Stavanger Aftenblad

Nå brukar eg ikkje kokeboka lenger, no er det kodeboka som gjeld

DIGITALISE­RING: Nå er det slutt på å finna fram kokeboka, som eg brukte flittig før. Nå må eg følgja med i den digitale verda. No er det kodeboka som gjeld, der eg skriv fleire og fleire kodar og passord.

- Alvhild Austigard Steffensen Hafrsfjord

Det er sikkert ikkje lurt å skriva kodebok, ho må endeleg ikkje finnast av andre enn meg sjølv. Du skal ha alt dette i hovudet. Men, når ein er 80 år, det er fullt oppi hovudet, og limet der oppe er ikkje som før. Ja, kva gjer ein då? Eg skriv altså kodebok. Og så var det alle appane.

Klart at mykje av dette nye er bra. Eg ser på tv at menneskeko­ntakt i eldreomsor­ga skal erstattast med digitale tenester. Eg er ganske oppegåande nå, trur eg, men eg gruer meg for framtida. Eg har sjølv arbeidd innan eldreomåde­t i det meste av livet mitt, og eg veit at menneske har kontakt med andre levande menneske, ein å kunne gråte hos, ein som forstår at djupt i ditt hjarte står sjela og blør, at du er einsam og åleine. Dette får ein ikkje frå ein kald digital «dings» som fortel kva du skal gjera!

Hadde eg vunne i lotto?

Eg er blitt heilt døv, og det nyttar ikkje å bruke telefonen lenger. Då er e-post og SMS på telefonen umistande. Og så hadde eg ein Facebook- konto. Ein kveld fekk eg ei hyggeleg melding på Messenger frå Ida, ein tidlegare elev som eg har mykje kontakt med, me skreiv om kjende ting. Ho hadde teke nokre bilete ho ville senda meg på SMS og hadde ikkje nummeret mitt. Eg såg ikkje noko merkeleg med det, og det var spennande med bilde.

Men så hadde ho og eg vunne 13000 i eit lotteri, og ho måtte vite bankkontoe­n min for å føra over dei 6500 kronene som eg hadde vunne. Bjella ringde ikkje enno, men ho sa at lotteriet ikkje kunne bruka DnB. Hadde eg ikkje ein annan bank? «Ho» greidde å lura frå meg ein kode. Men så ringde ikkje berre bjella, men «sivilforsv­aret» sine sirener. Nå forstod eg.

Eg sa at eg gjekk ikkje lenger utan at «Ida» sa kva kjaerasten heitte, kor me to møttest første gongen, og kor ho budde. Svara ho ikkje på det, melde eg dette til politiet, skreiv eg. Då kom det ikkje fleire svar, men eg såg på SMS at banken hadde stengt kontoen min, det var uvedkomand­e som førsøkte å koma seg inn, og eg måtte ta kontakt med banken. Eg som ikkje høyrer i telefonen reiste til banken så tidleg eg kunne. Heldigvis hadde svindlaran­e ikkje fått tak i pengar. Så blei det nye kodar i kodeboka.

Og Facebook hadde stengt kontoen min. Eg har fått ny konto, med nytt passord og heile greia. Eg finn fram kodeboka og skriv. Men eg har laert, håper eg. Min tidlegare mann sa til meg» Tro ikkje, tro ikkje, menneskeba­rn! Tro ei deg selv, tro ei den anden, tro ikkje Gud, tro ikkje fanden, tro ikkje, tro ikkje, menneskeba­rn!»

Eg hugsar ikkje alle kodane

Det er ikkje første gong eg har blitt forsøkt svindla. Eg begynte å få telefonrek­ningar på mange tusen kroner. Eg skulle visst ha snakka med folk i Afrika. Ja ikkje berre eitt land, men mange. Telia forstod dette og sletta rekningane. Men dette varde i mest eit halvt år. Eg såg det kom telefonar frå Afrika, men tok dei aldri. Likevel kom det store rekningar som heldigvis blei sletta. Det gav seg ikkje før eg bad Telia om å sperra alle telefonar frå utlandet. Då fekk eg fred.

Men slik som andre, får eg dagleg søppelpost som eg hiv i søppelbøtt­a. Eg synest det er veldig vanskeleg å vera med på denne dansen, men det er nok kome for å bli, og raskare og raskare går det. Men for mange av oss er dette vanskeleg å halda orden på. Nå skal du tasta deg inn på., får ein beskjed om frå Nav, SKATT, HELFO …

Eg har ikkje Vipps! Vil ikkje ha meir, om dei seier det er aldri så lett og nyttig. Og alt det nye som stadig skal laerast? Kor skal ein få laera det, om ein ikkje har barn som kan hjelpe? Eg må ha kodebok. Men kvar skal eg gøyme den? Tjuvane veit om alle lure stadar. Ein må jo heller ikkje vera så lur at ein gløymer den lure staden sjølv. Kanskje eg skal gjera slik som ei gammal dame eg besøkte ein gong, ho hadde ei stor krukke med sukker, og der gøymde ho bankboka! Ja, kanskje det?

 ?? SHUTTERSTO­CK ?? Det er ikkje første gong eg har blitt forsøkt svindla. Eg begynte å få telefonrek­ningar på mange tusen kroner. Eg skulle visst ha snakka med folk i Afrika. Ja ikkje berre eitt land, men mange.
SHUTTERSTO­CK Det er ikkje første gong eg har blitt forsøkt svindla. Eg begynte å få telefonrek­ningar på mange tusen kroner. Eg skulle visst ha snakka med folk i Afrika. Ja ikkje berre eitt land, men mange.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway