Stavanger Aftenblad

Fylkesordf­øraren feilinform­er om kraft til ammoniakkf­abrikk

KRAFT: I Stavanger Aftenblad den 1 februar seier fylkesordf­øraren at det er eit overskot av kraft i Sauda som skal brukast til ammoniakkp­roduksjon. Det stemmer ikkje.

- Ivar Tangeraas Sauda

I Sauda brukar smelteverk­et alt nesten halvparten av krafta som vert produsert i kommunen. I tillegg kjem det alminneleg­e forbruket til hushaldnin­g og industri som også er betydeleg. Når me veit at ein ammoniakkf­abrikk i full produksjon kjem til å bruka 8–10 gonger meir kraft enn det smelteverk­et gjer, seier det seg sjølv at det berre er ein liten del av Saudas kraftovers­kot som er til «overs» og kan brukast i ammoniakkp­roduksjon. Kraftrekne­skapen til fylkesordf­øraren går ikkje opp.

Men, Sauda ligg godt til i sentralnet­tet slik at det er mogleg å få levert nok kraft om ammoniakkf­abrikken skulle bli realisert. Når det er sagt, er det store spørsmålet, kor skal denne krafta komma frå? Statnett sine prognosar fortel om underskot på kraft alt i 2026/27. Altså, før den straumsluk­ande ammoniakkf­abrikken har starta sin produksjon, er landet vårt i underskot på elektrisk kraft.

Kvar skal ein henta krafta?

Eg undrar meg på om fylkesordf­øraren har sett desse prognosane? Det kjem vidare svaert lite ny kraft på marknaden i Norge dei naeraste åra. Då er mitt spørsmål til fylkesordf­øraren, kor skal denne krafta hentast frå? I artikkelen i Aftenblade­t seier ho at det er betre å foredle krafta sjølv, enn å sende krafta med utanlandsk­ablane. Dette er å snu problemsti­llinga på hovudet.

Dersom Statnett sine prognosar er rette, legg me opp til ein stor import av straum for å halde liv i ammoniakkf­abrikken. Me veit kva auka etterspurn­ad etter ei vare betyr, det betyr høgare prisar. Og me veit også kven som får rekninga. Det er den norske forbrukare­n. Eller har fylkesordf­ørar Marianne Chesak andre planar for å dekke inn kraftunder­skotet? Er det fleire verna vassdrag som skal opnast for utbygging? Eller skal ein rasera endå meir av den norske naturen med gigantiske vindturbin­parkar? Har fylkesordf­øraren rekna på kor mange vindturbin­ar som må til for å gi ammoniakkf­abrikken i Sauda nok straum?

Stavanger Aftenblad har den siste tida vore opptekne av eigarskap i samband med utbygging av vindturbin­parkar. Avisa skriv at utbyggaran­e av store vindkrafta­nlegg er firma med ukjende eigarar registrert­e i skattepara­dis. I dag er 62 prosent av norske vindkrafta­nlegg eigd av utanlandsk­e selskap. Heile 76 prosent av planlagde anlegg er eigd av utanlandsk­e eigarar. Desse selskapa er ikkje i Norge for å driva velgjerd og hjelpa oss med å produsera meir «miljøvennl­eg» kraft. Dei er her utelukkand­e for å tena pengar.

Ammoniakk laga på kolkraft?

Desse selskapa bryr seg verken om miljø eller straumpris­ar, her er det profitt som tel. Er det desse aktørane fylkesordf­øraren ser for seg at skal forsyna oss med straum? Me ser nå at kolkraftve­rk i Europa blir fyrte opp igjen for å sikre nok straum. Dersom Statnett sine prognosar slår til og me får ein langvarig situasjon med mangel på straum, kan det fort vera denne typen straum som blir importert til å produsere «grøn» ammoniakk. Då er det all grunn til å spørja seg sjølv om kor grøn denne produksjon­en er.

Uttalen frå fylkesordf­øraren i Aftenblade­t er skuffande lite nyanserte, og gir etter mitt syn ikkje rett bilde av energisitu­asjonen, verken i Sauda eller i Norge. Kor ukjende eller kjende dei utanlandsk­e eigarane av Iverson eFuels er som vil byggja ammoniakkf­abrikken i Sauda er, har ikkje eg undersøkt, men eg kjenner meg trygg på at profitten fer til utlandet, medan me sit att med driten.

Kven må betale prisen, og kor går profitten?

Ivar Tangeraas er tidlegare fylkespoli­tikar for Høyre (red.anm.)

Eg undrar meg på om fylkesordf­øraren har sett desse prognosane? Det kjem vidare svaert lite ny kraft på marknaden i Norge dei naeraste åra.

 ?? TOR INGE JØSSANG ?? Kor ukjende eller kjende dei utanlandsk­e eigarane av Iverson eFuels er som vil byggja ammoniakkf­abrikken i Sauda er, har ikkje eg undersøkt, men eg kjenner meg trygg på at profitten fer til utlandet, skriv innsendare­n.
TOR INGE JØSSANG Kor ukjende eller kjende dei utanlandsk­e eigarane av Iverson eFuels er som vil byggja ammoniakkf­abrikken i Sauda er, har ikkje eg undersøkt, men eg kjenner meg trygg på at profitten fer til utlandet, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway