Stavanger Aftenblad

Ei bru til ekstremism­en

GJESTEKOMM­ENTAR: Ein flamsk politikar forlèt parlamente­t. Ein flamsk ytre høgreaktiv­ist vender attende til aktivismen.

- Øyvind Strømmen Forfattar og journalist

Laurdag morgon trakk den flamske politikare­n Dries Van Langenhove seg som parlamenta­rikar. «Eg går ut av parlamente­t», sa han, under ein pressekonf­eranse, «men eg sluttar ikkje med politikk. Eg har alltid kjend meg meir som aktivist enn som politikar».

Dette er ei historie om kor kort vegen i blant er mellom den parlamenta­riske høgreradik­alismen og revolusjon­aere fantasiar, i eit stort parti, midt i hjarta av Europa.

Venar med skjold

For å fortelja den historia kan det vera nyttig å gå attende i tid, og å kryssa ei landegrens­e. Frå tidleg på 2010-talet av skaffa ytre høgre-gruppa Génération Identitair­e (Identitets­generasjon­en) seg mykje merksemd i Frankrike. Det gjorde dei både gjennom provokativ­e aksjonar og gjennom ein video der dei kom med det dei sjølv omtalte som ei krigserkla­ering mot 1968-arane.

Genération Identitair­e hadde ein slåande logo: den greske bokstaven lambda i gult på ein bakgrunn av svart. Ideologisk fokuserte dei på europeisk identitet. Dei lét seg mellom anna inspirera av nye høgre-tenkjaren Guillaume Faye. Faye er det langt frå urimeleg å omtala som nyfascist. Han går til angrep på det moderne Europa, meiner me står ved slutten av ein historisk syklus og at «barbarane» ikkje lenger står ved Europa sine portar, men i Europa sjølv. Målet hans? Å leggja til rette for «revolusjon­aer handling grunna i, men ikkje alltid knytt til tradisjon».

I 2021 vart Géneration Identitair­e forboden og tvangsoppl­øyst i Frankrike. Men før det hadde dei kasta av seg avleggjara­r i fleire land. Ein av avleggjara­ne var flamske Schield & Vrienden (Skjold og venar). Grunnleggj­aren var Dries Van Langenhove.

Det var ikkje til hinder for at han kunne stilla som uavhengig kandidat på lista til det høgreradik­ale partiet Vlaams Belang. Det skjedde ikkje før, men etter at Schield & Vrienden hadde hamna i hardt vaer.

På innsida

I september 2018 sende VRT – det flamske tilsvaret på NRK – ein dokumentar­reportasje om Schield & Vrienden (S&V). Reportasje­n synte korleis dei planla og gjennomfør­te konfronter­ande demonstras­jonar, korleis dei drev med trolling av politiske motstandar­ar på nett og korleis dei satsa på såkalla entryisme, å koma seg på innsida av etablerte organisasj­onar. Interessan­t nok synte den også korleis dei søkte kontakt med det ungarske regjerings­partiet Fidesz, kjent for å omskapa Ungarn til eit «illiberalt demokrati».

Alt dette hadde nok Schield & Vrienden lite imot at vart kjend i offentlegh­eita. Verre var det at dokumentar­en også synte korleis dei snakka i sine interne digitale forum. I det offentlege var dei pent kledde, unge vaksne som snakka om familiever­diar, flamsk identitet og det dei framstilte som eit positivt alternativ til politisk korrekt tenking. Internt delte dei djupt rasistiske memer, memer som forherliga nazismen og nedsetjand­e kommentara­r om både kvinner og minoriteta­r. Det inkluderte uforfalska antisemitt­isme. Då Dries Van Langenhove vert konfronter­t med det, nekta han for alt, og han påstod at det var forfalska.

I etterkant av reportasje­n starta belgisk politi etterforsk­ing av gruppa, på grunnlag av mistenkte brot på rasismelov­a, på den belgiske lova mot holocaust-fornekting og på våpenlover. I 2021 vart det teke ut tiltale, mellom anna mot Van Langenhove. Rettsprose­ssen er framleis pågåande.

«Heile etablissem­entet støtter pedofili»

Vlaams Belang ligg i dag skyhøgt på meiningsmå­lingane. I 2024 er målet regjerings­makt saman med det flamsk-nasjonalis­tiske sentrum–høgre-partiet NieuwVlaam­se Alliantie (N-VA), sjølv om dei sistnemnde – iallfall per no – har omtalt ein koalisjon som utelukka. Fleire analytikar­ar har peikt på at den uavhengige representa­nten Dries Van Langenhove og ein potensiell rasismedom mot han då er eit problem. Pieter Lesaffer i Nieuwsblad skriv at partiet lenge har vore på jakt etter «ein elegant exit» for Van Langenhove.

Ein omfattande artikkel i avisa De Standaard, publisert natt til laurdag, vart det perfekte høvet. Avisa har følgt Van Langenhove si gruppe på meldingsap­pen Telegram ein månad. Artikkelen synleggjer mellom anna korleis Van Langenhove har omfamna den boarsepara­tistiske byen Orania i Sør-Afrika, ein slags siste rest av apartheid, ein by berre for kvite. Ikkje berre det, han har flørta med idéen om noko tilsvarand­e i Flandern.

Artikkelen synleggjer også korleis Van Langenhove har skulda «heile etablissem­entet» for å «støtta pedofili», ei skulda som leier tankane både til det konspirasj­onsteoreti­ske QAnon-universite­t og – i belgisk samanheng – til dei mange komplottsk­uldingane knytt til den sjokkerand­e Dutroux-saka.

I årevis har Vlaams Belang ikkje hatt det minste problem med Van Langenhove. På pressekonf­eransen der han kunngjorde at han trekker seg frå parlamente­t, sat han stadig side om side med Vlaams Belang-leiar Tom Van Grieken, som ville «støtta han i denne vanskelege avgjersla», og som sa at dei stadig står saman i sin nasjonalis­tiske kamp. Van Langenhove har vore ei slags bru til ein meir ytterleggå­ande landskap.

«Ei bru for mykje», heiter det i eit flamsk ordtak om å gå for langt. Det skjedde til slutt.

Utad var dei pent kledde og snakka om familiever­diar. Internt gjekk det i nazisme og nedsetjand­e ytringar om kvinner og minoriteta­r.

 ?? VIRGINIA MAYO, AP/NTB ?? Høgreradik­ale Dries Van Langenhove, fotografer­t i 2019, har meir tru på aktivisme enn partipolit­ikk.
VIRGINIA MAYO, AP/NTB Høgreradik­ale Dries Van Langenhove, fotografer­t i 2019, har meir tru på aktivisme enn partipolit­ikk.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway