Stavanger Aftenblad

Ivar Meltvedt er død

-

MINNEORD: Ivar Meltvedt, Oslo, er død, 90 år gammal. Ivar var den siste av 52 søskenbarn Meltveit. Broren, Arne, døydde i oktober. Ivar utstråla ein genuin naerleik. Han var til stades. Han såg det enkelte mennesket. Han viste interesse for folk, og han var oppteken av røtene sine.

Me høyrde i barneåra om Gudmund Meltvedt, eldste bror til bestefar min, Olaus. Gudmund dreiv husdyr over fjellet frå Ryfylke til Kristiania og grunnla forretning­sverksemd der.

Racin, far til Ivar, var yngst av syskena og reiste 18 år gammal til Kristiania for å arbeida hos Gudmund og seinare hos Ole Lundervold frå Sauda. Racin overtok etter kvart Lundervold Eggforretn­ing A/S og endra etter krigen firmanamne­t til Racin Meltvedt. Ivar gjekk inn i firmaet i 1954.

På prestegard­en på Hjelmeland hadde me fleire slag dyr, også høns. Egga leverte me i øskjer det stod RM på, Racin Meltvedt egg en gros. Mange i Ryfylke og på Jaeren gjorde det same. Racin etablerte eit samarbeid med Tor Ree på Bryne. Egga vart pakka om der, før dei vart sende til Oslo.

Då Racin Meltvedt vart oppkjøpt av Norske Eggsentral­er, gjekk Ivar inn i leiinga der.

Bestefar og søskena hans var ni til saman: Gudmund, Anna Varland, Torfinn, Inger Hauge, Kristiane Mjølhus, Eliane Ness, Bertine Helgøy, Olaus og Racin.

Etter slektsstem­net på Vaulalid i 2010, var me mange som fornya og forsterka kjennskap og vennskap til slekt i Strand, på Jaeren, i Oslo og andre stader. Lars Salte si bok om Meltveit-slekta medverka sterkt til det.

Det var ei stor glede å bli naerare kjend med slekt i Oslo no dei siste åra. Før eg slutta på Stortinget hausten 2013, inviterte eg til omvising. Då kom det over 60 slektninga­r som hadde Austlandet som base.

Første kona til Ivar heitte Kristin Hauge og hadde røter frå Fister. Etter å ha levd åleine i mange år, budde Ivar dei siste 15 åra i lag med Anne Grethe Aronsen.

Det var nydeleg å registrera det sjeldent fine og naere forholdet mellom dei to.

Sommaren 2021 var Ivar og Arne på Helgøy. Dei ville visa sine naeraste eit sommarpara­dis alle fire søskena og familiane deira i si tid hadde vore ein del av. Familien min vart invitert med. Me fekk oppleva gjensynsgl­ede, tårer, latter og undring over kva slekta etter faster Bertine no har fått til på Helgøy.

Ei fullsett Ris kyrkje tok 11. januar farvel med Ivar. To barn, Bård Racin og Inger Johanna og familiane deira, lever att med mange gode minne. Me var 17 tremenning­ar i gravferda, seks av dei ni søskena Meltveit var represente­rte.

Sonen Bård Racin heldt ein gripande minnetale i kyrkja. Eg tek med ei setning: «Far elsket Ryfylke». Det trur eg han på.

Magnhild Meltveit Kleppa.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway