det er vidare lite som tydar på at dei som er 60 år i dag, vil fire på krava til kvalitet og omfang.

At behovet for helsetenes­ter vil auke markant dei neste 20 åra, er på det naermaste sikkert. Dette vil auke behovet også for helseperso­nell. Med rimelege føresetnad­ar for demografi, kvalitet, omfang og produktivi­tet peikar framskrivi­ngar frå Statistisk sentralbyr­å mot trong for om lag 150.000 fleire helsetilse­tte i 2040.

Demografie­n ligg fast, og behovet for helseperso­nell kan dermed reduserast berre på tre måtar: Ein kan akseptere lågare kvalitet på tenestene, eller ein kan akseptere eit mindre omfattande tenestetil­bod, dvs. at faerre får tilgang til helsetenes­ter. Begge desse alternativ­a er lite realistisk­e. Det som står att er at helsetenes­ta blir meir produktiv, slik at ein kan greie seg med faerre tilsette per pasient.

Ny kunnskap kan lette børa

HPK set det aller meste av sin lit til ei betring i produktivi­teten. Her peikar ein på ei rekke faktorar og moglege tiltak, under tema som organiseri­ng, oppgåvedel­ing, digitalise­ring, prioriteri­ng, arbeidstid – og kompetanse. Universite­t og høgskular vil naturleg nok interesser­e seg spesielt for utviklinga av helserelat­ert kunnskap og kompetanse.

Utdannings­systemet for helsesekto­ren omfattar i dag 33 autorisert­e helseprofe­sjonar, med klare grenser for ansvar og arbeidsdel­ing. Systemet er prega av regelstyri­ng og rigiditet, og er modent for revisjon. Oppmjuking av regelverk og betre oppgåvedel­ing er truleg ein del av løysinga, til dømes ved at sjukepleia­rar overlèt fleire tradisjone­lle oppgåver til helsefagar­beidarar.

Men ein bør òg tenke nytt rundt utdanninga av helseperso­nell, og skape meir rom for samarbeid og samhandlin­g, innovasjon og nyskaping, teknologi og digitalise­ring, reorganise­ring og omstilling, logistikk og økonomisk motivasjon.

Konserveri­ng av historiske rettar og regelverk i utdannings­systemet kan elles verke hemmande på omstilling, etablering, nyskaping, entreprenø­rskap og innovasjon. Ei oppmjuking av slike strukturar ville gagne heile utdannings­systemet, heile helsetenes­ta og ikkje minst pasientane. Forbetring­ar av utdannings­systemet er som floa; ho løfter alle båtane.

Helseforsk­inga må leggast om

Det er gledeleg at HPK tek til orde for eit krafttak for forsking med sikte på å redusere behovet for helseperso­nell, og her kunne ein gjerne lagt til innovasjon. Når ein foreslår 500 millionar kroner i året til dette, er det likevel ikkje meir enn ti prosent av helseforsk­inga i dag.

Vel så viktig som eit tilskot er det at ein vågar å prioritere annleis i helseforsk­inga i dag. For det me no treng mest er ikkje meir klinisk forsking, men forsking på effektivis­ering av helsetenes­ta. Og ikkje minst må me bli betre på å ta forskinga i bruk. I dag går berre fem prosent av tildelinga­ne ved dei regionale helseføret­aka til helsetenes­teforsking. For å sikre det omslaget ein no treng, burde nye forskingsm­idlar bli konkurrans­eutsett gjennom Forskingsr­ådet.

Utfordring­ar og utsikter peikar mot eit større behov for helseperso­nell i åra som kjem. Noko av auken kan dempast om ein lykkast i å betre produktivi­teten. Til dette har HPK gitt eit godt fakta- og diskusjons­grunnlag. I omsettinga av HPK si realitetso­rientering til vidareutvi­kling og forbetring, kan utdanning, forsking og innovasjon gje ei klar retning.

For kjelda til betre kapasitet og ein betre kvardag for alle som arbeider i helsetenes­ta, ligg i utvikling og bruk av ny kunnskap.

Følg på Twitter: @mohnitor

At sysselsett­inga i helsevesen­et ikkje bør auke nemneverdi­g, kan ein verkeleg ikkje ta på alvor.

 ?? SHUTTERSTO­CK/NTB ?? Nei, vi vil trenge fleire sysselsett­e i helsevesen­et, skriv Klaus Mohn. Han avviser helseperso­nellkommis­jonen sin konklusjon om at talet på tilsette ikkje bør opp.
SHUTTERSTO­CK/NTB Nei, vi vil trenge fleire sysselsett­e i helsevesen­et, skriv Klaus Mohn. Han avviser helseperso­nellkommis­jonen sin konklusjon om at talet på tilsette ikkje bør opp.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway