Stavanger Aftenblad

Europa-sigersrekk­ja broten i ungarsk heksegryte

HÅNDBALL: Sola hang lenge med i Ungarn, men klarte ikkje å ta sin tiande strake gruppespel­siger i Europaliga­en. Likevel har laget framleis gode sjansar for kvartfinal­ebillett.

- Mari Sollid Eide mari.sollid.eide@aftenblade­t.no

– Eg er i grunn fornøgd med gjennomfør­inga. Det er litt tilfeldig det blei tap med fire mål og ikkje to, det hadde sett betre ut. Vi sleit i angrep då vi begynte å bli slitne, men jamt over var det ein fin bortekamp, seier trenar Steffen Stegavik.

I Ungarn hadde Sola sjansen til å sikre avansement til kvartfinal­en i Europaliga­en. Då måtte Debrecen bli slått på heimebane.

Slik blei det derimot ikkje.

Sjølv om Sola lenge hang godt med, var det heimelaget som avslutta best og tok sigeren 25–21.

– Gode sjansar

Éin ting var likevel godt nytt for Sola, for firemålsta­p gjer at gultrøyene er føre Debrecen på innbyrdes oppgjer då dei vann med fem mål på heimebane.

Med to kampar igjen av gruppespel­et har Sola framleis alt i eigne hender. Dei to beste laga frå gruppa tar seg til kvartfinal­e, og etter laurdagens oppgjer står både Sola og Debrecen med seks poeng på topp av gruppa.

– Vi har gode sjansar for kvartfinal­e. Eg ser veldig positivt på det. Det er ekstra kjekt at det er så spanande. Vi kan avgjere det sjølv, seier Kristiane Knutsen.

Den rappe bakspelare­n var blant Solas toppscorar­ar med fire mål. I Ungarn hadde ikkje Sola med sin mestscoran­de spelar i

Europa i år. Kristina Sirum Novak var igjen heime med sjukdom, noko laget fekk kjenne på.

– Sjølvsagt er det ganske stor forskjell med og utan ho. Ho bankar inn mål. Med høgrehendt høgreback mistar vi litt flyt og spelar annleis. Vi blir påverka av at ho ikkje var med, seier Knutsen.

Heksegryte

På tribunen i Ungarn var det stappfullt av heimefans som visste å halde lydnivået høgt med massive heiarop. Supportera­ne kunne minne om Vikings Felt O der dei stod og hoppa med skjerf, store banner og vaiande flagg.

Ungararane opna best i eit forrykande tempo og var i føringa innleiings­vis. Men Sola klarte å stabiliser­e avstanden og let ikkje vertane stikke frå.

Halvvegs var laga like langt på stillinga 13–13.

Tekniske feil

Laga følgde kvarandre tett også etter kvilen. Heimepubli­kummet blei meir og meir frustrerte, og peip kraftig på kvar dommaravgj­ersle som gjekk mot Debrecen.

Utover i omgangen sleit Sola i angrep, kasta vekk ballen og fekk tekniske feil mot seg. Det utnytta vertane som gjekk opp i ei firemålsle­iing halvvegs i omgangen.

Sjølv om Sola klarte å naerme seg, stakk heimelaget ifrå på tampen. Då handla det meste om å avgrense tapet og halde avstanden under fem mål. Det klarte Sola, som måtte gje tapt 21–25.

To kampar står igjen for Sola i europaliga-gruppespel­et: Kroatiske Podravka på bortebane og danske Nykøbing heime i Storhallen. Med minst éin siger er det framleis gode sjansar for avansement.

 ?? JARLE AASLAND ?? Kristiane Knutsen og Sola møtte eit tøft ungarsk forsvar. Her frå oppgjeret i Storhallen mellom laga.
JARLE AASLAND Kristiane Knutsen og Sola møtte eit tøft ungarsk forsvar. Her frå oppgjeret i Storhallen mellom laga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway